søndag 25. juli 2010

Vinjerock 2010

 
Eit par tusen menneske i fjellsko. Eit par døgn i fjellet. Ikkje ein regndråpe. Då seier det seg sjølv at det er bra stemning, og eg har det godt. Særleg når musikken er god på toppen av alt - på toppen av Noreg.

Men gubbevares, kor kaldt det var om natta! Tre lag ull fekk ikkje bukt med mine kalde føter, og laurdag føremiddag vart dermed ei slapp affære. Heldigvis gjer ikkje det noko, utsikt over festivalområdet eller ein kaffikopp til lyden av islandsk reggae er absolutt ikkje det verste som finst.

Vinjerock er ein av dei festivalane ein kan komma attende til år etter år - alltid noko kjent, og likevel nytt. For femte år på rad ligg Lærdalscampen lengst opp mot Uranosi. For femte år på rad spelar store band på scena midt i Jotunheimen. For tredje år på rad har eg kost meg der. Årets høgdepunkt var Ralph Myerz and the Jack Herren Band, ei liveoppleving av dei store og verdt festivalpasset nesten åleine. Det er og ein av dei festivalane som kunne ha vokse seg større enn sitt eige beste - men det er naturlege avgrensingar for det. Det er nemleg grenser for kor mange som kan fraktast langt inn i fjellheimen, og grenser for kor mange det er plass til på parkeringsplassen til Eidsbugarden, som husar festivalområdet. Og godt er det, då kan festivalarrangørane konsentrera seg om å gjera opplegget enno betre, noko dei gjer kvart einaste år. Men ein må nok vera enno meir om seg for å få billettar neste år - og det har eg tenkt på vera. Dyrt er det, men verdt det. Ei helg i Jotunheimen, godt ver, godt selskap, god musikk. God festival, rett og slett.

bilete: Festivalstemning
Kledd for soveposen, i tre lag ull.
Tipiar tener som mattelt og intimscene
Eit utsnitt av fesivalcampen sett frå Lærdalscampen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar