laurdag 30. april 2011

TSN 10/11

Eg er av dei som meinar scena i Gimle absolutt har sin sjarm, men er dårleg eigna til større konsertar. Det motbeviste TenSing Norway 2010/2011 med bravur i kveld!
Eg sat bak i eit hjørne og klarte ikkje bestemma meg for om eg skulle gispa i beundring over flinke folk eller turka stolte tårer som pressa på for dei same flinke folka. Eg bestemte meg for å synga med. Og for å hugsa, når det buttar i mot, opplevingane musikk, vener og tru kan gi.

Lukkeleg augneblink

SPINF

Eller Språk og informasjon, for dei som ikkje er på innsida.

Det er det eg har ein bachelor i, vert eg minna på med jamne mellomrom. I går vart eg minna på det att, når det noverande fagutvalet inviterte alle ni kull på alumnusfest i Ad Fontes, baren på HF. Både talar, undehaldning og mat sto på programmet, men vel so viktig var det at me fekk møtast og pratast, både på tvers av kull, på tvers av arbeidsoppgåver og ikkje minst me som studerte saman, som delte frustrasjonar og eksamenar og minner. Stor stas å sjå att fem av sju medstudentar i går!
Alle åtte SPINF-studentar frå kull 2008 med programstyremedlemmer og administrasjon på avslutningsmiddag på Lille Escalon våren 2008.
SPINF er eit typisk forsøk på å gjera noko nytt på universitetet. Med ei språkutdanning i botn og litt informasjonsfag og omsetjing på toppen, skulle me få andre impulsar enn dei reine språkstudentane. Arbeidsmarkanden fekk aldri skikkeleg opp augo for oss - det finst so mange kommunikasjonsutdanningar der ute - og universitet har bestemt at me er dyre i drift. Programmet vert lagt ned, men me som er utdanna er jo like flinke! Det er ikkje vanleg at ein universitetsstudent, utanom profesjonsstudia, har hatt praksis. Ikkje er det so vanleg med omsetjingsfag heller, eller utdanning i å skriva andre ting enn akademiske tekstar. Og so kan me jo det i tillegg! Me kan både forska, og formidla det. Eg kjenner eg vert litt oppgitt når eg høyrer om jobbsøking og avslag for medstudentane mine. Nokon må få opp augo og tilsetja han med nordisk i botn og mastergrad i pr og marknadsføring, han med japansk i botn og master i medievitskap, ho med spansk i botn og utdanning som teiknspråktolk. Ho med mastergrad i fransk, og oss med mastergrad i engelsk. Nei, me har ikkje fordjupa oss i kommunikasjonsarbeid, marknadsstrategi og pr (vel, ikkje alle av oss), men me har stor fagleg tyngde innanfor språk - og det er jo det ein kommuniserer med.

Eg vart inspirert i går. Inspirert til å tenkja på kva eg eigentleg kan, og kva eg vil. Framtida er lika open som før, men moglegheitane er der, i fleirtal. Eg gler meg til å ta fatt på dei. Og eg gler meg til neste gong SPINF kull 2008 samlast til nye latterkuler og lange samtalar.

Forresten, tidlegare studentar ved UiB vert oppmoda om å verta medlem av UiB Alumni. Ein idé for fleire?

torsdag 28. april 2011

Smile

- tomorrow will be worse...

Og det var dagens oppmuntring frå datasalen på HF - versågod!

onsdag 27. april 2011

laurdag 23. april 2011

Vindhella

Når gradestokken syner 20 grader i skuggen ein laurdag i april, då er det at til og med ho med oppgåvepanikk og verdas dårlegaste form tenkjer som so, at det er på tide å få noko meir ut av våren i Lærdal enn det ein ser gjennom kjøkenglaset. Som tenkt so gjort. Hunden vart stappa i bagasjerommet, naboen lempa inn i passasjersetet, og so for me på tur, heile den lange vegen til Borgund (!).
Kvar vår tenkjer eg det samme, at eg skal bli flinkare til å bruka desse vegane. Men skjer det? Nei. Orda kom frå Gro, men det kunne lika gjerne vore eg som sa det. For kvar gong ein går langs desse murane, ser denne utsikta, les denne historien, so lovar ein seg sjølv det. Dette skal eg gjera oftare. Nei, dette skal eg gjera ofte! Og sjeldan vert det slik. Men viss me seier det ofte nok...?
For det er noko heilt spesielt med å gå langs vegar bygd med handmakt høgt over dalen, på murar over 150 år gamle, i fotspora etter dei som kom før oss. Og i Lærdal finst det mange av desse vegane. Og når soli steikar slik at ein i tillegg kan få ein dose D-vitaminer innunder helleren på toppen - ja, då "kan han ingen stad venare sjå," og ein ynskjer to ting: at påskeferien skal vara hakket lenger, og at ein skal klara å gjennomføra forsettet om turar til sommaren, for fyrste gong...

fredag 22. april 2011

Gulrotmuffins

ca 4 (store) gulrøter, rivne på det grove jernet
2 egg
1,5 dl sukker, til eggedosis
50 g smør, smelta
1 dl lettmjøl
3 dl kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
1,5 ts kanel
Sikt i og bland forsiktig. Ha i muffinsformer, hugs at det må vera plass til å heva litt.
Steik på 175 grader i 10-15 min. Stikk ein strikkepinne i for å sjekka om det er ferdig.
Avkjøl, før du har på massevis av glasur:
200 g philadelphia naturell
200 g melis
2 ts vaniljesukker
Ta med ut i åkeren saman med ei kanne nytrakta kaffi, og nyt våren!

torsdag 21. april 2011

Coming Home

I går kom endeleg påskeferien til meg òg, i form av heimreise. Det skal seiast at fyrste halvdel av dagen gjekk med til litt oppgåveskriving i byheimen, men med fuglekvitter og sol i hagen, kaffi i koppen og god musikk på anlegget var det ikkje so hardt som det har vore i det siste. 
 Og so, midt på dagen, kom Monica heim, for som ein virvelvind rundt i huset og samla saman naudsynte artiklar, og snart sat me i bilen på veg nordover. Heimover. Heimheimover.
Me måtte sjølvsagt ha pause undervegs. Nærare ein time brukte me gjennom Voss, mykje på grunn av ekstrem påskeutfart og ein snarveg som viste seg å verta ein omveg. Men me tok oss likevel tid til kaffi og is, og å nyta soli på panseret til Sylvin.
 På Voss var det enno vinter, sjølv om soli varma.
 Og om ein vil feriera i vinteren er Oppheim Hotel & Resort eit alternativ. Eller...?
 "Sjå dei vakre fjella! No er me..." "nesten heime!"
Slik snakkar to patriotiske sognejenter når sognefjella endeleg viser seg, mellom to tunellopningar. Mellom Stalheimtunellen og Sivletunellen bør ein kasta eit kjapt blikk mot høgre, slik at ein får sjå Nærøydalen og Nåli i all deira prakt. Fine fjell. Og nesten heima no!
 "Hurrah! hurrah!" hurrah!" song Casa Murilo i det me køyrte inn i Lærdalstunellen. Blåfjellet lyste kaldt, og hjalp oss å telja ned - 18 km att, 12, 6.
 Vel framme kunne eg sjå bjørki spretta. Det grøne vart grønare i løpet av eit par varme kveldstimar. Og 9 minuttar etter at Monica hadde rast vidare mot ferja, sat eg allereie på potetsetjaren.
Etter potetsetjinga tok eg med mamma til Skjerdal, på "instant påskeferie." Soli gjekk ned over fjelli i vest, og himmelen spegla seg i fjorden.
Nyetraktoren til onkelen lengta mot fridomen etter nokre år innestengt på ein låve. Lenger enn til å nyta utsikti kom den ikkje. Men det er no ikkje so verst ein ferietur det heller, ut på snuplassen og attende.

