torsdag 29. juli 2010

Med kajakk og isøks

Mamma og pappa kom seg aldri i gang med å ynskja seg noko til femtiårsdagen. Dermed fekk dei noko eg har ynskt meg lenge, og som det var lett å overtala gutane til å vera med på: kajakkpadling og bretur med Icetroll i Jostedalen. Fleire av oss har tvilt om att og om att i sommar - det er alt for mykje som skal stemma: fri for mamma, pappa og Eirik, inga innhausting, inga vatning, Olve heima, eg fri og helst ikkje alt for gale ver. Umogleg? Nesten. Men plutseleg klaffa det, og me tumla ut av sengene klokka seks. Og resten av dagen tok me massevis av bilete:
Litt over ti fann me oss sjølv flytande i Styggevatnet, side om side med to belgiarar, to nederlendarar, ein amerikansk guide og eit par isfjell. Ikkje det verste selskapet, det.
Vel framme ved brekanten til Austdalsbreen drog me kajakkane på land og tok fram nistepakken.
 Og so skulle me ut på nye eventyr, denne gong med tog og stegjern.
Og isøks!
Me traska rundt på breen i ein time, akkurat i utkanten av spekk-området der breen tippar ned mot vatnet. Me fekk sjå ned i ei stor sprekke, men eg må innrømma det var moroast berre å gå, og høyra litt på knakingane i isen.
Og so var det nye moglegheiter for bilete, vakkert oppstilt. Ser dette kjent ut, forresten? Det kan vera fordi dette
var julekort frå familien Skjerdal/Lysne for omlag ti år sidan...
Etter breturen var det på tide å komma seg i kajakkane og padla heimover. No byrja me å merka padlinga i hender og eksler, men det var god driv likevel. Alyssa, den amerikanske guiden, skravla enno på amerikansk vis (den jenta snakkar nok meir i løpet av ein arbeidsdag enn eg gjer, og min jobb går ut på å snakka...) Halvanna time etter at me la ut frå strondi hjå Austdalsbreen, kravla me i land ved demningen i andre enden av vatnet, godt nøgde med dagen.
Dagen var forresten ikkje heilt over enno, inkludert i gebursdagsgåva var nemleg middag "på dertil eigna stad." Me fann ut at staden var Linahagen Kafe. Der kom me verkeleg i siste liten, middagsserveringa var eigentleg avslutta - men sidan det er skjerdøler (ikkje vår familie, men likevel) som driv kafeen og bui, so vart det både middag og kaffi på oss i vakre Solvorn.
Og slik slutta ein fin, og lang, feriedag for familien, med mange opplevingar, litt kajakkdiskusjonar og mykje latter. Ein slik tur hugsar ein lenge, og det er verdt den tidlege morgonen og planlegginga for å få ting til å gå i hop. Anbefalast!
Sjå kor nøgde me var på toppen av breen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar