søndag 28. mars 2010

Titter opp av jorden


Pappa fantaserar om å ta ut horva. Potetsetjing 1. april er planen, og sidan snøen er vekk er det nesten sannsynleg. Då er det vår i Lærdal! Det var vår i Bergen denne veka og, snøen som har dekka alt og alle dei siste tre månadane (91 dagar!) smeltar, snøklokker, krokus og andre byblomar tittar fram, og husa på universitetet varmar dei forfrosne steinveggane sine. Tysdag var Høyden vakker - men flott vår som Lærdal har, klarar dei ikkje der sør.

tysdag 23. mars 2010

Crossings

Det er viktig å le litt. Eller mykje. Ikkje fullt so mykje at du forstyrrar musikarane - men det taklar dei fint på Columbi Egg, folkemusikkscena i Bergen. Særleg taklar Baltic Crossing det, for dei legg trass alt opp til latterkulene sjølv. Spesielt viktig er det å le når ein har hatt ein fæl dag, der ein ikkje har lese pensum, oppdagar at lommeboka ligg att på ein buss (send more money! pr. brev...) og ikkje minst at ein knapp manglar i den nya jakka - krise! Då er det godt ein kan gå på konsert med fem karar frå Danmark, Finland og "northern parts of" England - og trampa takta og le alt vekk. Høyr dei på myspace, kjøp plata, eller best av alt, gå på ein av konsertane deira. Eg garanterar godt humør etterpå.

søndag 21. mars 2010

Men hadde eg aora

Me dumma oss ikkje loddrett ut i Grieghallen. Litt skryt fekk me til og med, og mot til å syngja Nøringen av full hals for ein fullsett Peer Gynt-sal, og å le litt når stega sette seg fast i golvet. Det var godt humør, om enn litt nervar, før kulturkvelden til Norsk-Tamilsk Helseorganisasjon byrja. Kanelbollar hjalp på dei siste.

torsdag 18. mars 2010

Rocky Horror

Eg såg The Rocky Horror Picture Show når eg var ti eller noko. Det var iallefall rett etter at eg hadde sett Fame fyrste gong. Eg burde nok ikkje har sett det då - og eg må innrømma at eg ikkje hugsar noko som helst anna enn at det var sjokkerande. Og no, 13-14-15 år etter, er det enno sjokkerande. Og utruleg artig!

Det var fleire gonger eg tok meg i å gløyma at det var kjensfolk på scena og i produksjonen. Både fordi det var høg kvalitet, høgt energinivå og til tider litt pinleg - det er ikkje nett lite naken hud, svarte nettingstrøper, raude hoftehaldarar og sex her... Eg vart nesten overraska når Guro kom på scena til siste nummer og applaus - nei, det var ikkje proffe, nei. Heller ikkje regissør Ingrid - men ho kan bli det... Produksjonen var kanskje det mest imponerande, språket var naturleg (likar den naturlege dialektbruken!), lyssettinga bra, lyden grei nok og musikken flott.

Desverre er alle førestillingar utselt, og eg takkar fjesboki og gode lærdalsjenter for at eg fekk billett og ein moro torsdagskveld. Men rykta går om ekstraførestillingar - kanskje i mai? Me kryssar fingrane for det, for eg har ingenting i mot ein runde til. Hurra for flinke folk!

måndag 15. mars 2010

Jalla!

Fredag morgon pakka eg sekken. Eg sjekka og dobbelsjekka, men kom gong på gong fram til at eg hadde alt. Det eg alltid sakna var passet, men eg har jo skjønt det slik at ein ikkje treng det til ei helg på Dagali, uansett kor internasjonalt miljøet elles er. Vel inne på toget kom eg på at eg hadde gløymt tannkosten...

Men til Dagali kom eg, med nyinnkjøpt tannkost, saman med 11 andre. På hytta var det fem bergensjenter til, so me var 17 til saman på ICWeekend. Berre seks var ICYarar frå Oslo og Bergen, men me hadde, i tillegg til dei fem bergensarane, og lurt med oss tre CFCarar og tre GoCYarar (og ja, forkortingar er ein viktig del av KM (!)).

Helgi vart brukt på hyttevis - lange måltid, lange kortspel, aketurar og graving av hol,  ICY-aktivitetar og rebusløp i snøen. Og meir enn nok tid til å verta språkforvirra..

søndag 7. mars 2010

Takras

Her måkte eg fredag. Fin sti (litt) bortover, fri passasje kring troppi. Eg tenkte at "no smeltar det snart, då er det greitt at det ikkje er so mykje nett der me går ut!" Men den gang ei - i dag har meteren på taket komme ned, med bulder og brak og stor spenning. Det verkar nesten som huset er gått lei og ristar av seg vinteren som har tynga det i snart tre månadar. Og det er fint det - men eg hadde altså måkt rundt troppi...

torsdag 4. mars 2010

Nowhere Boy

Nowhere Man, please listen,
You don't know what you're missing,
Nowhere Man, the world is at your command!


8-10 år etter skreiv John og Paul refrenget over. Men på slutten av femtitalet hadde dei knapt møtt kvarandre, The Quarrymen var sovidt i oppstartsfasen, John budde med Mimi medan han drøymte om å verta kjent med Julia, og ingen hadde enno tenkt på The Beatles. Men publikum tenkjer på The Beatles. Dei tenkjer på John og Paul og George og etterkvart Ringo, dei veit historia berre sovidt har starta når bandet fer til Hamburg og filmen er slutt. Det kan gjera det vanskeleg å laga film av slike kjente soger, vanlege liv som vert eventyr, draumar og mareritt om kvarandre. Men i Nowhere Boy har dei klart det. John er enno ikkje John Lennon, Paul er enno ikkje Paul McCartney - men potensialet ligg der, ein ser det lysa av dei unge skodespelarane at dette er berre byrjinga. Historia om John, Mimi og Julia var berre byrjinga på soga om John Lennon - men vart ein fin og heilskapeleg film frå eit spanande Liverpool på femtitalet. Verdt å sjå for oss som kan vår Beatleshistorie, for dei som ikkje kan den (men ikkje still tåplege spørsmål undervegs slik som jentegjengen attmed meg!) eller dei som berre vil sjå ein god og litt anleis film.