torsdag 17. februar 2011

One Day

Det er ikkje bra å ha so høge forventingar. Fram mot hausten skal eg undertrykka dei, tenkja over kor gale dette kan gå, innsjå at romantiske komediar (etter ca 1960) sjeldan er gode. Men so kjem slike ting som denne fine plakaten, og forventingane flyg i veret att. Flotte Jim Sturgess, pene Anne Hathaway, og filmatiseringa av One Day av David Nicholls, som eg fall for i sommar. Dersom filmen er like romantisk, søt, lattervekkande, tåredryppande og sentimental som plakaten (og boki), so går me ein fin filmhaust i møte. Eg gler meg, eg - og kvir meg litt til alt fell til jordi.

1 kommentar:

  1. Åååh! Eg gler meg eg og! Og merka at forventningadn kan bli sky-høge fram mot hausten.

    SvarSlett