tysdag 30. september 2008

Haustferie på austlandet

Døgnrytmen min er grueleg skeiv. Den er so skeiv at eg sov frå Hønefoss til Fagernes utan å lea meg, til tross for full buss. Den er so skeiv at eg reknar middag i femtida som lunsj og frukost i nitida som nattmat. Og dette kan eg gi skulda/æra til to jenter for: Marianne og Kristine.

Eg var på PUKT-møte i Oslo fredag kveld, og slapp derifrå litt over ti. Dei neste seks-sju timane sat eg i ein sokkelleilegheit på Oslo Vest og skravla med Marianne, som eg gjekk på UiB med for tre år sidan. Me har heldt kontakten til og frå sidan, og hadde ei svært kosleg natt med enormt mange samtaleemne. Det fortsette forsåvidt laurdag føremiddag/ettermiddag (her byrja nemleg døgnrytmen min å leika seg), før eg for til City for å bruka peng eg ikkje har (noko eg klarte svært fint) og vidare til Norderhov, Hønefoss.

På Norderhov har eg sett film, ete mykje, vore på eksursjon til potethaustinga, køyrt firhjuling, gått tur, vore på shopping, vore på hageselskap, spelt piano og lese litt (anna enn pensum). Alt dette på knappe tre dagar. Ja, det går, og nei, det har ikkje vore travelt - ikkje berre har me utnytta kveldane godt, eg har og gjort alt i godt selskap. Min tidlegare sambuar Kristine var reiseleiar, og saman gjorde me Norderhov (utrygt? Kanskje særleg på firhjuling.)

Etter ein busstur med soving (svært ok det altså), er eg no heima i Lærdal. Her er oppdraget å få døgnrytmen på styr att, for her skal skrivast oppgåve! Eg har ein framdriftsplan som tilseier at denne fyrste oppgåva skal vera ferdg rett over helgi, slik at eg har halvanna veke på neste. Planen skal holdast. Planen må holdast. Eg har disiplinproblem. Og ein vill døgnrytme. Men og flotte minner frå haustferie på Austlandet!

(bilete: Norderhov kirke i haustskrud. Kristine og eg på veg på eventyr - me valte det minste køyretøyet me...)

"Tagga"

Eg har då blitt "tagga". Rart ord forresten, me brukar det jo omlag som eit norsk verb no, bøyger det slik og alt, men mest i tilknyting til den allestadsnærverande fjesboki. Det betyr vel noko slikt som "merka" eller "sett merkelapp på", men det ser me vekk frå. Saken er iallefall at Marianne har gjort det på meg, og då får eg heller fortsetja:

Reglar: Gi beskjed til folk at dei har blitt "tagga" ved å kommentera på bloggen deira. Gi beskjed til den som "tagga" deg når du har svart. Og so reknar eg med at det er nokre reglar for at ein skal kopiera og svara på spørsmåla og slikt.

So, here goes:

Joys:
1. Lesa ei underhaldande bok (nei, ho treng ikkje vera god)
2. Å oppleva fint ver når ein ikkje hadde forventa det
3. Mat, helst i godt selskap

Fears:
1. Vera den siste som går og legg seg slik at eg må sløkka lyset i heile huset
2. Å bli den galne kattedama (eg vil mykje heller ha papegøyer)
3. ? Eg er vist ikkje so nervøs av meg...

Goals:
1. Bli ferdig med labbane eg byrja på i fjor haust - og etter det hugsa korleis ein spøtar hæl
2. Utnytta alle halve timar
3. Bli gjerrig(are), evt. berre det motsette av blakk

Obsessions:
1. Laga lister
2. Forklara folk at dei verkar useriøse når dei har mykje skrivefeil - særleg feil orddeling. Ein ting, eitt ord! Kva er problemet?!
3. (sett inn det som passar)

Facts About Me:
1. Eg forlet aldri huset utan ei bok (med vilje i det minste)
2. Eg kan sjå filmar og høyra cd'ar om att og om att til eg kan dei utanåt - utan å bli lei
3. Eg har aldri klart å sei eg er 22 år gamal. Istadenfor har eg i eit år sagt 21 eller 23, fordi det ikkje er sant. Redsle mot å bli vaksen? Kanskje

10 years Ago:
1. Var eg nett byrja på ungdomsskulen
2. Hadde eg oppdaga biblioteket på Øyri og var godt nøgd med den utvida horisonten
3. Ville eg bli arkeolog, men skjønte fort at eg er litt redd skjelett

5 things on todays to-do list:
1. Pakka ut av bagen etter ei helg på austlandet
2. Sjå minst ein episode Grey's (og gjerne ein av Himmelblå)
3. Byrja å skriva oppgåve i NOSP
4. Overtala familien til å sjå film
5. Lesa Hærværk (vil ikkje, vil ikkje, vil ikkje!)

5 snacks I enjoy:
1. Sjokolade
2. Sjokolade
3. Sjokolade med mint
4. Sjokolade
5. Noko salt

5 things I would do if I were a millionaire:
1. Betala studielånet
2. Reisa nett dit eg vil - Australia, Island, Palestina og alt innimellom
3. Gi til KM og Global
4. Bygga på hytta
5. Spara, ein er då ikkje heilt utan framtidsvisjonar

5 Places I have lived:
1. Ørsta
2. Lærdal
3. Bergen
4. i ein sekk
5.

The 5 people I tag are:
Magnhild, Monica, Anja, Lena, Eiren

onsdag 24. september 2008

Jokeren

Endeleg har eg sett den. Den siste filmen Heath Ledger fekk fullført, rekna som ein av hans beste rollar. Og endeleg fekk eg sett oppfølgjaren til den forrige Batman-filmen, ein film eg har venta på ei stund. Og det til tross for at eg aldri har vore ein stor fan av Lynvingen - det er likevel noko med han, noko mørkt og dystert dei andre manglar, noko mystisk og farleg.

Men denne filmen altså, The Dark Knight, den vart i meste laget. Eg må innrømma at eg ikkje såg so svært store delar av slutten, det var nok å høyra. Og då ei i salen hylskreik midt i filmen, var eg glad for at det var Einar som sat attmed meg, og ikkje ein eller annan som hoppa like høgt som meg (sjølv om eg trur han kvapp og...) Det er mørkt, dystert, det kn ikkje enda godt. Kvifor kan det ikkje gå godt i livet til Batman av og til og? Stakkars mann...

Attende til Jokeren (helten/-ane sjølv og resten av rollelista er flotte dei og, men dei kjem bak den fyren her). Eg såg spor av Jack Nicholson si gamle tolking, eg såg glimt av ulike Johnny Depp-rollar, men mest av alt var det ein sjukare, galnare Joker enn nokon sinne. Ei spelande tunge, galne augo, eit grin i ansiktet som får ein til å skjønna at folk er redde klovnar, og ei stemme som får det til å gå kaldt nedover ryggen på den som tillet seg å leva seg inn.

Eg kjem ikkje til å få sova i natt. I alle fall ikkje om eg skal tenkja meir på Jokeren og han hin, Two-Face. Derfor vert det her eit bilete av Heath Ledger frå ein (heilt) annan film me likar: 10 things I hate about you. Lettare å sovna, og drøyma godt, med det biletet i hovudet...

Oppdatering: Dette var innlegg 150 på bloggen! Gratulerar med å ha heldt ut so lenge, til meg sjølv og alle lesarar!

tysdag 23. september 2008

Om kjærleiksbrev og andre brev

Me har ein tekst på pensum. Vel, me har mange tekstar på pensum, men nett denne er spesiell. Den står under Sjangerteori i pensumlista, og heiter so mykje som "Brevställare till och med 1960." Eg kan røpa sopass som at eg har funna ut at ein "brevställar", jo det er ei bok med oppskrift i korleis ein skal skriva brev, ala det som finst på VG og Dagbladet og slikt om jobbsøknad. Det er altså ein sjangerteori ikkje om brev, men om bøker om brev. Spanande...

I løpet av dei fyrste 60 åra av 1900-talet kom det ikkje ut so all verdens med "brevställare" (kan du fatta?), men det kom nokre. Og dei tok opp det vansklegaste: korleis skriva kjærleiksbrev! Eller korleis skriva kontaktannonser og svar på desse. Eller frieri og svar på dei. Eller til og med "brytningsbrev". Akkurat det kan me jo håpa var ein smal sjanger, men eg er stygt redd at det var behov for det.

Brevställare for älskande, innehållande brev för alla tänkbara kärleksanlegänheter, jämte några regler for umgängeslivet, samt verser till album och minnesböcker
fokuserar på kva som er det største problemet med brevskriving:

Oläsligheten härleder sig dels från bokstävernas oformlighet, dels från deras orediga samband. För att undvika dessa olägenheter bör man giva varje bokstav sin tillbörliga form och noggrant sammanbinda de till ett ord hörande bokstäverna, men på ett sådant sätt, att varje bokstav kan tydligt urskiljas från de andra. Mellan de särskilda orden lämnas ett litet mellanrum.


So veit de det. Uansett om de skal skriva svar på kontaktannonse, brev til kongen med bøn om å få gifta seg før fylte 18, eller de treng å avslå eit frieri, er det viktigaste at bokstavane er nøye forma, nøye butte saman til ord, og at orda står kvar for seg. Lukke til med kjærleiken, og med brevskrivinga!

søndag 21. september 2008

Oslo og Hønefoss

"Det ser ut som dei har stått opp, drukke kaffi og funne ut dei skal dansa halling." Slik skildra ein av deltakarane på dansestudiet opptaket av eit par som vart filma på slutten av 60-talet. Og slik skal me og dansa, om eit halvt år og 15 studiepoeng. Men det er langt att...

Helgi har vore flott. Mykje dans - dvs mykje gåing, svikting, sjåing og diskusjon. Eit godt og sosialt miljø - me er ikkje mange, men eg trur me kjem til å fungera godt saman. Lekser fekk me - læra halvrund polka frå Gran på Hadeland. Og ein spanande laurdagskveld vart det - på Hønefoss...

Eg spurde Kristine, min tidlegare sambuar, om å komma til Oslo for henging og skravling. Det kunne ho ikkje sidan ho venta besøk, so eg hengde meg på besøket og for til Hønefoss for ein kveld. Der vart det henging og skravling, middag på Peppes og speling på Norderhov. Snakk om vellukka og kosleg kveld!

Og ei kosleg helg - eg kan sei sopass som at det vert hardt å komma seg opp i morgon, mjuka opp att alle velbrukte musklar i føter og armar - og lite brukte lesemusklar - og komma i gang att med kvardagen.

(bilete: Framsyning i regi studiet Culcom på forskingsdagane på Universitetsplassen. Læraren vår på fele her.)

fredag 19. september 2008

"Baum" og "tsjikk"

"Baum" og "tsjikk" er vitskapelege termar for å skildra rytme i musikk. I tillegg til "stor" og "liten". Sjølvsagt.

Eg er i Oslo på dansehelg, fyrste samling i mine 15 studiepoeng i norsk folkeleg dans ved NTNU. Men altså i Oslo, på Bårdar. Hovudlæraren er fantastisk, og me er ein svært variert gjeng. Her er musikarar, ein gamal lærar, nokre hobbydansarar, nokre som har dansa lenge, nokre som har dansa kort, eit par profesjonelle (men ikkje folkedansarar) - og meg. Forkjølt og fin. Men det går strålande. Berre eg får orden på "baum" og "tsjikk", "stor" og "liten" og ikkje minst "partytriks". Men det kjem nok det og.

Elles kan eg fortelja at eg bur på hotell der dei viser skumle ting på fjernsynet. Ti minutt å gå til Bårdar (og to hus til Gina Tricot...), Deli med take away i nabohuset, og internett. Eg har rett og slett slege meg laus denne helgi! Eg kom til hovudstaden og gjekk rett opp Karl Johan, sjekka inn, låg eit kvarter på eige rom, gjekk på shopping (der eg ikkje fann noko, men det er jo tanken som tel), og fulgte opp med middag i einsam majestet på restaurant med garderobevakt og kvite dukar. Og so dansesamling. I morgon vert nok prioriteringane anleis, med dans klokka ni, og ein knapp times lunsj. Men eg reknar med det vert ein bra og lærerik dag, og ein kosleg kveld. Oslo altså, bra by! Særleg å vera på besøk i...

Togtur

Fordelar med tog:
- ein kan ha både shampo, heklenål og vatn i handbagasjen
- det går frå sentrum til sentrum
- ein rekk å lesa ut Jenny av Sigrid Undset
- ein kan ha med mobilen
- fyren attmed er høg og mørk

Ulemper med tog:
- ein har 50% sjanse til å sitja med ryggen mot køyreretninga. Med min flaks vil det sei alltid
- folk ser når ein gret av slutten på Jenny av Sigrid Undset
- ein kan ha med mobilen (og det kan andre og)
- åtte bergensarar på firmatur

Det viser seg at fordelane er fleire enn ulempene. Men dei åtte bergensarane tel for minst to. Heldigvis gjekk dei av på Geilo, so kanskje det går opp i opp?

måndag 15. september 2008

Publiserte forfattarar

No er huset blitt publiserte forfattarar! Nokre av kjøleskåpsdikta våre er nemleg komne på sidene til Hauge-Tveitt. Frå toppen kan ein lesa dikt av Anja, Frida, Magnhild, eit par av mine og det fyrste til Monica. No er det berre å sjå fram til diktasamlinga, som kjem so fort me har fylt opp kjøleskåpet og notatboka (eller kring dei tider...)

fredag 12. september 2008

Korthåra

Ok, for å ta det fyrste fyrst: kort er ein relativ term...

Men eg har altså vore til frisør. Sist gong eg vart klypt såg det slik ut:Er det rart eg er bittelitt skeptisk til å lata andre enn mamma (og Tone moster) klyppa meg? (Neida, Anja, du var so flink atte!)

Det er kanskje ikkje noko stort for andre, dette med frisør, men for meg er det dramatisk. Dette er nemleg fjerde gong i mitt liv, og fyrste gong sidan tiandeklasse (åtte år altså.) Fyrste gong var i sjuandeklasse, ganske rett etter dette:Då tok ho ein halvmeter. So vart det klypt opp i åttande, og klypt beint att i tiande. Etter det har eg ikkje turt å gjera noko drastisk, men eg har jo blitt gjort noko drastisk med, som på TenSing Norway:Mor mi meinte at eg ikkje har hatt so kort hår sidan eg var tre, og det stemte nok. Eg kan røpa at håret mitt ikkje er fullt so kort no so då, men det er nesten - og no kan de lura på korleis det ser ut...

Forresten: Frida såg det ikkje ein gong. Anja såg det (heldigvis).

(bilete: Anja klypper meg i mai. Eg på Hauglandssenteret i 7.klasse. Frå TSN-konsert i Kristiansund)

måndag 8. september 2008

Studiekvardag

Å vera attende i byen etter ei helg på Stolmen er nedtur. Eg likar jo Bergen (særleg i fint ver, det har eg jo sagt før, og jammen har me faktisk fint ver enno!), men dagane verkar ikkje so produktive her som der ute (sjølv om me vel eigentleg aldri hadde ein plan) og det tek lang tid med å komma i gang med det meste. Derfor sit eg no på biblioteket på HF og utset å komma i gang med lesinga... Men kva kan eg finna på for å gjera overgangen frå ferie i havgapet til studielivet i byen litt mindre smertefullt?

Sidan det var ein suksess i sommar, prøver eg om dette fungerar i byen like godt som i Lærdal: ein dag i livet til studenten Mari:
- 7.32: klokka ringer. Ca ti minuttar seinare oppdagar eg at slumre-knappen har hengt seg opp. Det kunne blitt krise.
- 8.35: det kunne verkeleg blitt krise! Dersom ikkje ein snill bilist hadde stoppa og sluppe meg over vegen ville eg mista bussen, og eg hadde komme for seint på jobb i HT08, som eg skal innom i dag.
-9.10: det ville ikkje blitt krise likevel... Det er ingen på kontoret, og eg byrjar å bli usikker på om eg har truffe rett dag.
-9.35: Monica har sendt melding og forsikra meg om at eg har truffe rett dag. Då er det nokon an som har bomma. Eg legg att ein lapp ("Mari was here!") og går til universitetet.
-9.53: då har eg faktisk lånt meg eit par pensumbøker, sidan eg hadde lagt att alle mine heime. Eg hadde jo ikkje tenkt at eg skulle lesa i dag, iallefall ikkje på universitetet.
-10.09: eg kjem på at eg kan laga eit "kva-gjer-Mari-i-dag"-innlegg for å utsetja starten på lesinga. Men no MÅ eg komma i gang! (nokon som har høyrt den før..?)
- 10.44: eg ser på Hauge-Tveitt-sidene at dei spør etter bilete av kjøleskåpspoesi. Det var ein av mine idear og. Kanskje eg skal senda inn eitt av våre dikt?
- 11.19: eg er ferdig med innføringsboka i lyrikk som eg skulle ha lese for to veker sidan! Hurra for meg.
- 11.46: no må eg finna meg noko mat før førelesing. Syntaks er planen. Skrekk og gru.
- 12.48: "Pokker!" er setningsekvivalens for "No blei eg jammen sint altså."
- 13.46: "Det er eit vitenskapeleg prinsipp at ein klarar seg med dei enklast moglege forklaringane," seier førelesaren. Kan nokon fortelja det til resten av universitetet?
- 13.46: kan Kristiansand på fremste rad vera so venleg å skjønna at god notatteknikk ikkje går ut på å skriva ned det førelesaren seier ord for ord, og i same slengen slutta å stilla dumme spørsmål?
- 14.28: eg har kjøpt billettar til Real Ones-konsert i Logen på laurdag. Hurra!
- 15.25: eg er heima og i gang med å sortera notatar frå dei fyrste vekene med undervising. Eg er skremt over kor mykje papir eg har.
- 15.44: Home and Away-pause!
- 17.37: Monica har laga middag, me har ete, og Frida har fått bilete frå i sommar. Då var det attende til slaveriet, og kjent som litteraturhistorie
- 18.38: akkurat ein time, og eg er klar for å ta tak i syntaksen att. Det er visst det det går i i dag, lyrikk, litteraturhistorie (om lyrikarar) og syntaks. Jaja...
- 19.19: Why don't we do it in the road? (The Beatles)
- 19.40: For tomorrow be rain, so I'll follow the sun (The Beatles). Lat oss håpa dei tek feil
- 20.18: Å, Les Miserables! Den hadde eg gløymt. Eg må finna nokon som vil gå på teater med meg. Frivillige?
- 21.06: eg gir meg for kvelden. No vil eg finna på noko moro/kos.
- 21.24: Step Up på nederlandsk. God plan
- 23.11: då har helten fått heltinne, og omvendt, og eg har pussa tanna og gjort klar senga. So då var faktisk denne dagen over. Eg sit absolutt ikkje lenger på biblioteket på HF, men eg har vore lika treig med å komma i gang med ting i heile dag. Det eg ikkje er fullt so treig med er å komma i seng (får me tru), for i morgon er det dikttolking klokka åtte.

