måndag 18. februar 2008

Betlehem dag 2

Eg kjem ikkje til å skriva noko særleg her om kva me driv med i Palestina, for det kan de lesa på olivenplanterne.blogspot.com. Men eg kan sei såpass som at me får ekstremt masse inntrykk på kort tid - det kjennest som me har vore her ei veke allereie...
I dag var me på oliventreplanting - pappa, minn meg på å sjå på bileta frå dette dersom eg nokon gong klagar på å måtta plukka stein att... Men det var både godt å bruka kroppen og ikkje berre hovudet, i tillegg til at det var eit møte med Palestina som er heilt anleis enn byane. Det er og moro å få setja oliventrea me har høyrt so mykje om i jorda - og visa at det er internasjonal merksemd på problema bøndene her møter i form av øydelagte vegar og nybyggarar som innvaderar åkrane deira.
Etterpå reiste me inn til Betlehem att, og besøkte JAI på YMCA i Beit Sahour og Badil, som er ein organsisasjon som arbeidar for rettane til dei millionar av palestinske flyktningar. Me avslutta dagen med å besøka ein flyktningeleir her i Betlehem, der det har budd flyktningar i 60 år.
No sit me på internettkafe i Betlehem (hotellet seier dei har trådlaust nett, og det har me ikkje...) Og so lurer me svært på korleis programmet vert i morgon, for det er meldt snø, og det stoppar absolutt alt... Vegane vert uframkommelege, og det er fridag for alle - men me har jo ikkje "fri", det er so mykje som skal lærast!
Føl gjerne med vidare, og kommenter gjerne både her og på fellesbloggen vår! Livsteikn heimanfrå er jo alltid velkomme :-)

2 kommentarer:

  1. Hei Mari!
    Det er så kjekt å høre undervegs korleis de har det.
    Møter du emily der?
    klem

    SvarSlett
  2. Nei, møter ikkje Emily, men har møtt Busi frå Sør-Afrika og skal helsa til alle kjente og ukjente! Føl med vidare, meir kjem :-) Og hels folket heima (sjølv om det no er ferie, håpar du kosar deg...)

    SvarSlett