onsdag 21. juli 2010

Turistinfodag

Eg har jobba heima i vel ein månad. Det ser ikkje heilt slik ut på kontoen, for eg har jo teke meg litt fri innimellom - men det trengs det, skal ein lada opp att til eit nytt skuleår. Dessutan har eg ikkje vore like blid på jobben, sidan dei har forandra opningstidene til 10-18, noko som gjer at dagen går - og ein er heilt åleine, heile tid. Men men, slik er det turistbransjen for tida, innstrammingar både her og der, verkar det som.

Men altså, ein turistinfodag. Lat oss ta ein heilt gjennomsnittleg dag. Lat oss ta dagen i dag:
-10.01. Opnar døri, sler på maskiner, loggar inn på pc. Do? Jepp, rett bak antikken. Nei, ikkje inn døri med "staff only". Sukk
-10.09. Masse folk! Hjelp!
-10.20. Australsk par. I love it! Berre ikkje so bra at eg får den dialekta...
-10.23. Min tidlegare sjef ringjer. Eg må innsjå at eg berre har innbilt meg at det går betre i turistbransjen enn folk fryktar, besøket er til og med dårlegare enn i fjor. Er det denne finanskrisa dei påstår er der ute i verda som har skulda?
-11.21. Australiaren takkar overstrøymande for internett og hjelp og for at han har fått møtt lokalbefolkninga. Jaja, kvar si lyst
-12.56. Kva er det med nordmenn og fingerbjør?
-13.07. Lars frå Villakssenteret fekk ikkje nett sjekka e-posten sin i fred. Turistane i Lærdal let seg nemleg ikkje stoppa av eit nervøst "Jammen, eg jobbar ikkje her..." Godt han har lang fartstid i turistbransjen, so fer dei ikkje so feil
-13.11. Lars trekte attende det tidlegare gjevne komplimentet om min smak i lesestoff. Sidan eg, rett før han kom, tok pause frå Ifor Evans sin "A short history of English literature", veit no villakssenteret at sommarlektyra mi mellom anna er "Bare du og jeg" i serien Romantiske bestselgere. Jaja, det var det imaget
-13.32. Lite Nytt rett over vegen spelar Sigrid Moldestad (og driv dermed aktiv turistlokking). Eg dansar vals
-14.22. Tyske koner er nok hakket meir sjefete enn andre - eller kanskje dei berre høyrest slik ut? Iallefall ropar dei meir enn andre på mennene sine: "Kommst du, Jo!" "Nein..." Men kjem gjer han likevel
-15.20. Ei russisk dame byrjar å gråta når eg fortel kor villakssenteret er. Nei, dama, det er ikkje langt vekk! Forklåringa får eg nok aldri
-15.35. Bie i håret! Uæææ!
-15.36. Døøø! Død.
-16.10. Skambankt, Ifor Evans og te. Ikkje å forakta det
-17.21. Liste over folk ein aldri skal på tur med: born (særleg bergenske og franske), ektemake og - trommekvervel - svigerforeldre (særleg om dei snakkar høgt, sint og spansk)
-17.57. No må de gå! Eg vil ut! Men dama snakka so nydeleg engelsk, at eg har litt lyst til at ho skal snu i døri og snakka meir
-18.01. And I'm off! Takk for turistinfodagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar