onsdag 21. juli 2010

Kake for våte sommarkveldar

Ta eit sukkerbrød. Ok, bak det gjerne fyrst. Del det i to og ta eit val: bruka heile eller bruka halve. Eg brukte heile, då vert kaka stooor. Visp fløyte til krem og bland i 3-5 dl sjokoladepudding. Piano ferdig sjokoladepudding funkar fint - og so vispar du litt til. Dynk sukkerbrødet med mjølk eller saft. Eg valte ripssaft, for å få noko syrleg saman med all den søte sjokoladepuddingkremen. So legg ein kake, krem, kake og meir krem i vanleg bløtkakestil. Pynt med "sesongens frukt og bær," hjå oss vil det for tida sei solbær og enorme mengder rips. Sidan høvet er mamma og pappa sin 26. bryllaupsdag, passa det godt med kvite sukkerhjarte av typen Freia i tillegg. Vips, ein har ei fin feriekake til våte sommarkveldar, med både søt trøyst og frisk sommarsmak. Klar, ferdig, nyt. Det skal me gjera.

P.S. Dersom du får lyst på vaniljesaus attåt sjokoladepuddingen og ripsen, skjønnar eg godt det.

1 kommentar:

  1. P.S. 2: Denne er faktisk betre etter ei natt i kjøleskåpet - sjokoladepuddingen kjem meir til sin rett då

    SvarSlett