laurdag 31. juli 2010

Ferieveke

Dette er ei av dei vekene som rommar alt, heile sommaren på sju korte dagar. Lat meg oppsummera:
- måndag: jobb og so avslapping heime, med film og bok og mamma
- tydag: jobb, og om kvelden høying og kajakkpadling i Skjerdal
- onsdag: ugrastaking, og om so tur til St. Tomas-kyrkja på Filefjell der Gjermund Larsen Trio heldt konsert
- torsdag: ferietur med familien til Jostedalen, med kajakkpadling, brevandring og sidan middag i varme Solvorn. Film om kvelden med gutane - men me sovna før siste kampscena alle tre
- fredag: potettakst og konsert i Kvammegården
- laurdag: jobb og sidan dans på Fjordstuen
- søndag: ?
Variert og vakkert!

torsdag 29. juli 2010

Med kajakk og isøks

Mamma og pappa kom seg aldri i gang med å ynskja seg noko til femtiårsdagen. Dermed fekk dei noko eg har ynskt meg lenge, og som det var lett å overtala gutane til å vera med på: kajakkpadling og bretur med Icetroll i Jostedalen. Fleire av oss har tvilt om att og om att i sommar - det er alt for mykje som skal stemma: fri for mamma, pappa og Eirik, inga innhausting, inga vatning, Olve heima, eg fri og helst ikkje alt for gale ver. Umogleg? Nesten. Men plutseleg klaffa det, og me tumla ut av sengene klokka seks. Og resten av dagen tok me massevis av bilete:
Litt over ti fann me oss sjølv flytande i Styggevatnet, side om side med to belgiarar, to nederlendarar, ein amerikansk guide og eit par isfjell. Ikkje det verste selskapet, det.
Vel framme ved brekanten til Austdalsbreen drog me kajakkane på land og tok fram nistepakken.
 Og so skulle me ut på nye eventyr, denne gong med tog og stegjern.
Og isøks!
Me traska rundt på breen i ein time, akkurat i utkanten av spekk-området der breen tippar ned mot vatnet. Me fekk sjå ned i ei stor sprekke, men eg må innrømma det var moroast berre å gå, og høyra litt på knakingane i isen.
Og so var det nye moglegheiter for bilete, vakkert oppstilt. Ser dette kjent ut, forresten? Det kan vera fordi dette
var julekort frå familien Skjerdal/Lysne for omlag ti år sidan...
Etter breturen var det på tide å komma seg i kajakkane og padla heimover. No byrja me å merka padlinga i hender og eksler, men det var god driv likevel. Alyssa, den amerikanske guiden, skravla enno på amerikansk vis (den jenta snakkar nok meir i løpet av ein arbeidsdag enn eg gjer, og min jobb går ut på å snakka...) Halvanna time etter at me la ut frå strondi hjå Austdalsbreen, kravla me i land ved demningen i andre enden av vatnet, godt nøgde med dagen.
Dagen var forresten ikkje heilt over enno, inkludert i gebursdagsgåva var nemleg middag "på dertil eigna stad." Me fann ut at staden var Linahagen Kafe. Der kom me verkeleg i siste liten, middagsserveringa var eigentleg avslutta - men sidan det er skjerdøler (ikkje vår familie, men likevel) som driv kafeen og bui, so vart det både middag og kaffi på oss i vakre Solvorn.
Og slik slutta ein fin, og lang, feriedag for familien, med mange opplevingar, litt kajakkdiskusjonar og mykje latter. Ein slik tur hugsar ein lenge, og det er verdt den tidlege morgonen og planlegginga for å få ting til å gå i hop. Anbefalast!
Sjå kor nøgde me var på toppen av breen!

