Viser innlegg med etiketten Tankespinn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tankespinn. Vis alle innlegg

måndag 9. mai 2011

Meg?

I helgi oppdaga eg at eg ikkje klarar å sjå føre meg meg på den andre sida av innleveringsfristen. Eg klarar ikkje å sjå føre meg livet mitt, kvardagen min, tilveret mitt. Eg klarar ikkje sjå føre meg venene mine, interessene mine, planane mine. Eg klarar ikkje å sjå føre meg personen meg. Eg håpar berre eg kjem til å vera der, ein eller annan stad.

laurdag 30. april 2011

SPINF

Eller Språk og informasjon, for dei som ikkje er på innsida.

Det er det eg har ein bachelor i, vert eg minna på med jamne mellomrom. I går vart eg minna på det att, når det noverande fagutvalet inviterte alle ni kull på alumnusfest i Ad Fontes, baren på HF. Både talar, undehaldning og mat sto på programmet, men vel so viktig var det at me fekk møtast og pratast, både på tvers av kull, på tvers av arbeidsoppgåver og ikkje minst me som studerte saman, som delte frustrasjonar og eksamenar og minner. Stor stas å sjå att fem av sju medstudentar i går!
Alle åtte SPINF-studentar frå kull 2008 med programstyremedlemmer og administrasjon på avslutningsmiddag på Lille Escalon våren 2008.
SPINF er eit typisk forsøk på å gjera noko nytt på universitetet. Med ei språkutdanning i botn og litt informasjonsfag og omsetjing på toppen, skulle me få andre impulsar enn dei reine språkstudentane. Arbeidsmarkanden fekk aldri skikkeleg opp augo for oss - det finst so mange kommunikasjonsutdanningar der ute - og universitet har bestemt at me er dyre i drift. Programmet vert lagt ned, men me som er utdanna er jo like flinke! Det er ikkje vanleg at ein universitetsstudent, utanom profesjonsstudia, har hatt praksis. Ikkje er det so vanleg med omsetjingsfag heller, eller utdanning i å skriva andre ting enn akademiske tekstar. Og so kan me jo det i tillegg! Me kan både forska, og formidla det. Eg kjenner eg vert litt oppgitt når eg høyrer om jobbsøking og avslag for medstudentane mine. Nokon må få opp augo og tilsetja han med nordisk i botn og mastergrad i pr og marknadsføring, han med japansk i botn og master i medievitskap, ho med spansk i botn og utdanning som teiknspråktolk. Ho med mastergrad i fransk, og oss med mastergrad i engelsk. Nei, me har ikkje fordjupa oss i kommunikasjonsarbeid, marknadsstrategi og pr (vel, ikkje alle av oss), men me har stor fagleg tyngde innanfor språk - og det er jo det ein kommuniserer med.

Eg vart inspirert i går. Inspirert til å tenkja på kva eg eigentleg kan, og kva eg vil. Framtida er lika open som før, men moglegheitane er der, i fleirtal. Eg gler meg til å ta fatt på dei. Og eg gler meg til neste gong SPINF kull 2008 samlast til nye latterkuler og lange samtalar.

Forresten, tidlegare studentar ved UiB vert oppmoda om å verta medlem av UiB Alumni. Ein idé for fleire?

tysdag 29. mars 2011

Val og framtidsplanar

Fysj! Særleg midt i masteroppgåva.
Problemet er altså hausten, og vegen vidare. Problemet er at eg har alt for mange val. Skal eg
- ta PPU og bli lærar?
- prøva å undervisa 100% på UiB?
- prøva å undervisa 50% på UiB og få ein annan jobb på si?
- undervisa 25% på UiB og ta religion (og kva skal eg no med religion, viss eg ikkje vil bli lærar? Vil eg det? I norsk, engelsk og religion? Eller berre norsk og engelsk? Kva religionsfag treng eg evt? Kva kan godkjennast frå Volda? Og når har eg tid til å finna ut dette?)
- få ein heilt annan jobb?
- legga meg under dyna og krypa fram att ein gong på nyåret?

