tysdag 17. august 2010

Bakkar og hestar

Bakkane nedover frå hytta er bittelitt lenger enn eg hugsar. Det er dei kvart einaste år. Eg hugsar kvar helling, kvar stein, men eg trur alltid dei er litt færre. Men plutseleg ser ein eit sel, og so eitt til. To raude hestar - og ein svart liten ein. Kven er han, rekk ein å tenkja, før dei forsvinn att, bak ei helling. Men denne gong gjer det ikkje noko at ein mistar målet av syne, for no plaskar ein snart midt i Haugabekken, og so er ein der. I døri vinkar tanta, kring selet ligg geitene og tygg, og den steingale hunden kjem halsande oppover bakkane for å møta ein. Og slik når ein paradis.

I paradis må ein stå opp i sjutida - litt forsinka fordi geitene ikkje innfinn seg til mjølking. I paradis badar ein i iskald elv, og kjenner seg rein som aldri før. I paradis stivnar fingrane kring varme spenar, før dei vert vant til arbeidet og kvite mjølkestrålar susar i blå bøtte. I paradis brenn det alltid under kjelen. I paradis prøver ein ting ein ikkje kan, som å ysta og ri heim frå Flatebotn. Og i paradis er alle med på alt, sjølv den vesle svarte prinsen stikk hovudet inn døri for å få med seg moroa. Er det rart eg alltid må attende?

bilete: Aurlandsfjorden, over 1000 meter nedover
Eg på tolmodige Raui, vesle Skuggnir føre
Anne Karin og nysgjerrige Skuggnir 

3 kommentarer:

  1. Paradis høres flott ut, du.
    Det var et utrolig fint bilde av Anne Karin og Skuggnir!

    SvarSlett
  2. husk at eg har tinga eit signert eksemplar av reiseskildringane dine når dei kjem i bokform!

    SvarSlett
  3. Eg seie kje nei takk te ein tur dit ved ein passande anledning..:)

    SvarSlett