God natt!

søndag 7. september 2008

ICY på Stolmen

No er det offisielt tradisjon. Me har vore på hausttur til Stolmen i Austevoll tre år på rad, og dette året med fleire enn nokon gong før. 11 ICYarar frå Bergen og ein GoCYar frå Voss/Palestina har vore ei heil helg ved sjøen. Der har me fiska, rodd, solt oss, laga mat og elles kost oss som best med kan.

Eg har vore sjuk då... Men det prøvde eg å ignorera som best eg kunne, og utanom ei natt med feber og enorme mengder snytedukar har det gått greitt. Dagen min på land laurdagen vart brukt i solveggen med ei god bok, so sjølv om eg gjekk glipp av diverse fiskefanstar og ei skattejakt var eg nøgd. Problemet er vel at eg no har smitta resten av ICY.

Men det var ein fantastisk tur! Å setja seg i båten og oppleva ein fantastisk solnedgang til sjøs. Å eta nybakt brød og fersk steikt makrell til lunsj. Å vakna med sol inn glaset. Å dra ein gamal færing ut av naustet. Å spela kort til seint på kveld. Eg er glad dette er ein tradisjon - det betyr vel at me gjer det på nytt neste år?

De kan forresten lesa meir om turen vår på www.icy.no, eller hjå Magnhild

(bilete: Lina og Karina på fiske. Monica og Karina vinkar hade til sjuklingen)

onsdag 3. september 2008

Firefox

Mozilla Firefox altså! Kvifor har eg ikkje lasta ned det før?! Farvel til Internett Explorer, hallo til ein weblesar som vil opna alle sider eg vil opna, inkludert Sogn Avis, NRK, heimesida til Magnhild, KFUK-KFUM, yr.no og anna meir eller mindre snasent snacks. Og i tillegg, i tillegg folkens!, er den på nynorsk. Kan det bli betre?

tysdag 2. september 2008

Endeleg

Endeleg har eg vore på kino åleine. Eg har jo prøvd før, men det gjekk (heldigvis) i vasken. I dag gjekk det betre. Eg skulle på film, eg skulle det i dag, inga bøn. So då tufla eg avgarde, med skulesekk på ryggen, klissvåte sko og ei innstilling om at eg skulle storkosa meg. Åleine.

For eg har faktisk gledd meg til dette. Gledd meg til å vera so sjølvstendig at eg kan gå i billettluka og sei "Ein billett! (Ja, det var éin eg sa...)" Gledd meg til å sitja åleina i kinosalen utan å tenkja på om dei rundt meg likar filmen. Gledd meg til å gå ut åleine og kunne tenkja på filmen i fred og ro. Og det var nett so godt. Det var godt å stilla seg opp i billettluka og smilande sei "Ein til kvart over åtte!" (Og sjølvsagt måtte repertera seg sjølv, "Ja, èin..." Ikkje fullt so godt.) Det var godt å sitja i kinosalen før filmen og jobba med mine eigne forventningar. Og det var godt å springa til bussen (enno i klissvåte sko), med eit tåpeleg smil om munnen og ei litt vemodig kjensle i bringa.

Men når dette er sagt - "gleden blir større når den deles". So og med kino. Ja takk, begge deler, hermar eg Ole Brumm, og tenkjer at neste gong kan det godt henda eg går saman med nokon.

Ja, kva eg såg?
Endeleg har eg og fått sett Narnia: Prince Caspian! Mange har vore negative til denne filmen, og meint det er endå ei dårleg gjengjeving av ei flott bok. Men eg er nøgd eg. Humring, sukk, gisp og ei lita tåre mot slutten (ja, eg er lettrørt!) er for meg bevis på suksess når det gjeld underhaldning. Og når det gjeld den godaste Ben Barnes, prins Caspian sjølv, so vert ikkje han avvist om han kjem gangande/ridande min veg iallefall! (og der klarte me å vri enno eit blogginnlegg inn på mannfolk. Jaja...)