torsdag 24. mars 2011

Gøymespel

Kvar gong eg ser han her undrar eg på om eg skal verta glad eller lei meg. For det er so mange ting eg har lyst å spørja han om, og so få svar å få frå han.
Har han tenkt å hoppa fram og ropa bø, når den han ventar på kjem gåande?
Tenkjer han glade eller triste tankar bak stolen?
Gøymer han seg for nokon? I tilfelle kven, og kva vil dei han?
Har han selskap av hybelkaniner? 
Har nokon hugst å fortelja han at det er hans tur å stå?

tysdag 15. mars 2011

Buy yourself flowers

So full av klisjear - men det er jo ein grunn til at klisjear er klisjear, er det ikkje?
Kanskje er dette innspel til mitt, mykje omtalte, nye og betre liv?
Takk for tips, Ingrid!

onsdag 2. mars 2011

Pottery

Kvifor vert "poetry" so fort til "pot(t)ery"? Er det fordi begge deler er handtverk, byggverk, menneskeskapt og konstruert? Eller er det fordi eg alltid har kaffikoppen i nærleiken av dikta - og masteroppgåva?

søndag 20. februar 2011

Forfattar om forfattar

Når ein forfattar i dag slenger med leppa om ein medforfattar, vert det rekna som surmaga sjalusi og utslag av Janteloven. Når ein forfattar på 1700-talet gjorde det same, vart det lyrikk av det:

The mighty Blackmore gravely sing
Of Arthur Prince, and Arthur King,
Heroic poems without number,
Long, lifeless, leaden, lulling lumber.
(Robert Lloyd om Richard Blackmore)

Kanskje skulle ein ha rima meir no for tida òg?

onsdag 16. februar 2011

Positivitetstyranni og mitt eige alfabet

Eg lir under eit positivitetstyranni. Det høyrest jo fælt ut, men det er eigentleg greitt, for det er mitt eige. Og det er ikkje eit positivitetstyranni i den tydinga at alt må vera bra og vellukka og framgangsrikt heile tida (gudskjelov for det), men i den tydinga at eg må vera positiv. Iallefall utanpå. Iallefall på lesesalen. Og aldri sei nei om eg kan sei ja. Vanskeleg, dette tyranniet. Rart det, når det er tyranni det er snakk om, sjølv om tyrannen er ein sjølv.

Men so les ein no litt på nettet då, ein må innrømma det (set inn "eg"/ "Mari"/ "studentar"/ det som måtte passa istadenfor "ein"). Og på nettet, der finn ein slike fine sider som Mariell sin blogg, og Mariell sitt alfabet over fine ting. Dermed vert tyranniet lettare å leva under, for ho veit om so mange fine ting. Og so kom eg på at eg veit om mange fine ting, eg òg. 29 post it-lappar (og ein busskvittering) seinare, er eg klar for å byrja på mitt eige fine alfabet. Og eg byrjar sjølvsagt med A, system i galskapen må ein då ha:

a for Austen, Jane
 Seks romanar, ikkje meir, og eit ganske kort liv. Men jammen meg har ho hatt sitt å seie for generasjonar av lesarar etter det. Om det er "of matrimony and dancing" eller verdas mest intense kjæleikserklæring, og avvising, so får ho sagt det.

a for Across the Universe
Fin musikk. Fin mann. Fin film.

a for a beautiful mess
 Bloggen til Johanne. Ei ung jente, men med so kloke observasjonar, og so fine bilete. Inspirasjon her òg.

a for Amélie
 Om eg nokon gong vert stor og modig, so skal eg verta som Den fabelaktige Amèlie fra Montmartre. Snakka med framande og senda ein hagenisse verda rundt. Og bu i ein storby, med mystiske fotoboksar og mopedar. Men eg trur ikkje eg vil bli vaksen og modig heller, eg vil vel helst berre drøyma om det - gjerne gjennom Amèlie.

a for almanakk
 Eg er sopass gamaldags at eg vil ha ting skrivne ned. Ikkje på mobilen. Ikkje på dataen. Ikkje på nett. Med blekk og penn, eller blyant, i ei lita svart bok. Den vesle svarte boki har dessutan store fordeler, som kart over dei britiske togbanene, og fine sitat på annakvar dag: Being defeated is often a temporary condition. Giving up is what makes it permanent (Marilyn vos Savant).

a for Are Kalvø
Noregs 57. morosamste mann. Eg anar ikkje kven dei 56 over er, men kunne godt tenkja meg å lesa dei. Men helst trur eg det er sunnmørsk audmjuke, om slikt finst. Ikkje berre er han morosam, han skriv om viktige ting òg. På ein morosam måte.

a for Alias
Antakeleg verdas beste spel for dei pratsomme. For dei som ikkje er so nøyne på det. For dei som ikkje er redd for å skaffa seg ein uven eller to i løpet av spelet. For alle aldrar. Eg er klar for spelekveld snart!

a for Audrey Hepburn
Antakeleg verdas vakraste kvinne. Filmane er kunstykke i kvar sine sjangrar, og dama - vel, lat meg berre sei at ho gjer seg godt på veggen, både i stova og på rommet mitt. Uansett kva som skjer, so veit eg at ein av filmane med henne kan gjera livet lysare. Dessutan, det er noko med gamle filmar.

a for An Affair to Remember
Deborah Kerr og Cary Grant. Ei Empire State Building-scene som går Sleepless in Seattle ein høg gong. Rett og slett den ultimate romantiske komedie, og det lenge før det var eit omgrep. And all I could say was, "hello". Sukk.

Oppdatering: vel attende på lesesalen kom eg på enno ein fin a, og den er knytt til mi eiga masteroppgåve.
a for "A poet is not a vegetable"
George Saintsbury har helit rett i det, ein poet er ingen grønsak. Er det ikkje godt me fekk det på det reine?

Har du nokre fine a-ar?

tysdag 1. februar 2011

To tekstar

Dei siste dagane har eg lese to tekstar som har betydd mykje, både for meg og for mange andre. Den fyrste er ein mediatekst, skrive av ein mediaperson, som har blitt sendt land og strand rundt i aviser og på nett, og har fått merksemd frå dei mektigaste. 145 000 har lese Lærer Bjørndals metode, har lese om ansvar, om at kvar og ein av oss har ansvar for dei som er svakare enn oss, for dei som slit, for dei som vert mobba. Teksten er eit spark bak til alle som har snudd seg vekk, til alle som har sett men ikkje ville skjønna, eller til alle som burde skjønt men aldri gjorde det.

Om å vera modig er skriven av ei som var av dei svakare - men òg av dei sterkaste. Ho som sto opp om morgonen sjølv om ho ikkje orka. Ho som kjempa tilbake når livet gjekk henne i mot. Ho som nok ikkje hadde ein lærar som Bjørndal. Ho som gjer det ho er reddast for, fordi ho veit at det er slik ho veks. Ho er ikkje sjefsredaktør i ei stor regionalavis (enno). Ho har ikkje fått statsministaren til å gråta (enno) - men det ho skriv når ut til dei som treng det. Det viser 179 kommentarar frå unge jenter på bloggen hennar, 179 takk for inspirasjon til å gjera det same.

To tekstar om mobbing. Ein til dei sterke i skulegarden. Ein til dei svake. Ein dag er rollane snudd om. Ein dag er det ho som er den sterke, som kan visa at ho har kjempa og vunne. Ein dag, og her er dagen, er det ho, som saman med sjefsredaktøren, kan gi oss inspirasjon til å stå på - for å komma oss opp om morgonen - for å hjelpa andre opp om morgonen.

Her er lesar nr 145 001. Og takk nr 180.

tysdag 11. januar 2011

Pengeprosjekt

Pengeinnsamlingar er jo stort året rundt, og kanskje vert det ekstra mykje kring jul. Gje til alle dei som ikkje har!, skrik det mot ein. Ja, ein vil jo gjerne det, men det er so mange, kven skal ein velja? Korleis veit ein pengane kjem fram? Kven står for det ein sjølv vil stå for? Og korleis skal ein unngå å bli fanga i ein evig runddans med telefonseljarar og tom brukskonto? Ok, me har pengane, og ofte lysta, men det er jo noko som stoppar. Kva det er veit eg ikkje, redd verda-hjarta mitt har ofte undra på kvifor eg går utanom Kirkens nødhjelp og Leger uten grenser sine folk på Torgallmenningen.
So kjem adventstida, og med den eit enno større fokus på nett dette. Ein kjøper eit Megafon og tenkjer at "No var eg flink". Og det var ein jo. So går ein heim, loggar på fjesboki, og vert med i Bergans sin adventskalender. Eller banken sin. Eller Studentkortet, kva no det er. Eller Gjerrigknarken, for dei som kjenner seg heime der. I alle har ein høve til å vinna noko. Moro det - men kva er det moroaste med jula? Jo, å gje sjølv, det sler me jo fast gong etter gong. Men - kven skal ein gje til?

Då er det at det dukkar opp slike folk som Lars (tidlegare Oslo ICY) eller Kristoffer i Kenya, som har eit svar, og ikkje minst eit engasjement. I adventskalenderen til Lars hadde ein høve til å gje akkurat som mykje ein ville, gjerne ut frå eit system med faste dagar osb. Pengane gjekk uavkorta til eit kvinnesenter i Abu Dis, Palestina, som no får over 13 000,- frå Lars og hans medsamansvorne sine vener. Kristoffer har eit større prosjekt. Han bur i Mombasa i år, er GoCYar i YWCA der, og vil bygga brønn. I dag kom meldinga om at sidan byrjinga av desember har òg han fått inn omlag 12 000 frå sine vener og veners vener, men han manglar enno kring 6000.

Eg er so imponert! Joda, over givarane òg, som finn ut at dei kan avstå litt i førjulstida - eller av stipendet i januar. Men mest over iniativtakarar som Lars og hans Helene, og ikkje minst Kristoffer som drøymer, planlegg, reknar, har møte med myndigheiter og organisasjonar, og sikkert kjem til å gjennomføra planen sin om å gje vatn til ein heil landsby. Det er enkelt for oss å verta med i ei fjesbok-gruppe og nokre dagar seinare overføra ein eller annan valfri sum til eit oppgjeve kontonummer - vel, det burde vore lett iallefall. Men desse gir av seg sjølv, si tid, sitt engasjement, sine draumar. Og so let dei oss få vera med, få kunne sei om nokre månadar at "eg var med. Eg bygde brønn i Kenya". So heldige me er, som får vera med på slike prosjekt, og so heldige verda er, som har engasjerte folk, som tenkjer og drøymer og trur.

måndag 27. september 2010

Fjernsyn

Ein gong i tida var det usunt å sjå for mykje på fjernsyn. No verkar det som det er in - so lenge det er ein serie, helst ein som ikkje har gått i alt for mange sesongar, og du har lasta ned den siste episoden. Er fjernsynet den nye kaffien? (Metaforen er open for tolking)

fredag 17. september 2010

Midnatt

Midnatt ein torsdag. Då er det mangt slag ein vil dela med verda. Eg prøver å fatta meg i kortheit, det er ikkje mi sterke side. På den andre sida kallar sengi, og den er verkeleg ei svak side hjå meg. So derfor:
- På tysdag ringte det ein seljar på døri og spurte om foreldra mine var heime. Eg sa som sant er at "dei er ikkje her." "Eg får komma att ein an dag då," sa seljaren. Eg lot vera å sei at dei antakeleg ikkje er her då heller.
- Eg sovna på lesesalen i dag. Då eg bråvakna spurte Janne om eg hadde sove. "Nei," svara eg, før eg kom på at eg hadde blitt kjefta på i eit kvarter fordi eg hadde rota vekk nøkkelen til Gimle, lagshuset. Sidan det berre var Janne der, og ho ikkje kjeftar for ting eg ikkje har gjort, må eg trekka attende påstanden. Eg sov.
- Førre veke var eg svært fornøgd med at eg klarte å skriva "encyclopaedic" rett. I dag oppdaga eg to t-ar i "consciousness".
- Har kjøpt plata til Gjermund Larsen Trio, Aurum. Sprang ned ei jente i troppi på Platekompaniet for å få gjort det. Beklagar.
- Har vore på Bergen Mandolinband på Victoria i kveld. Førre gong eg var der, vann Frida fotball. I kveld vann Janne cd. Kva med mi vinnarlukke?
- Eg lir av utbreidd lesesalsvegring for tida. Treng ein kur. Anyone?
- Bente minte meg om at om berre tre veker er me i Jeriko att. Panikk! Og litt lyst å skriva lister over ting eg uansett kjem til å gløyma.
- Eg har funne eit par forsvunne magemusklar denne veka. Angrar litt på tysdagens treningsøkt enno - men med vondt skal vondt fordrivast, eller noko slikt.
- No kom eg nettopp på at ein ny ligrettovaffeldate ventar i morgon, dermed dempa lesesalsvegringa seg, lysta til å sjå ein ny dag i møte auka drastisk, og eg kryp til sengs med "Granitt" på hjernen. G'natt!

laurdag 19. juni 2010

Magasinet til Mariell

Eg står i Kvammegarden med graut og skravelete lærdalsjenter på sommarferie. Då kjem tidlegare kollega Jostein bortom, for å driva reklame. Kjærasten har gitt ut magasin, og mållaget sel. Eg tenkjer at "Jaja, eg er no ikkje heilt blakk," og stikk innom mållagsboda i ei ledig stund. Eg kjøper Ivar Aasen-handlenett, og heftet til Mariell kjem eg på i siste liten. 100 kroner og eit nesten-kyss frå ein lukkeleg Jostein seinare sit eg på jobb att og smiler. Pastellfarga og fullt av fotografar eg aldri har høyrt om, butikkar eg aldri har besøkt og kjolar eg aldri kjem inn i, og stappfullt av inspirasjon og kjærleik. I utganspunktet tenkte eg at eg får vel støtta desse unge, slitande kunstnarane. No lurer eg berre på korleis eg skal klara å bli fotograf - og kor mange som hadde blitt galde for eit Mariell-magasin til gebursdag eller jul. Stikk innom hjartesmil.blogg.no for inspirasjon, og ein overdose kjærleik, du og.

fredag 7. mai 2010

Why, oh why?

Personleg krise, meir eller mindre: Eg har brukt nokre timar i auditorium B dei siste par dagane, berre for moro skuld. Kva som skjedde der? Doktorgradsdisputas om syntaks i gamal- og mellomengelsk. Resultata hadde eg sett før, eg skjønte kva det var snakk om og eg storkoste meg - noko som sjokkerte (delar av) litteraturdelen av lesesalen... Og her er me komne til krisen: kvifor studerar eg litteratur?!

Lingvistane har tal, dei har tabellar og prosent. Og ein metode. Kva har me? Vill tolking, lange resonnement og teoretikarar som kjempar med nebb og klør for å bevisa at litteraturstudiar og er ein vitskap. Av og til er påstandane so iherdige at ein kan byrja å tvila - men tru meg, det er ein vitskap god som nokon! Og ein vitskap som aldri kjem til å munna ut i ein doktorgradsdisputas frå denne kanten, er eg redd/glad for.

So spørsmålet er altså: når ein likar system, kvifor vel ein kaos? Når ein likar grammatikk, kvifor vel ein forteljing? Når ein likar reglar, kvifor vel ein tolking? Når ein likar lydsystem, kvifor vel ein prosa? "Førdi du lika da! Og førdi du e go pao da! Og førdi du bestemde deg før da:)" svarte Janne. Eg håpar, og mistenker, at det er den evig utsette eksamenslesinga som gjer at eg tvilar på det valet...

onsdag 28. april 2010

Transit

There’s such a lot of world to see… 
- Real Ones

Eg likar ikkje busstasjonar. Busstasjonar kan vera ein start på reisa heim, men utanom det er det lite spanande der. Folk er slitne, trøytte, leie allereie før dei set seg på bussen. Då er flyplassar og togstasjonar noko heilt anna.

På flyplassar summar lufta, sjølv om klokka er berre halv seks om morgonen og det fyrste flyet so vidt har byrja å trilla fram. Der er folk spente, litt nervøse, dei gler seg til heimreise eller feriereise, eller berre til å komma lett fram på ei jobbreise. Det er ulike folk – unge og gamle, folk med fritidsmål eller med arbeidsmål. Det er kontrollar og ei kjensle av rutine, men og spaning og ei kjensle av at det ukjente ventar. Og so sit ein på flyet, det lettar og ein flyg faktisk. Og etter ei stund landar ein. Ein kjem glidande inn over eit framandt landskap – eit landskap som plutseleg dukkar opp, som er dekka av framande fargar og former, eller landskap som sakte glir fram under vingane. Plutseleg er ein der – i eit framandt landskap, ein heilt annan stad i verda.

Om flyplassar summar, er det ingenting mot togstasjonar. Dei er hektiske, med ekko i hallane og tog som strekker seg mot utgangane, ivrige etter å komma avgarde. Folk hastar mot sine plattformar, litt seint ute uansett kor god tid dei har. Og so susar toga gjennom landskapa, so fort at ein ikkje får med seg detaljane. Men endringane ser ein, dei store linjene. Trass i farten kjennest det som ein snik seg rundt på bakvegar, at ein får sjå landskapet som det verkeleg er, utan fasadar. Medan ein veg har fokus, er det berre stasjonane som bryr seg om togskinnene. Medan butikkar, hus, folk, bilar, skilt og lys er retta mot vegane, kan toget gå umerkeleg forbi, heilt til det kjem til ein stasjonsby som ynskjer det velkomen.

Og i stasjonsbyen går ein av, og vert møtt av noko kjent eller noko framand. Ein vert møtt av heimen eller nye eventyr. Eg vart møtt av Janne.

torsdag 22. april 2010

Tankar om vulkanar

Dette er spanande ting! Dei er store, dei er skumle, dei er fine, dei kan forandra alt på ein augneblink, det kjem lava ut av dei.
Hehe, folk får ikkje flyga! Og det varar jo berre eit par dagar.
Kvifor har vulkanar so skumle namn? Hekla, Katla, Etna. Ok, Mount St. Helena og Eyjafjellajökull er kanskje ikkje av dei verste... Dessutane er det grueleg moro å høyra folk prøva å uttala det!
No må den vulkanen gje seg snart, eg skal jo ut å flyga.
No har det dumme fjellet gått for langt! Eksamen er flytta, og det går ut over min sommarferie og mitt sosiale liv!

Hjelpes, kor sjølvoppteken ein er... (Men veit du kva? Med rette!)

torsdag 8. april 2010

Sherlock Holmes

"And I am going to finish this chapter with two interesting facts about Sherlock Holmes:

1. In the original Sherlock Holmes stories Sherlock Holmes is never described as wearing a deerstalker hat, which is what he is always wearing in pictures and cartoons. The deerstalker hat was invented by a man called Sidney Paget who did the illustrations for the original books.

2. In the original Sherlock Holmes stories Sherlock Holmes never says, "Elementary, my dear Watson." He only ever says this in films and on the television."
Mark Haddon, The Curious Incident of the Dog in the Night-time

Du veit dei gongene i livet du får ei aha-oppleving du aldri gløymer? Eg hugsar den gongen eg høyrte det om Holmes og Watson fyrste gong. Eg gjekk på vidaregåande, det var om våren, og eg les Dag og Tid ei helg. Eg visste ikkje kva eg skulle gjera med den nye kunnskapen, den berre sat inni meg til den bobla fram på dei særaste tidspunkt - t.d. som eit, av få, døme i ei lang (og om eg får sei det sjølv: ganske god) tentamentoppgåve om Ibsen, Vildanden og livsløgner. Det var ei livsløgn. Ei livsløgn som dukkar opp att med jamne mellomrom. Eg får vel vera glad so lenge dette er av dei verste livsløgnene mine - men det er likevel litt opprørande kvar gong eg blir minna på det att.

(At Sherlock Holmes aldri eigentleg brukte hatten med klaffane, derimot, kunne ikkje brydd meg mindre)

torsdag 21. januar 2010

Boyband

A1 kjem til Veka i Sogndal i år. På ein måte skulle eg ynskja at eg var av dei som hadde dilla på desse på barne- og ungdomsskule, slik at eg kunne vore kjempegira og reist heim for å få det med meg. Det hadde vore ei stor oppleving! Om eg altså hadde vore av dei som... Det var eg desverre ikkje, so istadenfor å vera kjempegira er eg berre litt forundra: finst A1 enno?

fredag 15. januar 2010

Tankar på ei tredemølle

Hm, korleis funkar dette då? Knapp - trykk - ok, me er i gang. Grueleg seint, men me kan byrja slik. Næmmen, hallo nabo! Nei, du byrja ikkje seint, nei... Men so ser jo du ut som ein supermodell og då. Hm, eg står ved feil maskin, Home and Away er jo i den andre enden av rommet. Seriøst, går den ikkje fortare enn dette? Oppoverbakke, hurra! Hm, kor er alle dei tjukke folka? Dei som treng trening? Er det berre modellspirer her? Og meg? Jepp. Kanskje ein blir modellspire av dette? Oh, yes! (Blackout ca ein halv time) Oppoverbakke = tabbe... Å, der gjekk det seint att - fint. Hm, gnagsår, av å vera inne, that's a first. Ok, på tide å gje seg. Gubbevares, modellen har sprunge heile tid. Me snakkar ein halvtime konstant jogging. Galning. Ok, stopp, gå av. Lettare sagt enn gjort! Hm, kjennest som eg har vore på ein båt. I storm. Gå beint, Mari, beint! Ikkje mannegarderoben, ikkje mannegarderoben, ikkje...! Gudskjelov, du traff. Set deg ned no.

Eg meinar, kva skjedde med å gå tur i finveret?! Men neidå, her stenger ein seg inne i store rom med folk som ser ut som modellar, ser på dårlege seriar på tv3 (fordi dei dårlege seriane på tv2 er i andre enden av rommet), spring - frivillig -  og vert sjøsjuk på toppen. Folk er rare...

onsdag 13. januar 2010

My Life Is Average

Eg har oppdaga ein ny måte å utsetja lesing på - og det før eg har vore innom lesesalen ei einaste gong i år. Eg er no iallefall tidleg ute med noko! Den nye tingen er mylifeisaverage.com, ei amerikansk side full av tankar og opplevingar frå heilt vanlege liv. I heile dag har eg sett etter småting som gjer livet berre litt moroare, inspirert frå denne sida. Og småtinga finst! I heil vanlege, gjennomsnittlege liv. 

Today, two girls beside me were arguing about how mermaids had babies. At first I thought this was stupid, but then I realized this is an extremely legit quiestion. Never in my life have question the reproduction of mermaids until now.
(Dette reflekterar ikkje heilt meg - eg har lurt på korleis havfruer får ungar kjempelenge!) 

Today, I went to the dentist. Half an hour before I went, I brushed my teeth really well. I felt like I was cramming for a test.

Last night, I was really hot in bed, so I took one leg out of the covers. Then I got scared because it was too dark and my leg felt unprotected from somthing hiding under my bed. So I put it back under the blankets.

A fortnight ago I finally solved my rubiks cube. I waited two weeks to post this so that I could use the word fortnight.