onsdag 28. juli 2010

Verdsarvhøy og kajakktur

Når høyet skal i hus i Skjerdal, er det ikkje alltid berre å køyra fram ein traktor og lessa opp. På Ståflaten, ei lita eng mellom elv og fjord, fylte me sju storsekkar med turt og fint høy, onkel Harald festa motor på flytebrygga, og so bar det inn fjorden til der fjord og bilveg er i nærleiken av kvarandre. Gjøri og eg for etter, i litt mindre original farkost, nemleg dei nyinnkjøpte kajakkane. Fjorden var blikkstille, soli gjekk ned bak fjella og det var verken eit vindpust eller andre reisande (utanom flytebrygga) til å forstyrra kveldsroa på Aurlandsfjorden. Kort sagt idyll.
bilete: Harald og høyet på flytebrygga ("Høy er gøy!")
Eg og Gjøri med snuten mot Undredal, fotograf: Anne Karin

søndag 25. juli 2010

Vinjerock 2010

 
Eit par tusen menneske i fjellsko. Eit par døgn i fjellet. Ikkje ein regndråpe. Då seier det seg sjølv at det er bra stemning, og eg har det godt. Særleg når musikken er god på toppen av alt - på toppen av Noreg.

Men gubbevares, kor kaldt det var om natta! Tre lag ull fekk ikkje bukt med mine kalde føter, og laurdag føremiddag vart dermed ei slapp affære. Heldigvis gjer ikkje det noko, utsikt over festivalområdet eller ein kaffikopp til lyden av islandsk reggae er absolutt ikkje det verste som finst.

Vinjerock er ein av dei festivalane ein kan komma attende til år etter år - alltid noko kjent, og likevel nytt. For femte år på rad ligg Lærdalscampen lengst opp mot Uranosi. For femte år på rad spelar store band på scena midt i Jotunheimen. For tredje år på rad har eg kost meg der. Årets høgdepunkt var Ralph Myerz and the Jack Herren Band, ei liveoppleving av dei store og verdt festivalpasset nesten åleine. Det er og ein av dei festivalane som kunne ha vokse seg større enn sitt eige beste - men det er naturlege avgrensingar for det. Det er nemleg grenser for kor mange som kan fraktast langt inn i fjellheimen, og grenser for kor mange det er plass til på parkeringsplassen til Eidsbugarden, som husar festivalområdet. Og godt er det, då kan festivalarrangørane konsentrera seg om å gjera opplegget enno betre, noko dei gjer kvart einaste år. Men ein må nok vera enno meir om seg for å få billettar neste år - og det har eg tenkt på vera. Dyrt er det, men verdt det. Ei helg i Jotunheimen, godt ver, godt selskap, god musikk. God festival, rett og slett.

bilete: Festivalstemning
Kledd for soveposen, i tre lag ull.
Tipiar tener som mattelt og intimscene
Eit utsnitt av fesivalcampen sett frå Lærdalscampen

onsdag 21. juli 2010

Kake for våte sommarkveldar

Ta eit sukkerbrød. Ok, bak det gjerne fyrst. Del det i to og ta eit val: bruka heile eller bruka halve. Eg brukte heile, då vert kaka stooor. Visp fløyte til krem og bland i 3-5 dl sjokoladepudding. Piano ferdig sjokoladepudding funkar fint - og so vispar du litt til. Dynk sukkerbrødet med mjølk eller saft. Eg valte ripssaft, for å få noko syrleg saman med all den søte sjokoladepuddingkremen. So legg ein kake, krem, kake og meir krem i vanleg bløtkakestil. Pynt med "sesongens frukt og bær," hjå oss vil det for tida sei solbær og enorme mengder rips. Sidan høvet er mamma og pappa sin 26. bryllaupsdag, passa det godt med kvite sukkerhjarte av typen Freia i tillegg. Vips, ein har ei fin feriekake til våte sommarkveldar, med både søt trøyst og frisk sommarsmak. Klar, ferdig, nyt. Det skal me gjera.

P.S. Dersom du får lyst på vaniljesaus attåt sjokoladepuddingen og ripsen, skjønnar eg godt det.

