

Festen passa og Solrunn perfekt, med god og heimelaga mat i ungdomshuset under Supphellen, med masse kaker slik det høver seg eit gjestebod på Vestlandet, og dans til irske Andrea Rice ut i natta. For meg var det minst like moro at so mange av Gjengen var der, dansande og leande og klare for å feira at Sol endeleg er vorten vaksen - og me ikkje er blitt det.
Festen varte helgi til endes - men eg ga meg etter ein dag, og for til Øystøls og geiteflokken som venta der.
Bilete: Solrunn og Thomas, heilt ferske nygifte
Når blitzane vert for mange, er det godt å ha ein god forlovar å dela rampelyset med.
Frida, Monica, Hilde Oddny og Wiebke på veg til bryllaupsfest.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar