"And I am going to finish this chapter with two interesting facts about Sherlock Holmes:
1. In the original Sherlock Holmes stories Sherlock Holmes is never described as wearing a deerstalker hat, which is what he is always wearing in pictures and cartoons. The deerstalker hat was invented by a man called Sidney Paget who did the illustrations for the original books.
2. In the original Sherlock Holmes stories Sherlock Holmes never says, "Elementary, my dear Watson." He only ever says this in films and on the television."
Mark Haddon, The Curious Incident of the Dog in the Night-timeDu veit dei gongene i livet du får ei aha-oppleving du aldri gløymer? Eg hugsar den gongen eg høyrte det om Holmes og Watson fyrste gong. Eg gjekk på vidaregåande, det var om våren, og eg les Dag og Tid ei helg. Eg visste ikkje kva eg skulle gjera med den nye kunnskapen, den berre sat inni meg til den bobla fram på dei særaste tidspunkt - t.d. som eit, av få, døme i ei lang (og om eg får sei det sjølv: ganske god) tentamentoppgåve om Ibsen, Vildanden og livsløgner. Det var ei livsløgn. Ei livsløgn som dukkar opp att med jamne mellomrom. Eg får vel vera glad so lenge dette er av dei verste livsløgnene mine - men det er likevel litt opprørande kvar gong eg blir minna på det att.
(At Sherlock Holmes aldri eigentleg brukte hatten med klaffane, derimot, kunne ikkje brydd meg mindre)
Ja, er det ikke funny?
SvarSlett