Turistinfodag

Eg har jobba heima i vel ein månad. Det ser ikkje heilt slik ut på kontoen, for eg har jo teke meg litt fri innimellom - men det trengs det, skal ein lada opp att til eit nytt skuleår. Dessutan har eg ikkje vore like blid på jobben, sidan dei har forandra opningstidene til 10-18, noko som gjer at dagen går - og ein er heilt åleine, heile tid. Men men, slik er det turistbransjen for tida, innstrammingar både her og der, verkar det som.

Men altså, ein turistinfodag. Lat oss ta ein heilt gjennomsnittleg dag. Lat oss ta dagen i dag:
-10.01. Opnar døri, sler på maskiner, loggar inn på pc. Do? Jepp, rett bak antikken. Nei, ikkje inn døri med "staff only". Sukk
-10.09. Masse folk! Hjelp!
-10.20. Australsk par. I love it! Berre ikkje so bra at eg får den dialekta...
-10.23. Min tidlegare sjef ringjer. Eg må innsjå at eg berre har innbilt meg at det går betre i turistbransjen enn folk fryktar, besøket er til og med dårlegare enn i fjor. Er det denne finanskrisa dei påstår er der ute i verda som har skulda?
-11.21. Australiaren takkar overstrøymande for internett og hjelp og for at han har fått møtt lokalbefolkninga. Jaja, kvar si lyst
-12.56. Kva er det med nordmenn og fingerbjør?
-13.07. Lars frå Villakssenteret fekk ikkje nett sjekka e-posten sin i fred. Turistane i Lærdal let seg nemleg ikkje stoppa av eit nervøst "Jammen, eg jobbar ikkje her..." Godt han har lang fartstid i turistbransjen, so fer dei ikkje so feil
-13.11. Lars trekte attende det tidlegare gjevne komplimentet om min smak i lesestoff. Sidan eg, rett før han kom, tok pause frå Ifor Evans sin "A short history of English literature", veit no villakssenteret at sommarlektyra mi mellom anna er "Bare du og jeg" i serien Romantiske bestselgere. Jaja, det var det imaget
-13.32. Lite Nytt rett over vegen spelar Sigrid Moldestad (og driv dermed aktiv turistlokking). Eg dansar vals
-14.22. Tyske koner er nok hakket meir sjefete enn andre - eller kanskje dei berre høyrest slik ut? Iallefall ropar dei meir enn andre på mennene sine: "Kommst du, Jo!" "Nein..." Men kjem gjer han likevel
-15.20. Ei russisk dame byrjar å gråta når eg fortel kor villakssenteret er. Nei, dama, det er ikkje langt vekk! Forklåringa får eg nok aldri
-15.35. Bie i håret! Uæææ!
-15.36. Døøø! Død.
-16.10. Skambankt, Ifor Evans og te. Ikkje å forakta det
-17.21. Liste over folk ein aldri skal på tur med: born (særleg bergenske og franske), ektemake og - trommekvervel - svigerforeldre (særleg om dei snakkar høgt, sint og spansk)
-17.57. No må de gå! Eg vil ut! Men dama snakka so nydeleg engelsk, at eg har litt lyst til at ho skal snu i døri og snakka meir
-18.01. And I'm off! Takk for turistinfodagen

Lykke liti

Lykke bur midt i Oslo, ca der Pilestredet sluttar. Utanfor blokka henner er det ein liten grasflekk, og etter ti minuttars gåtur på ekstremt korte føter kjem ein til ein park. Begge stader er paradis for vetle Lykke, ti veker gamal og med ei heilt ny verd å utforska kvar dag. Grasflekken er full av nye lukter kvar gong ho er ute, og parken er uendeleg stor, med både nye vener og nye pinnar for eit nysgjerrig lite monster. So bra at mamma Kristine tek henne med hit! Og so bra at tante Karoline er med på å ta ein lur, når inntrykka vert for mange og den nye verda litt for ny.

bilete: Kristine og Lykke
Lykke og Karoline

fredag 16. juli 2010

Snorkling

Eg har jobba med bilete i mange dagar no, og drøymer meg attende til vinter og snø - eller sol, sand og saltvatn. Til vanleg ikkje mine favorittar, men i godt selskap, som i lag med familien og tusenvis av stripete fiskar, er det ok pluss. Her er heile familien representerte, i noko uattkjenneleg utstyr, saman med nokre av fiskane.

Kvaliteten er desverre så där, det vert det fort med undervanskamera, scannar og låg oppløysing av pdf-filer. Men kjensla av fridom og eventyr, den kjenner eg likevel.

måndag 12. juli 2010

Fjell og fjord

Frå utsiktspunktet på Stegastein kjennest det som ein har verda for føtene på seg. Det er berre Aurland som ligg der nedanfor ein, men i eit ferieperspektiv treng ein ikkje meir av verda enn det.

Wiebke forlot byen til fordel for Lærdal for ei helg, og når eg fekk ein etterlengta fridag var ikkje vegen lang over fjellet - sjølv om det kjentest slik i min jomfrutur som sjåfør opp svingane i Erdal - til Aurland og dei goder som finst der. Sommarvakkert fjell med skarpe lukter av krekling og reinslav, flott utsikt over fjorden, is på kaien på Vangen, og ein snøggtur til ferieparadisa over alle, Skjerdal. Eg synes eg har vore på ferie med eit par dagar besøk og nokre timar biltur, og eg håpar og trur Wiebke synes det same.

måndag 5. juli 2010

Folkedansfestivalen

Den fyrste Folkedansfestivalen gjekk av stabelen i Bergen i helgi. Bergen viste seg frå si beste side (noko som vil sei klamt kvar føremiddag og regn kvar ettermiddag), og eg reknar med dei fleste var godt nøgde med det. Kanskje Bergen ikkje la so godt merke til festivalen som me skulle ynskja, men plakatklistrarane hadde iallefall gjort ein god jobb med å ta over plakattårna i byen, og trøytte festivaldeltakarar og dugnadshjelper var godt nøgde med is på Vågen etter barfotdans på Bryggen.

Føtene trong ein pause etter halvanna veke med dans. Kanskje sluttar hovudet å tenkja takt i kvart einaste steg om eit par dagar. Kanskje har eg teke att manglande søvn om eit par veker. Kvardagen kjem nok fort nok. Men enn so lenge nyt eg bileta og musikken frå føremiddagar på Bryggen og seine netter på Hotell Norge. Og planlegg ein tur til Bodø neste sommar...

bilete: Fin plakat!
Emma, Audun, Carin, Kim, Kristin, Gunn Inger og Sigrid nyt is og finver 

torsdag 1. juli 2010

Dansesko

Eg treng slike. Dansesko altså. Dei eg har er perfekte til ein kveld, men fæle den tredje kvelden på rad. Eller den fjerde timen med hallingsprringar eller runnom. Men sidan gnagsåra allereie er der, og føtne er vante til dei mange timane med dans i tronge sko, er eg likevel klar for Folkedansfestivalen 2010, den fyrste i sitt slag - og sjølvsagt i Bergen.

Bergen er og klar, iallefall deler av byen. I går vart Skostredet Danseskostredet, med nytt skilt på Fensal og underhaldning frå både teater- og dansekursa på Sommarleiren til NU. Ungdommane var nok nøgde med å få prøva seg framfor publikum, og det var moro å sjå hallinspringaren bøkgja opp og ned gatestubben. Lat oss håpa, og tru, at resten av festivalen vert like vellukka!

bilete: Dansarane på sommarleiren opnar Danseskostredet. Spelmann i døropninga er Erlend Viken.
Eit par leirdeltakarar og det nye gateskiltet på Fensal.