måndag 31. januar 2011

Sovesal

Storbyferie. Ein er ung og eventyrlysten - iallefall i planleggingsfasen. Sentralt, billeg, ungt og frisk. Gjerne med bar i kjellaren, eller i toppetasjen. Då kan ein ta ei øl, eller eit glas ananasjus, med folk på sin eigen alder, til dømes dei ein bur på rom med. God ide.

Og det er jo ein god ide. Det er ein god ide heilt til klokka er nesten midnatt, ein nesten har sovna - Argentina har slutta å snorka - og sjettemann kjem inn. Sjettemann legg på sengetøy. Sjettemann sparkar ein stol tvers over golvet. Sjettemann er ein mann i femtiåra. Sjettemann har ingen skruplar mot å bråka sjølv om dei fem andre ligg tyste i sengene sine.

Kvelden etter er det ein god ide att. Sjettemann er vekk, attende er norsk 1 og 2, argentinsk 1 og 2 og kinesisk (1). Skravling og latter i baren i toppetasjen, og ein tidleg kveld. Dei andre skal reisa dagen etter, Argentina sluttar å snorka. Norsk 1 (eg) mumlar i søvne, men det merkar jo ikkje eg.

Argentina 1 og 2 og Kina er vekk siste kveld. I deira stad er Australia 1 og 2 komne - og det er Australia Day. "Babe, you're so drunk. Babe, you're snoring!" Babe, tig stilt... Norsk 1 og 2 diskuterer: Kva skal me sei for å få slutt på sagbruket? Ho er australsk, kva trur me ho heiter? Kathy, seier norsk 2, eller Lisa. "Babe, stop snoring! Kath (!), I've never heard sounds like that from a girl!" Sjølv sovnar han med på golvet med hovudet på telefonen, og halve kroppen oppi kofferten til Kath babe.

"Hadde dei ikkje vore so unge, hadde eg nok vore irritert," seier norsk 2 overberande dagen etter. Plutseleg kjenner ein seg mykje eldre i gjennomføringa enn ein var då ein i planleggingsfasen fann ut at sovesal på hostel var ein god ide.

Berlin

Kva gjorde de i Berlin? Hadde de det fint? Ja... Me såg store delar av undergrunnen. So vart me litt våte på beina. Eg hadde ikkje noko særleg med pust. Me handla mykje i eit tidsperspektiv, lite i ting heim i kofferten. Og so såg me oss no litt omkring.
Eg i holocaust-minnesmerket. Ganske dramatisk med eit slikt massivt minnesmerke midt i byen, mellom Riksdagen og Potsdamer Platz.
På Grüne Woche hadde dei det meste, til og med ei kyr ein kunne prøva å mjølka. Frida gjorde det ikkje so aller verst - eg turde ikkje, sidan det kunne gå ut over min stoltheit som mjølkar (av geiter, men likevel)
Grüne Woche handla òg mykje om øl. Ein stad hadde dei samla alle tyske ølmerke. Det vart ein heil del...
Ein eigen hall med krydder og te. At eg ikkje kom ut att med meir var eit under. Og det eg kom ut att med forsvann jo undervegs...

Ein kan ikkje vera i Berlin utan å sjå muren. Sjølv om det sludda, gjekk me langs heile East Side Gallery, og fekk med oss murkunsten der.
Me var nok i alle bydelane innanfor sone A på eit eller anna tidspunkt. Me åt god mat opp til fleire stader. Det beste var nok fyrste kvelden, då me rota oss opp i Prenzlauer Berg på bakgrunn av Frida sine notatar med ei adresse og eit U Bahn-stopp. Etter ein del tolking og trasking endte me på Prater Garten, der me fekk både store kjøtstykkje og heilsteikt fisk. Suksess, altså.

tysdag 25. januar 2011

Grüne Woche

Mil etter mil etter mil - gjerne kab eit gamalt ektepar i sneglefart.
Arabisk kaffi midt mellom India og Aserbadsjan.
Ost, vin, øl og pølse.
Studering av kart, fargekoda. Me fulgte maten.
Vonde bein og hoste.
Tyrkisk te for 100 kr - attgløymt på do.
Sjokolade og smakprøvar, krydder - og meir øl, vin, ost og pølser.

torsdag 20. januar 2011

Lysare

"Jaja, no vert det berre lysare og lysare for kvar dag," sa Kim, og såg tankefullt ut av vindauga. Han høyrdest ut som sin eigen bestefar, antakeleg, og det var nok difor me lo. For då me kasta forsiktige blikk ut på den grå morgonen måtte me gje gamlefar rett. Skuggane er ikkje lenger so lange, det grå er lysare grått.

