måndag 21. februar 2011

NCD

Ein småkriminell gentleman vert funnen skoten i sin eigen bakgard. Han har kvitvaska pengar for dei store skurkane, og kjøper no opp aksjar i ei haltande verksemd til spottpris. Kvifor? Korleis? Og kven har skote han med ein .44 kaliber, når den sjalu ekskona berre har ein .32?

So langt, klassisk krim. Butleren er òg involvert, og den tradisjonelle politidetektiven med den vanskelege sjefen. Moderne innslag er det òg, det er patologen som løyser gåta til slutt, som det gjerne er no til dags. Men offeret er ikkje nokon kven som helst - han er Humpty Dumpty, og knuste når han datt ned frå veggen. Detektiven, Jack, har eit bønnestengelproblem, og er ute etter kjemper (eller berre svært høge folk). Avdelingen som etterforskar dødsfallet er Nursery Crime Division, underfinansiert og utan fellande dommar, mykje på grunn av motstand frå dei meir leste detektivane. Både Jack og betjent Mary Mary er på utveksling frå romanen Caversham Heights, som ingen gadd å lesa etter Well of Lost Plots. Men det er det ingen som veit - om dei ikkje har lese Thursday Next då.

Humpty: All-righty. I get that. Sort of like 'reverse explain engineering' ?
Jasper: If you like. George Lucas has been doing it for years. 

Jasper Fforde bommar sjeldan. Eg les hans nyaste bok The Last Dragon Slayer tidlegare i vår, det må vel vera det næraste bom han har komme. Men dei tre andre seriane, metalitterære Thursday Next, like absurde Nursery Crime Division og den meir samfunnskritiske Shades of Grey er alle verdt å få med seg (amazon.co.uk har dei...) Og i dag fekk eg e-post frå ein av bokdealarane mine:
We are writing to let you know that the following item has been sent: One of our
Thursdays is missing.

6 kommentarer:

  1. [quote]Butleren er òg involvert[/quote]
    spoiler?

    SvarSlett
  2. På ingen måte, butleren er alltid involvert i britisk krim, på eit eller anna vis. Han eller soknepresten

    SvarSlett
  3. hmm... hvorfor kunne ikke alle kongens menn lappe humpty dumpty sammen igjen? Aner vi en konspirasjon her?

    SvarSlett
  4. Nei, altså, ein kan ikkje laga omelett utan å knusa nokre egg, eller noko slikt... Men verken kongens menn, eller hestar for den del, er med på denne mordetterforskinga. Det er eit sakn (eller?)

    SvarSlett
  5. http://www.youtube.com/watch?v=hYytaZ06Hco

    SvarSlett
  6. "Don't sit on a wall if you're an egg"
    Genialt, broder!

    SvarSlett