laurdag 28. februar 2009

Billu

Magnhild lurte meg og Frida med på Bollywood-film i kveld, Billu. Det er eg godt nøgd med, for det var ein flott film, om ein fattig barberar og ein stor skodespelar som nesten ikkje møttest. Det skal seiast at det ikkje alltid er like lett å få med seg alt - det var fleire gonger resten av publikum (som i stor grad var indisk) lo utan at me stakkars nordmennene heilt hadde fatta vitsen.

Billu vart vist berre ein gong her i Bergen, men eg håpar at det kjem fleire filmar frå Mumbai. Og då håpar eg fleire nyttar sjansen til å sjå pene damer og staute karar svinga seg til litt for høg musikk, i litt for glinsande klede, tett fulgt av rørande møte og god moral.

søndag 22. februar 2009

Snu deg, snu deg, snu deg rundt...

"Eg har lært terminologien! Pols er pols, og leik er pols - egentleg er alt utenom ringlender og vals pols" -IM
Eg har skremmande nok polsabstinensar. Ein får visst slikt etter ei halv veke på Rørosmartnan, der mesteparten av tida vart brukt i Sangerhuset. Sangerhuset er eit fantastisk, sjøgrønt samfunnshusliknande - vel - hus fullt av spelemannslag frå Trøndelag som spelar pols til den store gullmedalje. Og ja, lite anna. Men er ein på Røros so er ein på Røros. Det er jo ikkje alle som er på Røros for å dansa pols då, martnan er meir enn det.

"Det ekje sikkert me snurre så mykje rundt i kveld..." -H.
Ein av tinga martnan er, er Kaffistuggu. Verknaden av Kaffistuggu kan oppsummerast med at balansen forsvinn proporsjonalt med at talet timar brukt der stig. Til tross for det må det seiast at dansarane frå Bergen er grueleg støe på foten - særleg i rundsnuar. Rett fram kan til tider vera verre.

Ein annan grunn til manglande snurring er rett og slett plassen i Sangerhuset. Det er ikkje ofte ein dansar i kø, men det gjer ein her. Derfor er ein og nøye med kven ein dansar før og etter, so ein ikkje får ein alboge eller hæl på skumle plassar. Men blå føter og ømme ribbein er nok ikkje til å unngå. Men også dette er noko av sjarmen, og berre i løpet av fyrste kveld ga irritasjonen seg til fordel for gryande fasjonasjon fulgt av jublande entusiasme. Dette gjeld både for å dansa sjølv, og å sjå på dei dansande, for det er mykje moro å læra. I nokre tilfelle er det eksempel til avskrekking, men i mange høve er det svært gode dansarar som dansar i kø i Sangerhuset - og her har ein sjansen til å studera dei på nært hald.

"Han som sitte der er ein av dei beste spellemennene i Sverige - og han som sitte bak han er enno bedre!" - E.
Folkemusikkmiljøet er lite, og sjølv på Røros der mange møtest, gjer det at ein kan komma nær flinke dansarar og minst like flinke spelemenn. Det gjeld både i Sangerhuset, på Kaffistuggu og på nachspiel. Instrumenta er sjeldan langt vekk, og når fire ulike grupper driv buskspel i samme rommet, og ein sit ved same bord som dei ovannemnte spelemennene, då kan ein ikkje anna enn å glisa nøgd.

"Kan noen forklare meg koffor det ligger en fele i sengen min?" -KM.
Dei mange instrumenta gjer og at dei kan dukka opp på dei undarlegaste stader. No var vel ikkje ei overkøye ein so rar stad, for slik går det når ein ligg seks stykk på eit firemannsrom. Det høyrest kanskje trongt ut, og ja det var det, men og vært kosleg. Me er ein gjeng som fungerar bra saman, der alle smitta kvarandre med skumle forkjølingar og der ingen snakka (so høgt) i søvne. Og: me rakk frukost kvar dag alle saman. Nett det er eit under.

"Driitsweet!"
Nei, eg gjorde eigentleg lite anna enn å dansa pols, eta god mat og skravla med gamle og nye kjente. Joda, eg såg litt av byen og ja, kontoen er myyykje mindre no enn før, men som innlegget viser, handla mykje om dans og musikk. Og det kan oppsummerast i rommet sitt "ord for året": Driitsweet! Eg er klar til neste år og.

(Bilete: kyrkja bak hus på Røros - her er alt gamalt, og snødekt. På handel i gardane - skal det vera ein "ny" pels? I godt humør etter middagsdansen.)

tysdag 17. februar 2009

Februar - dikt og snø

Det er tid for februardiktet. Denne gong er min kjære Olav attende, med eit heller melankolsk bidrag:

Svarte krossar
Svarte krossar
i kvite snjo
luter i regnet gruve.

