tysdag 11. januar 2011

Pengeprosjekt

Pengeinnsamlingar er jo stort året rundt, og kanskje vert det ekstra mykje kring jul. Gje til alle dei som ikkje har!, skrik det mot ein. Ja, ein vil jo gjerne det, men det er so mange, kven skal ein velja? Korleis veit ein pengane kjem fram? Kven står for det ein sjølv vil stå for? Og korleis skal ein unngå å bli fanga i ein evig runddans med telefonseljarar og tom brukskonto? Ok, me har pengane, og ofte lysta, men det er jo noko som stoppar. Kva det er veit eg ikkje, redd verda-hjarta mitt har ofte undra på kvifor eg går utanom Kirkens nødhjelp og Leger uten grenser sine folk på Torgallmenningen.
So kjem adventstida, og med den eit enno større fokus på nett dette. Ein kjøper eit Megafon og tenkjer at "No var eg flink". Og det var ein jo. So går ein heim, loggar på fjesboki, og vert med i Bergans sin adventskalender. Eller banken sin. Eller Studentkortet, kva no det er. Eller Gjerrigknarken, for dei som kjenner seg heime der. I alle har ein høve til å vinna noko. Moro det - men kva er det moroaste med jula? Jo, å gje sjølv, det sler me jo fast gong etter gong. Men - kven skal ein gje til?

Då er det at det dukkar opp slike folk som Lars (tidlegare Oslo ICY) eller Kristoffer i Kenya, som har eit svar, og ikkje minst eit engasjement. I adventskalenderen til Lars hadde ein høve til å gje akkurat som mykje ein ville, gjerne ut frå eit system med faste dagar osb. Pengane gjekk uavkorta til eit kvinnesenter i Abu Dis, Palestina, som no får over 13 000,- frå Lars og hans medsamansvorne sine vener. Kristoffer har eit større prosjekt. Han bur i Mombasa i år, er GoCYar i YWCA der, og vil bygga brønn. I dag kom meldinga om at sidan byrjinga av desember har òg han fått inn omlag 12 000 frå sine vener og veners vener, men han manglar enno kring 6000.

Eg er so imponert! Joda, over givarane òg, som finn ut at dei kan avstå litt i førjulstida - eller av stipendet i januar. Men mest over iniativtakarar som Lars og hans Helene, og ikkje minst Kristoffer som drøymer, planlegg, reknar, har møte med myndigheiter og organisasjonar, og sikkert kjem til å gjennomføra planen sin om å gje vatn til ein heil landsby. Det er enkelt for oss å verta med i ei fjesbok-gruppe og nokre dagar seinare overføra ein eller annan valfri sum til eit oppgjeve kontonummer - vel, det burde vore lett iallefall. Men desse gir av seg sjølv, si tid, sitt engasjement, sine draumar. Og so let dei oss få vera med, få kunne sei om nokre månadar at "eg var med. Eg bygde brønn i Kenya". So heldige me er, som får vera med på slike prosjekt, og so heldige verda er, som har engasjerte folk, som tenkjer og drøymer og trur.

1 kommentar: