Fredag morgon pakka eg sekken. Eg sjekka og dobbelsjekka, men kom gong på gong fram til at eg hadde alt. Det eg alltid sakna var passet, men eg har jo skjønt det slik at ein ikkje treng det til ei helg på Dagali, uansett kor internasjonalt miljøet elles er. Vel inne på toget kom eg på at eg hadde gløymt tannkosten...
Men til Dagali kom eg, med nyinnkjøpt tannkost, saman med 11 andre. På hytta var det fem bergensjenter til, so me var 17 til saman på ICWeekend. Berre seks var ICYarar frå Oslo og Bergen, men me hadde, i tillegg til dei fem bergensarane, og lurt med oss tre CFCarar og tre GoCYarar (og ja, forkortingar er ein viktig del av KM (!)).
Helgi vart brukt på hyttevis - lange måltid, lange kortspel, aketurar og graving av hol, ICY-aktivitetar og rebusløp i snøen. Og meir enn nok tid til å verta språkforvirra..
Statsministrene støtter universitetsinititativ
for 5 dager siden
Takk for en fin helg!
SvarSlett