“There is a magic in that little world, home; it is a mystic circle that surrounds comforts and virtues never known beyond its hallowed limits”
Robert Southey

måndag 18. april 2011

Boklista til BBC

Fyrst av alt, dette er ikkje ei bokliste utvikla av BBC. Det er ei såkalla "meme," altså noko som vert sendt rundt av internettbrukarar, gjerne på t.d. Facebook. Les meir om akkurat denne her. Det er altså reint juks og fanteri, som spelar på folk sitt ynskje om å motsei ein autoritet, visa seg som kultivert - og dessutan er det lett: "kryss av." Eg nyttar dessutan oppgåva mi som unnskyldning for å gå rett i fella: eg påstår denne lista er eit døme på utviklinga av nye kanonar, som er like tradisjonelt funderte som gamle. Joda, det er populærlitteratur inkludert - men var ikkje Dickens rekna som populærlitteratur då det kom ut som følgjetongar midt på 1800-talet? Joda, at nesten heile produksjonene til Jane Austen inkludert i desse 100 er kanskje i meste laget. Likevel, lista har fått gjennomslag, og det er nettopp fordi den talar til det primitive i oss - det finst noko litteratur som er viktigare enn anna, og den bør du ha lese for å vera eit danna og kultivert menneske, for å ha "litteratur" i den opphavelege bruken av ordet (på engelsk). Dessutan seier lista kanskje vel so mykje om kva bøker du bør ha, som kva du bør ha lese. Kor ofte kjem "Little Women" eller "Great Expectations" opp i ein kvardagssamtale? Vel så viktig i ein danna heim er det at dei finst i hyllene. Og viss det er det det skal stå på er eg godt på veg til danning - store deler av denne lista finst i uopna eksemplar i ein av heimane mine...

Book
Author
1

Jane Austen
2

JRR Tolkien
3

Charlotte Bronte
4

JK Rowling
5

Harper Lee
6

Various
7

Emily Bronte
8

George Orwell
9

Philip Pullman
10

Charles Dickens
11

Louisa M Alcott
12

Thomas Hardy
13

Joseph Heller
14

William Shakespeare
15

Daphne Du Maurier
16

JRR Tolkien
17

Sebastian Faulk
18

JD Salinger
19

Audrey Niffenegger
20

George Eliot
21

Margaret Mitchell
22

F Scott Fitzgerald
23

Leo Tolstoy
24

Douglas Adams
25

Fyodor Dostoyevsky
26

John Steinbeck
27

Lewis Carroll
28

Kenneth Grahame
29

Leo Tolstoy
30

Charles Dickens
31

Mark Twain
32

Jane Austen
33

Jane Austen
34

CS Lewis
35

Khaled Hosseini
36

Louis De Bernieres
37

Arthur Golden
38

AA Milne
39

George Orwell
40

Dan Brown
41

Gabriel Garcia Marquez
42

John Irving
43

Wilkie Collins
44

LM Montgomery
45

Thomas Hardy
46

Margaret Atwood
47

William Golding
48

Ian McEwan
49

Yann Martel
50

Frank Herbert
51

Stella Gibbons
52

Jane Austen
53

Vikram Seth
54

Carlos Ruiz Zafon
55

Charles Dickens
56

Aldous Huxley
57

Mark Haddon
58

Gabriel Garcia Marquez
59

John Steinbeck
60

Vladimir Nabokov
61

Donna Tartt
62

Alice Sebold
63

Alexandre Dumas
64

Jack Kerouac
65

Thomas Hardy
66

Helen Fielding
67

Salman Rushdie
68

Herman Melville
69

Charles Dickens
70

Bram Stoker
71

Frances Hodgson Burnett
72

Bill Bryson
73

James Joyce
74

Dante
75

Arthur Ransom
76

Emile Zol
77

William Makepeace Thackera
78

AS Byatt
79

Charles Dickens
80

David Mitchel
81

Alice Walker
82

Kazuo Ishiguro
83

Gustave Flaubert
84

Rohinton Mistry
85

EB White
86

Mitch Albom
87

Sir Arthur Conan Doyle
88

Enid Blyton
89

Joseph Conrad
90

Antoine De Saint-Exupery
91

Iain Banks
92

Richard Adams
93

John Kennedy Toole
94

Nevil Shute
95

Alexandre Dumas
96

William Shakespeare
97

Roald Dahl
98

Victor Hugo
99

Charles Dickens
100

Evelyn Waugh
Men du, kor mange av desse har du lese?

søndag 17. april 2011

Palmelaurdag

Ingvild inviterte på Bezzerwizzer, taco og innviing av blenderen. Sjølvsagt stilte me, me stakkarar som ikkje får heim på påskeferie (enno). Me tok "det rosa spillet" - underhaldningsutgåva av Bezzerwizzer. Full konsentrasjon det meste av kvelden, sterke konkurranseinnstinkt og dårlege vinnarar og gode taparar - slik det skal vera (eller var det omvendt?).
Utpå kvelden kom drinkane og Alias på bordet. Godt det ikkje er so lytt hjå Ingvild, for konkurranseinnstinktet vart ikkje mindre. Eg rakk ikkje å ta fleire bilete - men me stakk av med seieren!

(elles må eg berre beklaga kvaliteten på bileta fyrst som sist, eg gløymer alltid kor dårleg kompaktkameraet mitt er. Nytt og betre står på ynskjelista)

Home sweet home

Eg tenkte at etter all masinga og klaginga og kommenteringa, so var det på tide å gje dei av dykk som ikkje er her kvar dag eit innblikk i kvardagen. Dessutan må det jo forevigast for ettertida - det var her Mari vart galen/ vart vaksen/ vart lei/ aldri vart ferdig:
Dette er altså min lesesalsplass. Eg har det høgaste boktårnet av alle, og det har berre rast ein gong (til no). Det gjekk verst ut over Erlend som sit på baksida av tårnet, stakkar. Plassen attmed er Janne sin. Ho rotar ikkje slik som meg, verken på plassen eller i oppgåva. Men ho brukar litt tid på å senda stygge blikk til gravemaskinene utanfor glaset. Det trengs at nokon gjer det òg.

onsdag 13. april 2011

Vindauge har me

 ...men dette er likevel ganske reelt

søndag 10. april 2011

Framsyning

Det er mange detaljar som skal på plass før ei danseframsyning er ferdig. Flinke Sigrid og resten av folkedanslaget i BulE har teke seg av det aller meste, og so Endre då, som har styrt oss og musikken og alt som ikkje er praktisk (og litt av det òg). I timane før framsyninga, var det fleire detaljar - korleis skal me bukka? Kva merke i golvet skal Silja kjenna etter? Korleis sminkar ein 15 dansarar med ein pudderkost? Og kva gjer me med den skeive lyktestolpen?
Sigrid og lyktestolpen. Det vart orden på den.
Litt oppvarming til Audhilds medan me venta på regissør/instruktør/han med oversikta
Blide Charlotte klar for ein halvtimes pause - brukt på parkeringsplassen bak Nesttun Senter. Dei kule heng nemleg på senteret etter skuletid!
Den er no ikkje so halvgalen, denne sminkinga...
Varm opp medan det sminkar dykk! Audun multitaskar
Trutmunn, fiskefjes, sminketriks. Sjølv dei som skulle sleppa unna rougekosten måtte prøve trikset
Snart klare for førestilling!
 
Og so var me i gang (og det vart naturleg nok ikkje teke meir bilete frå mi side)
Og so, etter overraskande kort tid, var me ferdige. Då hadde me snurra, og svikta og dansa og sunga og blitt belnda av lyskastarar i kring 50 minuttar, men det kjentest som 15. Me fekk applaus og skryt - fortent syntes me. Me rydda salen og vaska vekk sminken og pakka ned danseskoa. Ein etter ein forsvann dansarar og musikarar og publikumarar ut salen. Me var nøgde, trøytte, forundra. Og sette kursen mot byen for vidare samvere.
Utanfor Nesttun Senter plukka Gunn Inger opp eit par stakkars publikumarar. Dei fekk vera med på bybana, dei òg.
(Det var forresten fritt fram for å nytta fotoapparatet mitt i går, so eg anar ikkje kven som har teke kva her - eg hugsar ikkje ein gong kva eg sto for sjølv... So om nokon vil krediterast for bileta som ligg her, hyl ut!)

fredag 8. april 2011

Generalprøve

Om knapt to døgn er me ferdige. Ferdige med nervane, ferdige med nynniga, ferdige med det me har brukt året på å planlegga, koreografera, øva på og øva på nytt på. Ferdige med Danseskostredet. Men før me er ferdige, so skal me ha framsyning, og før framsyning må ein ha generalprøve. Det gjekk føre seg ca slik:
Sminke, venting, prøving, måling, planlegging, øving, lyssetjing, felestemming, meir øving, generalprøve og takk for oss!

Men "takk for oss" er jo ikkje før om knappe to døgn, innan dess skal me rekka meir av det same - og hjelpes, kor moro det er å stå på ei scene att, og det med so finke folk! Eg er alltid glad når eg kan snurra litt i bakgrunnen - når ein deler scena med ein haug folk som er meir enn flinke nok til å snurra i framgrunnen. Og med so flinke musikarar! Her var diverre ingen bilete av våre eminente spelmenn - Audhilds og folkjazztrioen Kefir Kulturformidling. Dei får ein sjå om ein kjem til Fana Kulturhus laurdag klokka 19.00 - og slik fekk eg snike inn litt reklame òg...

Apropos reklame: Radioinnslag her, spol til ca 10.45. Og so seier rykta at me kjem i Fanaposten i morgon (fredag altså).

(Dei to siste bileta i dette innlegget er teke av Anbjørg M. Bergwitz)

onsdag 6. april 2011

Drunken Promises i Bergen

Eg skulle no eigentleg lata bloggen, og dykk, få litt Casa Murilo-fri, det har jo blitt ein del i det siste. Men det går ikkje, ikkje når dei lagar ein so sjarmerande video akkurat her.

Fine ting

f for folkemusikk
Inga overrasking her, folkemusikk er noko av det moroaste som finst. Saman med folkedans sjølvsagt. Folkemusikk og folkedans er ikkje nødvendigvis best i bunad - faktisk er det oftast best utan. Men som illustrasjon funkar det jo godt med jenter i bunad. Dessutan er desse jentene flotte folk.

f for Fame
Fame. Eg stirra meg blind på serien frå åttitalet når eg var liten. Og so såg eg filmen, og var nyfrelst. Dette må vera den finaste, friskaste, mest spanande i sin sjanger. Altså i sjangeren high school film/musikal. Det er kanskje ikkje ein kjempestor sjanger (og det som fell ein inn er ikkje kjempestor kunst) - men det er nok fordi det ikkje trongs noko etter denne.

f for Fantomet
Medan andre lærte historie og hakkespett-tips frå Donald, lærte eg historie og gamle jungelord frå Fantomet. Eg veit ikkje kor mange gonger eg gjennom skulegangen har tenkt noko liknande som "det var det tredje fantomet, då må det ha vore tidleg 1600-tal," og slik lærte eg når Romeo og Julie vart spelt. Framsida på biletet er frå eit krønike frå midt på 90-talet. Frå denne perioden har (hadde?) eg dei fleste blada. Nokre gonger ynskjer eg at eg kunne gå attende til at Fantomet ga meg det eg trong av litteratur. Slik er det vel å verta vaksen...
Dessutan var det Fantomet som fyrst lærte meg om alliterasjon, eller bokstavrim: Fantomets falk Fraka fanget fem feite flyndrer for Fantomets frokost, eller noko slikt.

f for focaccia
Det er best heimelaga - når nokon an har laga det og ein kan eta med massevis av aioli. På ein god andreplass kjem dei ein kjøper på Godt brød søndag føremiddag fordi det kan ein unna seg, og som er fyllte med pesto og ost og bønnespirer. Mmmm!

f for Finnegan's
Finnegan's Irish Pub. Kven hadde trudd for eit par år sidan at det vart ein stamstad i Bergen? Men slik har det blitt, ein bar full av idrettseffekter og mørkt øl, der finn ein gjerne meg. På kveldar det er quiz, vel og merka. Og quiz kan no dra ein til so ulike stader. Men nett Finnegan's - det er ein stad eg er nøgd med å ha blitt dregen.

f for "Forspill"
Trafikklyset i gaten står på stopp
og blinker i det våte maivær.
På fortauet er ferske søledammer.
Det lukter grønt fra plener og fra trær.
Syrenene står bittesmå i knopp.
Snart vil de briste ut i lilla flammer.

Så godt å gå med deg i lunkent regn
og vite at vi ingenting har sagt!
Ennå er ikke tiden riktig inne.
Men våre hjerter ligger alt på vakt
mot lykkens første hemmelige tegn,
den stumme sangen mellom mann og kvinne.
 Inger Hagerup

 f for flyplassar
Eg veit at mange vert nervøse av flyplassar. Det vert ikkje eg. Eg vert kanskje litt stressa av passkontrollen i visse land, men når ein sit i avgangshallen og ser på folk - då finst det knapt meir spanande plass. Men eg kunne aldri jobba der. Tenk å sjå fly etter fly letta, og ikkje få vera med. Eg vil helst kunna forlata flyplassen òg, etter ei stund.

f for falafel
 Frå vogna på hjørnet av Manger Square i Betlehem. Gjerne eten på ein av benkane på same plass, eller vandrande inn i gatene bak moskeen. Eller som her, på troppene utanfor souvenirhandlane, medan ein ser på turistane og drosjesjåførane og tenkjer på kyrkjebesøk og gamle vener og nye kjente og at murar skal forsvinna.

f for Fforde, Jasper

 Forfattaren av fantastiske Thursday Next og Nursery Crime Division. Han som har funne opp Fiction Island og sikkert klarar å befolka den heilt åleine. Han som kan gi dei finaste lesaropplevingar på dei aller særaste måtar. Han som har nettsider ein kan gå seg vill på.

f for fivreld
fivreld el. fivrelde n1 (norr fífrildi; truleg opph 'noko som rører seg ujamt') (insekt av) orden med store, skjeldekte venger; sommarfugl, marihøne; Lepidoptera.
Fordi det er eit av dei finaste orda som finst - og noko av det mest mystiske som er skapt.

f for Firth, Colin
Fordi han var slik ei openbar forgløyming under C... Men ikkje berre derfor, òg fordi han no har fått plass rett bak meg og Janne på lesesalen (unnskyld Ole Gunnar, det var eg som stal ditt TIME). Der skal han oppmuntra oss til å gjera vårt aller beste - og dessutan gje oss noko fint å sjå på. Mannen er flott, skodespelaren enno betre.

f for foreldre
 Mine foreldre, for det finst ingen betre. Dei let seg engasjera av det som engasjerer meg, roar meg når det trengs, støttar meg når det trengs, held seg rolege når det trengs, tek telefonen når det trengs. 

Har du ein fin f - fine folk, fine filmar, fine fuglar eller fiskar - som du vil fortelja om?