Hit kom dei døde
yver klungermo
med krossar på herd
og sette dei frå seg
og gjekk til ro
under si klaka tuve.
Olav H. Hauge

Elles er det snø i Bergen, for dei som ikkje har fått med seg det. Mykje snø - og den vil kkje smelta. Det såg slik ut i går, men i dag var rododendronen like kvit att. Eg høyrer fleire som spør etter regn - det er vel berre i Bergen slikt kan skje?

Eg spør og etter regn, ikkje fordi eg ikkje likar snø og ikkje vil ha den lenger, men fordi heile byen er full av slaps, og då vert eg so våt på beina. Når eg likevel må gå i støvlar, kan det like godt vera regnver. Oi, eg merkar bergensaren i meg vert sterkare og sterkare... Men i morgon fer eg til Røros og turr snø (kryss fingrane), so kanskje eg lærer å setja pris på den?
Hagemøblane ventar og på snøsmeltinga (og eit strøk måling?)

søndag 15. februar 2009

Styrke?

Av og til opplever ein ein song på ein heilt ny måte. Det skjedde med meg i helgi, for medan eg sto saman med 5-600 andre i ein idrettshall må Voss og mumla/brølte La oss stå sammen (TT-salme frå 2004), oppdaga eg at det ikkje var linja "Nå står vi samlet" som vanleg, men derimot "Gud gi oss styrke på ferden" som sa meg noko. Ja, eg trengte nok litt ekstra styrke i helgi, 40 uerfarne konfirmantar på Vinterfestival er ikkje nett ferie.

Men det var ei fin helg, og sjølv om eg er utsliten og litt lei, står nokre augneblinkar att som svært gjevande: dei tre jentene som aldri snakkar saman som plutseleg gjorde det, gutane som sto på rømmen ved utgangen fyrste kveld som enda opp jublande midt i folkemengda, jentegjengen som fekk mot til å snakka til den nye helten sin, konfirmantane som gjekk til sin fyrste nattverd. Vinterfestivalen har sine manglar og feil, men det er ein sjanse for ungdom til å oppleva fellesskap med Gud og menneske. Gudskjelov for at ein har nokon som kan gi ein styrke til å arbeida vidare for det.

onsdag 11. februar 2009

Klesnisse

Eg ynskjer meg eit lite vesen, ein nisse eller fe, som kan sitja i klesskåpet mitt kvar gong eg skal ut: "Kva ynskje har du i dag? Snø, seks timar førelesing, vandring i byen med innlagt skokjøp, dans og eventuelt tur ut? Eg har nett det antrekket som passar!"

Nokon som har ein nisse til overs?

søndag 8. februar 2009

Høg på musikk og sukker

For å ta det fyrste fyrst: sukkeret kom frå ein halvliter brus, og enorme mengder sjokoladekakerestar.

Klokka er svært midt på natta, og eg er nett komen i seng. Den er faktisk so midt på natta at det snart er morgon att - men det bryr eg meg lite om. Og de kjenner jo meg, eg pleier ikkje vera av dei blidaste på denne tida av døgnet, kva har skjedd?

Jo, denne helgi er det fagseminar i Noregs ungdomslag. Det betyr at det er masse NU-folk i Bergen, som går på seminar om dagen, og på dans om kvelden. Midt på dagen et dei lunsj, og den lunsjen var eg med å laga til dei - svært kosleg å susa rundt i Gimle med ei oppgåve, då får ein mykje meir eigarskapstilhøve til huset og laget. Og i kveld var det altså danseframsyning og fest.

Hugsar de korleis det var når siste dans vart annonsert på diskotek når me gjekk på barne- og ungdomsskulen? Det var ein dans ein hadde sett fram til med forventing heile kvelden, enten det var ein spesiell person ein skulle prøva å få bydd opp, eller ein berre ville dansa den (og dermed gjera dansepartnaren til noko spesielt nett den kvelden). I kveld tenkte eg på at desse siste dansane, dei var viktige. Dei gjorde so mykje av kvelden, av spaninga, av oppturar og nedturar. Og so tenkte eg at eg er jammen meg glad det ikkje treng vera desse siste dansane me alltid ventar på no lenger. I kveld svinga eg meg på golvet med både ein og hin, og titt og stadig kjente eg gleda, den siste dans-gleda som kom når ein fekk dansa med nett den ein ville og det funka. Eg smilte salig både til swing med ein lang stake av ein stril, til pols med ein trøndersk spelemann og til ein sakte vals med ein rogalending. Eg hadde mange fine møte på dansegolvet i kveld, som og danseframsyninga med Martin Myhr, Solveig Hårdnes og Einar Olav Larsen (delvis) handla om - det å møta ein framand gjennom musikken og samhandla utan ord.

Klokka var vel eitt når den siste toradaren vart pakka vekk. Då hadde festen offisielt vore slutt i over ein time. Då byrja dei "vaksne og ansvarlege" (altså dei i tjueåra) å tenkja på å rydda, medan tenåringane byrja med songdans, og ikkje ville sleppa kvarandre. Det ville ikkje me vaksne heller, so det vart ein tur ut når klokka var halv to, og lagshuset endeleg låst for natta. Derfor og den noko seine kvelden, og det noko ekstatiske innlegget om dans...

Eg er forresten glad det ikkje er eg som skal på seminar klokka ni i morgon. Eg skal sova til eg vaknar.

torsdag 5. februar 2009

Slumdog Millionaire

I kveld skulle eg sjå Twilight med Solveig. Vel inne i MB ombestemte me oss fort. "Me skal ikkje heller sjå ein god film?" "Jo!" So då såg me Slumdog Millionaire, og det er eg godt nøgd med. Det er ein film som har fått strålande kritikkar, og vorte kalla ein feel good-film. Eg er forsåvidt einig i det, men den er mykje meir - ei god skildring av India, av oppvekst i slummen, om brør som er ulike men likevel brør, og kjærleik. Anbefalast!

onsdag 4. februar 2009

Fjortis i familien

I dag vart min yngste bror, Olve, fjortis. Eg har lyst å sei som Meryl Streep "Stop growing!", men alternativet er ikkje mykje betre, so du skal heller få lov å fortsetja.

Gratulerar med dagen, vetle kar! (og so skal eg snart slutta å kalla deg "vetle") (men ikkje enno, det er ei storesyster sitt privilegium)

(bilete: Olve og syskenbarn Jon sommaren 2008)

tysdag 3. februar 2009

Make A Circle

Sidan eg gjer alt eg kan for å utsetja å skriva oppgåve (dette teiknar til å bli ei av dei vekene...), rotar eg rundt på internett etter ting å ta meg til. Her er ein av tinga eg fann:

1. Put your iPod or other music player on shuffle.
2. For each question, press the next button to get your answer.
3.You must write that song name down no matter how silly it sounds.

HOW DO YOU FEEL TODAY? Animal (REM)
WHAT'S YOUR OUTLOOK ON LIFE? Bendik og Årolilja (Gåte)
WHAT DOES YOUR FAMILY THINK OF YOU? Lat det vara ved (Billa and the Kid)
WHAT DO YOUR FRIENDS THINK OF YOU? Delta (Crosby, Stills and Nash)
WHAT DO STRANGERS THINK OF YOU? Snåle mi jente (Gåte)
HOW IS YOUR LOVE LIFE? Kilden (Dåm)
HOW WILL YOUR LOVE LIFE BE IN THE FUTURE? Come Together (The Beatles)
ARE YOU GOOD AT SCHOOL? Be Like That (3 Doors Down)
WILL YOU BE SUCCESSFUL IN LIFE? Circle of Life (The Lion King)
WHAT SONG SHOULD THEY PLAY AT YOUR FUNERAL? 49 Bye-byes (Crosby, Stills and Nash)
WHAT SONG WILL YOU DANCE TO AT YOUR WEDDING? Hymne (Aftenlandet)
THE SOUNDTRACK OF YOUR LIFE ? Kathleen (A Girl Called Eddy)
WHAT MUSIC DO YOU PLAY AT HAPPY TIMES? Kansas City: Hey Hey Hey Hey (The Beatles)
… AND SAD TIMES: I´ll Make A Man Out Of You (Mulan)
WHAT DOES NEXT YEAR HAVE IN STORE FOR YOU? Perfect Circle (REM)
WHAT DO YOU SAY WHEN LIFE GETS TOO HARD? California (Phantom Planet)
WHAT WOULD BEST DESCRIBE YOUR PERSONALITY? Yesterday (Eva Cassidy)
WHAT DO YOU LIKE IN A GUY/GIRL? På`an igjen (Jan Eggum)
WHAT IS YOUR MOTTO? Roadside Rhapsody (Hans Zimmer)
WHAT DO YOU THINK ABOUT VERY OFTEN? Life´s a Mystery (Kids in the Heat)
WHAT DO YOU THINK OF YOUR BEST FRIEND? Please Please Me (The Beatles)
WHAT DO YOU THINK OF THE PERSON YOU LIKE? Leid milde ljos (Sondre Bratland)
WHAT DO YOU WANT TO BE WHEN YOU GROW UP? Alone (Buckcherry)
WHAT DO YOU THINK WHEN YOU SEE THE PERSON YOU LIKE? De skulle begrave en konge stor (Jan Eggum)
WHAT IS YOUR BIGGEST SECRET? Can´t Find My Way Home (Big Bang)
HOW WILL YOU DIE? No Woman, No Cry (Bob Marley)
WHAT MAKES YOU LAUGH? MaCahills Reel, Doherty's, Reel Gan Ainm (Danú)
WHAT MAKES YOU CRY? I Cried For You (Billie Holiday)
WHAT SCARES YOU THE MOST? Close Every Door (Philip Schofield)
IF YOU COULD GO BACK IN TIME, WHAT WOULD YOU CHANGE? I Wanna Be Loved By You (Marilyn Monroe)
WHAT WILL YOU POST THIS AS? Make A Circle (Big Bang)

Din tur!