tysdag 13. april 2010

Books of love and hate

eller "Books I love and hate", "Books I love and hate", "Books I love or hate", "Books I love to hate"

 Elsk:
- The Squatter and the Don (Maria Amparo ruiz de Burton, 1885)
Romantikk, enkle karakterar, triste lagnader og mykje moral. Sentimentalt og lettfatteleg, men og spanande om ein del av amerikansk historie ein ikkje høyrer so mykje om.

- Ramona (Helen Hunt Jackson, 1884)
Alt som Squatter and Don er - berre meir. Og her er indianarane med!

- The Third Policeman (Flann O'Brien, 1967)
Dei seier dette er ein måte å forstå serien Lost betre - eg er nervøs for avslutninga på serien dersom det er tilfelle... Men fantastisk om politifolk, eindimensjonalitet og ikkje minst syklar.

- On the Road (Jack Kerouac, 1957)
Ein klassikar i amerikansk litteratur. Nokre meinar karakterane er usympatiske og utan mål og meining - eg kjenner meg att i dei...

-The Autobiography of a Brown Buffalo (Oscar Zeta Acosta, 1972)
Acosta var figuren bak Dr. Gonzo i Fear and Loathing in Las Vegas - og slik er han her og. Ein meksikansk-amerikanar på leit etter ein identitet utan bindestrek, gjennom eit sekstital fullt av dop. Ein i klassen peikte på dette som grunnen til at me ikkje kjenner oss att i California på sekstitalet - læraren vår anbefalte meir erfaring... (Ho meinte nok meir leseerfaring, det må innrømmast)

- The French Lieutenant's Woman (John Fowles, 1969)
Klassisk viktoriansk kjærleikshistorie - trur ein. So kjem forfattaren inn på toget til hovudpersonen, og du kan velja din eigen slutt. Det er då det vert spanande.

- The Biographer's Tale (A. S. Byatt, 2000)
Phineas er grad-student - og lei litteraturteori. Høyrest det kjent ut? Dermed byter han prosjekt og rettleiar, men mistar snart fokuset, det nye prosjektet kan aldri gripast, istadenfor leitar han etter system i det vesle han har av spor. Ikkje noko av det han presenterar for lesaren er relevant, ikkje når han noko mål - men vegen er spanande den og!

- Midnight's Children (Salman Rushdie, 1981)
ei blanding av fakta slik verda hugsar dei og fakta sett gjennom augo til hovudpersonen. Og er det ikkje slik historie vert skriven? Boka er lang, historien om India sine fyrste 30 år er vanskeleg - men det er verdt det når ein vender side 460 eller der omkring, og har fullført reisa.

- The Curious Incident of the Dog in the Night-time (Mark Haddon, 2003)
Det byrjar som ei detektivforteljing - drapet på puddelen Wellington skal oppklarast. Men detektiv, hovudperson og forteljar Christopher er autist, og når ein ser verda gjennom hans augo ser den heilt anleis ut.

Hat:
- The Life and Opinions of Tristram Shandy, Gentleman (Laurence Sterne, 1759-67)
Når faren har gløymt og stilt klokka og dermed let Tristram bli unnfanga i ein umerksam augneblink, er boka enno moro, underhaldande og spanande. Når Tristram brukar to bøker (!) på i det heile teke å bli fødd, då byrjar den å dra ut... Ja, me har skjønt spøken no, kom til poenget!

- Texts for Nothing (Samuel Beckett, 1950-52)
Tekstane er til ingenting, om ingenting. Språket er medrivande - det er ein grunn til at folk ser Mens vi venter på Godot enno - men det skjer ingenting. Ingen seier ingenting (om det er mogleg). Her snakkar me frustrasjonar (både hjå tekst og lesar)!

- Tripmaster Monkey: His Fake Book (Maxine Hong Kingston, 1989)
Dette var den boka ingen i gruppa hadde fullført til førelesinga - to gonger på rad. "Bad, bad students," sa læraren. Me sleit oss gjennom slutten, og skjønte aldri heilt noko som helst. Kinesisken hjalp ikkje.

- Foe (J. M. Coetzee, 1986)
Fram til dei siste ti sidene tenkte eg noko slikt som: "Lettlest, spanande, moro å bruka Robinson Crusoe på denne måten." So opplevde eg "the tyranny of the ending", som Fowles kallar det: slutten er forvirrande, utan meining, utan løysing - og alt det føregåande verkar meiningslaust. Slutten er det som sit att, og slutten er frustrerande.

- Grapes of Wrath (John Steinbeck, 1939)
Eg veit dette er ein klassikar. Eg veit at ingen les den lenger. Eg veit ikkje kvifor, for det eg har lese til no verkar aktuelt nok. Men dette er siste bok på pensum - dvs det er den siste eg ikkje har fullført. Derfor kjem den her - for eg er redd det er ein grunn til at ingen les den lenger.

Og slik er mitt semester - eg tek det som eit godt teikn at den fyrste lista er lengre enn den andre, og håpar det held seg slik fram mot eksamen.

1 kommentar:

  1. Det skal seiast at The Grapes of Wrath no burde flyttast, men det gidd eg ikkje. Den er bortimot genial! (Når ein er ferdig med den, evt ikkje har den på pensum)

    SvarSlett