torsdag 28. februar 2008

Kva skjer

-med meg og bussen?

Etter over eit halvt år her i huset har eg aldri mista bussen. Joda, det har vore eit par gonger eg har sett på klokka og sett at "dette går ikkje, eg får ta neste", men det er faktisk berre eit par gonger! Men dei siste dagane, nærare bestemt i går og i dag, har det gått nedover... Eg har mista bussen to dagar på rad! Og ikkje sånn "næmen, det gjekk ikkje", nærare "næmen, vent då for søren, eg spring jo!"
I går hadde eg og A. svært godt tid til bussen - og der for den, og der kom eg for seint på jobb og ho for seint på skulen. Dama i baksetet smilte av oss! I dag gløymte eg tida, og reiv til meg kåpa og hoppa i skoa, men i det eg opna døra for bussen forbi. Ingen som sat i baksetet var i nærleiken av å sjå meg.

Jaja, då vert det oppgåveskriving istadenfor forelesing i dag då...

tysdag 26. februar 2008

Israelske militære i Beit Sahour

Sjølv om eg er attende i trygge og rolege Noreg, betyr ikkje det at det er slutt på at eg er interessert i Palestina... I dag vert det meldt om israelske militærjeepar inne i byane Betlehem og Beit Sahour, der me budde førrige veke. Betlehemsområdet vert rekna som area A, altså styrt av palestinske sjølvstyremakter og ikkje lov for sivile israelarar å gå inn i, men det har jo lite å sei for militæret (eller forsvaret, som det heiter). Det er likevel ikkje vanleg at dei går inn i Beit Sahour, og det er ikkje meldt om nokon grunn til innrykkinga, som varte i berre ein halv time. De kan lesa om det her.

måndag 25. februar 2008

Attende i kvardagen

So sat eg no her, og perfeksjonerar mi evne i å utsetja ting... No burde eg ha lese alt eg ikkje har lese den siste veka, men hurra for fjesboki og blogg altså! Det er vanskleg å komma inn att i kvardagen, når eg helst vil ut og endra verda.
Apropos blogg, Maria og Anna som begge jobbar på JAI som frivillige skriv bloggar i frå livet og opplevingane sine i Palestina, der skriv dei og litt om konflikta og si forståing (eller ikkje forståing) av den. Verdt å lesa dersom ein er interessert. Eg veit iallefall at eg kjem til å følgja dei framover.
Men no er det attende til striskjorta og havrelefsa som forelesaren vår sa i dag... Kjære svenske lærebok, here I come..!

laurdag 23. februar 2008

Heima frå Palestina

No er eg nett komen heim frå ei veke som har forandra livet mitt. Eg åtvarar alle: de kjem til å høyra mykje om dette framover... Kort oppsummert kan eg sei at me har opplevd mykje meir enn det som burde vore lov i løpet av ei veke, og har sett mykje og møt mange. Men nett no er eg stuptrøytt... Klokka er ti palestinsk tid, noko som vil sei at eg har sove til saman 5 timar dei siste 39 timane. God natt til meg!

onsdag 20. februar 2008

Jeriko

I dag har me vore i Jeriko! Venskapskommune med Lærdal, og ein by me har høyrt mykje om. Svært kosleg dag - både med praktisk arbeid i YWCA sin barnehage og matlagingsprogam, og sidan med Nada og Issa og deira vener på sightseeing i Jeriko. Me var til dømes i Hishams palass, og tok kabelbane til Mount of Temptation (det hadde ikkje pappa turt :-) ) Ville byggverk altså!
I tillegg fekk me litt tid til å snakka med jerikobuarane, om deira liv og deira situasjon - og me var på rådhuset og møtte ordføraren. Svært offisielt og stivt - litt anleis enn heima, men ei oppleving det og. Då mjukna det heldigvis godt opp når me var på tur rundt Jeriko - og under alle måltida me var gjennom... Dei matar gjestene godt her...
Noko som ikkje er godt er dei palestinske vegane - vill forskjel mellom israelske vegar, og dei palestinske. Sjølv på det nivået er det segregasjon, sjåføren vår fortalte at om kort tid får ikkje palestinarar lov å nytta nokre deler av hovudvegen mellom Betlehem og Jeriko. Ein vert oppgitt, det er vanskleg å vita kva me kan gjera og korleis dette kan få ein ende - på same tid som folk er positive, og svært glade for internasjonal merksemd og støtte. Denne støtta må me fortsetja å gi!
Eg er og godt nøgd med at folk i Jeriko veit litt om Lærdal :-) Stolt av bygda mi eg no.
P.S. Fortset å lesa bloggane, og kommenter gjerne!

tysdag 19. februar 2008

Snø?

Jepp, snøen kom denne veka og. Berre to veker sidan sist, og norske Maria meinar det er alt for ofte. To gonger i året er ei gong for mykje. For mange palestinarar er snø ei etterlengta gåve – snø betyr heimedag, fri frå jobb og skule, og at ein kan leva eit roleg liv. Ting stoppar opp når det er snø, berre dei få som må bevegar seg ute. Dermed vart det eit amputert program på oss i dag, men me har likevel lært både om checkpoints og settlements, både gjennom teori og praksis. Skandinavar let seg ikkje stoppa av snø! (ok, slaps)


Me får håpa morgondagen vert litt varmare og tørrare – sjølv skandinavar vert våte på beina og kalde i ansiktet. Uansett skal me til Jeriko, som ligg svært lågt (lågastliggande by i verda?) og dermed er varmare enn her oppe i høgda. Men det er likevel lov å håpa på sol, er det ikkje? Eg må jo pleia rosafargen frå oliveplantinga i går... ”Inshallah”

P.S. Hugs å følgja med på Olivenplanterne! Litt meir seriøse ting der...

P.P.S. Sjå artikkel i Vårt Land om spreninga av YMCA sitt bibliotek på Gaza.

P.P.P.S. Lærdal kommune har lagt ut link til bloggen vår! So bra folk er interesserte!

måndag 18. februar 2008

Betlehem dag 2

Eg kjem ikkje til å skriva noko særleg her om kva me driv med i Palestina, for det kan de lesa på olivenplanterne.blogspot.com. Men eg kan sei såpass som at me får ekstremt masse inntrykk på kort tid - det kjennest som me har vore her ei veke allereie...
I dag var me på oliventreplanting - pappa, minn meg på å sjå på bileta frå dette dersom eg nokon gong klagar på å måtta plukka stein att... Men det var både godt å bruka kroppen og ikkje berre hovudet, i tillegg til at det var eit møte med Palestina som er heilt anleis enn byane. Det er og moro å få setja oliventrea me har høyrt so mykje om i jorda - og visa at det er internasjonal merksemd på problema bøndene her møter i form av øydelagte vegar og nybyggarar som innvaderar åkrane deira.
Etterpå reiste me inn til Betlehem att, og besøkte JAI på YMCA i Beit Sahour og Badil, som er ein organsisasjon som arbeidar for rettane til dei millionar av palestinske flyktningar. Me avslutta dagen med å besøka ein flyktningeleir her i Betlehem, der det har budd flyktningar i 60 år.
No sit me på internettkafe i Betlehem (hotellet seier dei har trådlaust nett, og det har me ikkje...) Og so lurer me svært på korleis programmet vert i morgon, for det er meldt snø, og det stoppar absolutt alt... Vegane vert uframkommelege, og det er fridag for alle - men me har jo ikkje "fri", det er so mykje som skal lærast!
Føl gjerne med vidare, og kommenter gjerne både her og på fellesbloggen vår! Livsteikn heimanfrå er jo alltid velkomme :-)

Kjære mamma og pappa


(og alle andre lesarar av bloggen)

Skrive 17. februar:

Ja, det er liv i meg! Og ja, det kjennest ut som eg har vore i landet i dagasvis, eit svært knapt døgn i skrivande stund. Me har opplevd mykje denne fyrste dagen, me har reist rundt i Betlehemsområdet og besøkt dei tre byane her – Beit Sahur, Bet Jalla og Betlehem. Ikkje spør meg kor grensene mellom dei går...

Attende til mamma og pappa, eg har studert masse terassejordbruk! Eg er iallefall imponert, og eg veit at det har ein tendens til å bli fascinert av slikt og. Problemet med mykje av dette jordbruket er at det snart kjem til å ligga brakk, fordi mange av eigarane bur innanfor muren som snart omkransar byane i Betlehemsområdet. Det er så godt som umogleg å få tillating til å kryssa muren for å jobba på markene, og nokre gonger får berre eigaren, altså ein i familien, lov til å besøka eigendommen – og me veit jo at ein person åleina er lite i landbruket. I tillegg er det ei strategi å stenga folk ute (eller inne...) frå markene sine – dersom dei ligg brakk i tre år tilfell dei staten, altså Israel... Me har og fått høyra historia om tre familiar som bur ulovleg i sine eigne hus på sitt eige land, fordi det er utanfor muren kring byen.

Det me sit att med er spørsmål ingen kan svara på, for svært få klarar å skjønna mentaliteten bak okkupasjonen (som forresten er uloveleg i følgje den fjerde Geneve-konvensjonen). Men i tillegg har me hatt mange givande samtalar og møte med folk i dag, og har hovud fulle av informasjon, tal og spanande opplevingar.

laurdag 16. februar 2008

God tur til meg!

Ja, til tross for pakkevegring og tendens til forsoving, er eg no klar til å legga ut på eventyr. Sekken er pakka, passet er funne og bilettane dobbelsjekka - då skulle alt vera klart.
I dag fer eg altså til Palestina, der eg skal vera ei veke, besøka YMCA og YWCA, planta oliventre og læra so mykje at det tyt ut øyrene på meg - og antakleg og munnen når eg kjem attende. Spent? Å ja! Gler meg? Jepp! Har sove ut? Nei!

So, då seier me god tur til meg, og oppfordrar alle til å følgja med på bloggen til olivenplantarane.

P.S. God tur til Monica og resten av LiV-kurset frå Sogn og Fjordane, som skal til London denne veka. Ta godt vare på kvarandre (særleg Monica:-) )

torsdag 14. februar 2008

Valentinsdagen

I tillegg til at eg sidan tysdag har trudd det har vore fredag og gong på gong vorte skuffa, har eg og skjønt at det er valentinsdagen i dag. Eg vurderte lenge å ikkje nemna det her på bloggen, men det snik seg altså inn. Kva er det med denne dagen som gjer tre unge jenter med suicidale potteplanter og eit stort forbruk av snop (les: eg og mine sambuarar) så negativt innstilt til raude roser og hjarteforma sjokolade?
P.S. I morgon, eller kva dag som helst elles for den del, er eg svært positiv til slike ting altså...
P.P.S Takk til Kenneth frå Florø som ga to jenter han møtte tilfeldig på gata evigvarande roser :-)

tysdag 12. februar 2008

Snart Palestina

Dette har eg vel ikkje skrive om før, men eg skal altså til Palestina neste veke, for dei som ikkje har fått med seg det. Der skal ei lita utsending frå KM og Global i planta Oliventre og læra om konflikta. Maria, vår kjentmann (-dame, -person) i Palestina, har oppretta ein blogg der de kan fylgja oss - olivenplanterne.blogspot.com.
De skal no heller ikkje sjå heilt vekk frå at det vert litt aktivitet på kjente marker og (i denne bloggen altså) dersom det vert tid og moglegheit...
Men som de skjønnar, i tillegg til skule er det pakking som står i fokus denne veka - og me veit jo alt om mine haldningar til pakking...

søndag 10. februar 2008

VT i Fjordane

- gjer meg stuptrøytt
- gir meg gospelsongar på hjernen
- fjernar stemma mi
- får meg på gråten
- men fører og til at eg har vondt i lattermusklane
- gjer at eg kjenner kor glad eg er i senga mi
- og kor glad eg er i folka i heimfylket
- gjer meg stolt
- og lite klar for ei ny veke...

Tusen takk til alle som var i Førde - og til dei KM'arane som gjekk glipp av dette: Stakkars dykk :-)

P.S. Denne helgi burde eg eigentleg kunna delast og vore to stader samtidig, men det ser ut som resten av ICY klarte seg bra på vinterfestival på Voss utan meg :-)

torsdag 7. februar 2008

"Zahir" og venskap

Eg byrjar å nærma meg slutten på Zahir av Paulo Coelho. Det er ei bok som ikkje har klart å oppsluka meg, men den har gjort meg nysgjerrig på resten av forfattarskapen til Coelho. Det denne boka derimot har klart er å få meg til å stilla spørsmål - spørsmål om me godtek sanninga for lett (og ja, det gjer me. Eg godtek iallefall alt ein forelesar kan finna på å sei...), om me er for opptekne av sosiale reglar (og ja, det er me), og kva som er ekte kjærleik. Nokre delar kjem eg til å slå opp att på seinare, når eg no snart er ferdig med denne boki, som denne:

"Det er løgn! Ingen ønsker seg den type frihet, alle vil ha noe forpliktende i livet, et menneske å se vakre Geneve sammen med, diskutere bøker, intervjuer, filmer med, eller å dele en sandwich med fordi man ikke har nok penger til to. Bedre å bli avbrutt av en mann som vil hjem så fort som mulig fordi det går en viktig fotballkamp på tv, eller av en kvinne som stanser foran et butikkvindu og avbryter deg midt i en utlegning om tårnet på katedralen - enn å ha hele Geneve for seg selv og all verdens tid og ro til å bli kjent med byen."

Det er godt å vera åleine på rommet. Det er godt at tre veninner kan sitja på Peppes og dela ei Oreo-kake ein torsdag kveld. Det er godt at ei gruppe ungdommar kan møtast for å planlegga ein kampanje. Det er godt at eit par jenter kan vri hjernen for å komma på korleis ein konstruerar 30 graders vinklar. Det er godt at læresetningane til Buddha kan ropast gjennom huset og ein får svar. Det er godt å vera åleina på rommet, når ein berre kan opna døra ut til resten av verda, og bebuarane i resten av huset.

søndag 3. februar 2008

Snø, konsert og fastelavnssøndag

Denne helgi har vore skikkeleg vinter i Bergen, det snøa frå torsdag kveld til søndag morgon - då det vinteren i Bergen tru byrja å regna att... Men enno, seint søndag kveld ligg det ei tjukk matte snø i hagen.

Eg fek med meg Ingebjørg på tur i snøveret i går, ein bedageleg tur rundt Nordnes gjekk fortare og fortare etterkvart som snøkorna piska hardare, men kosleg var det. Det er ikkje ofte ein får vinterkjensle i Bergen akkurat!

Laurdagen vart avslutta med konsert på Ynglingen, TenSing norway 07/08! Det er ein flott gjeng, og me gamle ringrevane vert nostalgiske, historiane boblar fram, i tillegg til at me kjenner oss som gamle tanter som er stolte av ungane våre, frå det ganske land... Eg gledar meg til å sjå konserten i Førde på fredag og, på ei større scene og med betre lyd (?).
I dag har Frida og eg hatt ein roleg dag, med middag og fastelavensbollar, skravling, film, lesing og fyr i omnen. Skikkeleg innedag, vinterdag - utanom at eg var ute og plukka fastelavensris då. Å gjera det fyrste helgi i februar er noko risikabelt spør du meg, so eg tok med nokre kvistar kristorn frå vår eiga busk for å liva opp litt, i tilfelle bytrea eg stal greiner frå ikkje har vet til å spretta. Eg må sjølv påstå det vart ganske fint, sjølv om det ikkje vert det samme med kristorn og hagebusker som med hegg, bjørk og selje.

fredag 1. februar 2008

"Jeg er singel"

I dag tidleg (ok, føremiddag) kom Frida inn og skulle vekka meg. Ho vart ståande i døropninga og såg undrande på alle jakkemerka (og kjent som "buttons") som heng på oppslagstavla mi. "Kvifor heiter det k3?" "Hehe, peace please" "Dei trekantane, er det maskotane?" "Jeg er singel - er ikkje det litt bittert?"
Jeg er singel - den var svært morosam då eg kjøpte den på gata i Oslo då eg var 15-16. Den var greitt moro då eg hadde den festa på sekken fyrste året eg budde heimanfrå. Eg har ikkje festa den på ein sekk eller ei veske dei siste to åra.
Men nei, det er ikkje bittert. Den siste veka har det stått både på facebook og på msn at eg ynskjer meg ein Jane Austen-mann (kom på det att fordi Wiebke vistnok har funne seg ein slik, den heldiggrisen), og eg nøyer meg ikkje med noko mindre. So for tida er eg glad eg bur med to/tre jenter, kan sjå kjekke gutar på film eller lesa om sjarmerande mannfolk, og so sleppa å ta hensyn til dei utover det :-) Kanskje eg ein dag set jakkemerket på sekken att, med ei tilføying "og godt nøgd med det"? Eller kanskje eg plukkar det ned av oppsalgstavla av ein eller annan grunn, den eine eller andre vegen...