måndag 17. januar 2011

Ynskjebrønn

Natt til søndag skreiv eg skjønnlitteratur. Det har eg ikkje gjort på ei stund, og so vanskeleg det var so fann eg vel fort ut at det vert lenge til neste gong òg. Sidan resultatet vart ei novelle på ca ei halv side, trur eg eg erklærer det eit dødfødt forsøk, og skal skåna dykk alle, og meg, frå ei skremmande leseerfaring. Men problemet her er ikkje at min innebygde forfattar er daud, men derimot at eg likar å skriva. Og eg likar særleg godt å skriva ting som ikkje er mi eiga masteroppgåve - og ikkje skjønnlitterært heller, viser det seg. Og som den alt for korte novella (finst det noko kortare? Scene?) med alt for mykje regn òg illustrerer, so byrjar fantasien min å gå litt tom. Derfor har eg tenkt å overlata nett det til deg, kjære lesar.

Ideen om ein ynskjebrønn har eg teke frå Magnhild, som gjorde nett dette for nokre år sidan. Den går altså ut på at oppfinnsame og/eller nysgjerrige blogglesarar kan ynskja seg kva eg skal skriva om (gjerne i kommentarfeltet), stilla spørsmål, komma med påstandar eller tema, og so skal eg prøva so godt eg kan. Resultatet er heller usikkert, det er klårt - men det er de som må komma med starten. Kun fantasien, og min eigen sømelegheit, set grenser. Tør du?
http://www.tdcomics.com
 P.S. Til bekymra foreldre, studiekameratar osb: Dette skal på ingen måte gå ut over masteroppgåveskrivinga. Den går so haltande på eiga hand...

laurdag 15. januar 2011

Laurdag ettermiddag

"People who don't want to live, people who would sooner hibernate than feel intensely, will be wise to eschew literature" (A. Bennett) 

- or: "People who would rather have a life, people who would sooner be on the town than high on coffee and green leaf tea at the reading room, would be wise to eschew literary studies..." (Ms Lysne). 

 Men kven vil no vera eit slikt menneske?

tysdag 11. januar 2011

Produktivitet?

Pengeprosjekt

Pengeinnsamlingar er jo stort året rundt, og kanskje vert det ekstra mykje kring jul. Gje til alle dei som ikkje har!, skrik det mot ein. Ja, ein vil jo gjerne det, men det er so mange, kven skal ein velja? Korleis veit ein pengane kjem fram? Kven står for det ein sjølv vil stå for? Og korleis skal ein unngå å bli fanga i ein evig runddans med telefonseljarar og tom brukskonto? Ok, me har pengane, og ofte lysta, men det er jo noko som stoppar. Kva det er veit eg ikkje, redd verda-hjarta mitt har ofte undra på kvifor eg går utanom Kirkens nødhjelp og Leger uten grenser sine folk på Torgallmenningen.
So kjem adventstida, og med den eit enno større fokus på nett dette. Ein kjøper eit Megafon og tenkjer at "No var eg flink". Og det var ein jo. So går ein heim, loggar på fjesboki, og vert med i Bergans sin adventskalender. Eller banken sin. Eller Studentkortet, kva no det er. Eller Gjerrigknarken, for dei som kjenner seg heime der. I alle har ein høve til å vinna noko. Moro det - men kva er det moroaste med jula? Jo, å gje sjølv, det sler me jo fast gong etter gong. Men - kven skal ein gje til?

Då er det at det dukkar opp slike folk som Lars (tidlegare Oslo ICY) eller Kristoffer i Kenya, som har eit svar, og ikkje minst eit engasjement. I adventskalenderen til Lars hadde ein høve til å gje akkurat som mykje ein ville, gjerne ut frå eit system med faste dagar osb. Pengane gjekk uavkorta til eit kvinnesenter i Abu Dis, Palestina, som no får over 13 000,- frå Lars og hans medsamansvorne sine vener. Kristoffer har eit større prosjekt. Han bur i Mombasa i år, er GoCYar i YWCA der, og vil bygga brønn. I dag kom meldinga om at sidan byrjinga av desember har òg han fått inn omlag 12 000 frå sine vener og veners vener, men han manglar enno kring 6000.

Eg er so imponert! Joda, over givarane òg, som finn ut at dei kan avstå litt i førjulstida - eller av stipendet i januar. Men mest over iniativtakarar som Lars og hans Helene, og ikkje minst Kristoffer som drøymer, planlegg, reknar, har møte med myndigheiter og organisasjonar, og sikkert kjem til å gjennomføra planen sin om å gje vatn til ein heil landsby. Det er enkelt for oss å verta med i ei fjesbok-gruppe og nokre dagar seinare overføra ein eller annan valfri sum til eit oppgjeve kontonummer - vel, det burde vore lett iallefall. Men desse gir av seg sjølv, si tid, sitt engasjement, sine draumar. Og so let dei oss få vera med, få kunne sei om nokre månadar at "eg var med. Eg bygde brønn i Kenya". So heldige me er, som får vera med på slike prosjekt, og so heldige verda er, som har engasjerte folk, som tenkjer og drøymer og trur.

onsdag 5. januar 2011

This place just gets weirder and weirder

Eller kanskje ikkje? Det var den fyrste Narnia-boka som var skikkeleg magisk (ok, dei fyrste, både Løven, heksa og klesskapet, som kom fyrst, og Legenden om Narnia, som skal lesast fyrst). Og det var dei fyrste seriane som var magiske (eg hugsar Sølvstolen aldri kom opp mot dei tre fyrste), me hadde då aldri sett flygande dyr før? Her skein magien mot ein. Lyktestolpen i skogen. Faunen. Dei snakkande dyra. Den kvite heksa. Verda bak skåpdøri, nedi dammen, bak biletet. Etter det vart det liksom ikkje like magisk. Det kom lite nytt - joda, nye eventyr, men ingenting er like sjokkerande som ein tedrikkande faun, eller ei snakkande løve. Kanskje det er derfor tredje film i serien har fått so dårlege kritikkar òg? Narnia er berre, vel, Narnia.

Men veit du, eg synes det er godt nok eg. C.S. Lewis er ingen Tolkien, Edmund er ingen Harry Potter. Men det skal dei ikkje vera heller. Narnia er landet der ein veit, akkurat som Lucy, at det går bra til slutt. Det er det vakre og det varierte, det er det magiske og mystiske, det er der Aslan kan ordna alt, berre menneska er modige nok og trur.

Filmen er rett og slett vakker, fin å sjå på. Som Avatar var det, eller som den førre Narnia-filmen for den del (men den var dårleg på so mange andre måtar). Mine fordommar mot 3d er nok velkjente, men når dei no har pådrege seg styggedomen i Sogndal òg, so kan ein vel ikkje unngå det lenger. Og ærleg tala: Eg er omvend. Skal ein fyrst sjå so fine bilete som det er i Narnia, so kan ein like godt sjå det i 3d, det funkar perfekt. Ikkje vart eg sjøsjuk heller, pluss berre det.

Eit anna pluss - skodespelarane er blitt flinke! Der Daniel Radcliffe berre vert dårlegare og dårlegare (go figure) vert Georgie Henley faktisk berre flinkare. Og Ben Barnes òg, og det er godt, for fyren er mmm, vel, hm, ja... du veit. Prins Caspian var faktisk ein av mine (mange?) fyrste forelskelsar, og når eg ser han her so skjønnar eg kvifor.

Oppsummering: Narnia er enkelt. Narnia er sopass komplisert at ikkje alt passar på film. Narnia er ein lang serie. Innrømmelse: eg hugsar ikkje store delar av boka, so ein blodfan saknar nok meir, og vert nok rasande over endringane. Men Reisen til det ytterste hav er eigentleg ganske so bra som eventyrfilm for store born (og det er jo nett det eg er, er det ikkje?)

tysdag 4. januar 2011

Tyl

Men ein tunnel utan desse utvidingane inni. Så når me såg lyset der på Logen, så var det som å koma til Aurland. Me starta vel på Håbakken, så gjekk det jamt nedover. 
Finn Tokvam / Halvor Folgerø, i intervju på Framtida.no

Slik skildra Tokvam og Folgerø skriveprosessen. Og slik gjekk vegen, frå Håbakken til Aurland, for teaterpublikumet og. Og lyset såg me, i lampa frå Logen over jazzbandet på scena.

Det var ei jul for lenge sidan. Antakeleg var det i 2005, alle prov peikar dit, sjølv om me ikkje hugsar heilt. Ei ny bok var komen i hus i Skjerdal, i hardperm og med signatur inni, frå forfattaren må vita. Me var mange om beinet den nyårshelgi, eg var nederst på rangstigen og måtte lesa i lyset frå iPoden midt på natta. Men det gjorde ikkje so mykje, for boki var lettlest, morosam og til å kjenna seg att i. Det måtte no vera Aurland dei skreiv om? Eller Lærdal? Kanskje Sogndal - vel, Norane gjerne?

Og no er det teaterstykke. Like humoristisk, like bittersøtt, like fullt av folkeleg song og henvisingar til kvardagen til ein vestlending - Charlie Parker, Olav Stedje, Samvirklaget, festivalar, kommunegartnaren og det å kanskje ein gong å skulla ha flytt til byen. Høgkultur er det ikkje, det SoFT spelar, men det skal det ikkje vera heller. Det skal vera eit stykke der ein sit att og tenkjer at "Jo, det var eit par skikkelege tylar, det der - og han Konrad hadde nok rett, Stalin var ein god helvett, han."

Denne veka er det turne i Sogn, neste helg ventar Logen, der alt starta og slutta. Eg stiller gjerne som fylgje, om det måtte vera ynskjeleg.

søndag 2. januar 2011

Godt år!

Tradisjonen tru sto storfamilien i svingen og ropte godt nytt år til Aurland. Aurland svara med å senda opp rakettar, som me såg spegla seg i fjorden langt der nede. Me der oppe hadde stjerneskot, som gjorde som dei ville i vinden, og Olve hadde fotoapparatet mitt. Stor moro!

Veke 52

Det gjekk nesten, prosjektet mitt. Eg har ca 52 innlegg, dei fleste posta ca på ein søndag. Nokre gonger på ein torsdag, men slik kan det gå. Og eg har faktisk ca 52 bilete og, men det er litt takka vera bonusveka frå i fjor, som eg tok med. Ikkje alle bileta er like interessante. Nokre veker heldt det hardt, nokre veker var det ei overflod. Om eg har lært so mykje, veit eg ikkje. Eg har lært minimalt om det tekniske ved fotografering. Eg har lært at det hjelper ikkje å berre kjøpa nytt fotoapparat. Eg har òg lært å alltid ha med meg fotoapparat - men eg har ikkje lært å bruka det i alle situasjonar. Eg vurderte eit "prosjekt 365". Eg trur me utset det...

Eirik på Nigarden er det siste biletet i prosjekt 52 v. 2010. Kanskje vert det ein versjon 2012? I 2011 skal eg istadenfor læra meg å bruka fotoapparata utan tvang, men med stor lyst.

Farvel, 2010

Eg er som vanleg litt seint ute, eg. Eg skuldar på feriemodus, men er redd det er langvarig.
Dei seier ein ikje skal ta med seg det forgangne (her: 2010) inn i det kommande (her: 2011), at ein ikkje skal dra med seg det som er forbi, at ein skal sjå framover - eller var det leva i nuet ein skulle? "Dei" seier so mangt, og eg vil no ha med meg 2010, eg, iallefall minna av det. For ikkje berre var det eit år av den betre typen (eg kjem i farten ikkje på eit overvettes dårleg år til samanlikning, men det får heller stå seg i prøve). På den andre, eller same, sida, studerer eg trass alt litteraturhistorie, og må, eller bør, dermed pr. def. vera oppteken av fortida, eller iallefall tru den har innverknad på notid og framtid - preteritum, presens, futurum, eller noko slikt. Dermed (med ein ide heilt og fullt stole frå Ida), gir eg tolv glimt frå året som var (og ber om at de sjølve fyller inn alt som manglar, og tenkjer over kor grueleg vanskeleg denne utveljinga var...):
Foto: eg
 Januar var innemånaden, vera-i-ro-månaden. Eg var forkjøla som aldri før, og elles oppteken med studiar, dans, kor, LiV osb.
Foto: pappa
Men i februar byrja eg å lea på meg. Ikkje berre utomhus, men og utanlands. Thailand med familien, og London med LiV-kurset. 

Foto: Heidrun
I låglandet byrja snøen som hadde dekka Bergen i månadsvis (!) å forsvinna, men i høglandet låg den enno i mars. Med ICY på Dagali fekk eg grava hol i den.

Foto: eg
I april reiste eg utanlands att, denne gong på føreksamenstur til Janne i York. Taket på Minster fekk besøk, men eg er nøgd det var gitter kring utsikta, høgderedd som eg er.

Foto: Stina
 Olve vart vaksen i mai! Då sto han konfirmant, og var òg den einaste som stod fint på bileta.

Foto: Anbjørg
Etter eksamen i juni for eg sporenstreks på festival i Sverige. Regnet var inga hindring for humøret!

Foto: eg
Eit år på etterskot fekk mamma og pappa 50 årsdagsgåva si i juli. Padletur og brevandring for heile familien på Styggevatnet og opp Austdalsbreen.

Foto: Gjøri
Øystølen i august. Slik det skal vera. Meg på hest er derimot eit meir sjeldan syn. Eg kjente meg ikkje nett trygg, sjølv om Raui er ei adstadig gamal dame.

Foto: eg
I september var det attende til bøkene, og den store, altoverskyggande og skumle masteroppgåva. Heldigvis skein soli i Musehagen, og ein har gode studievener i same situasjon. 

Foto: Venskap Jeriko-Lærdal
45 lærdøler og andre affilierte for til Jeriko i oktober, for å feira 10 000 årsjubileum 10.10.2010. Her er (nesten) alle samla ved Elishas kjelde.

Foto: ?
Ute er det ruske og fælt novemberver. Inne dansar folkedansarar sjølvkomponert linedance.

Foto: Wiebke
Julestemninga kom liksom aldri. Kvifor ikkje berre droppa prosjektet då, og reisa til Spania i desember? Men berre ein snøggtur, for juli, den må ein feira heima. 

Godt år!  
var det. Og godt år ynskjer eg deg.