Eg var på PUKT-møte i Oslo fredag kveld, og slapp derifrå litt over ti. Dei neste seks-sju timane sat eg i ein sokkelleilegheit på Oslo Vest og skravla med Marianne, som eg gjekk på UiB med for tre år sidan. Me har heldt kontakten til og frå sidan, og hadde ei svært kosleg natt med enormt mange samtaleemne. Det fortsette forsåvidt laurdag føremiddag/ettermiddag (her byrja nemleg døgnrytmen min å leika seg), før eg for til City for å bruka peng eg ikkje har (noko eg klarte svært fint) og vidare til Norderhov, Hønefoss.Etter ein busstur med soving (svært ok det altså), er eg no heima i Lærdal. Her er oppdraget å få døgnrytmen på styr att, for her skal skrivast oppgåve! Eg har ein framdriftsplan som tilseier at denne fyrste oppgåva skal vera ferdg rett over helgi, slik at eg har halvanna veke på neste. Planen skal holdast. Planen må holdast. Eg har disiplinproblem. Og ein vill døgnrytme. Men og flotte minner frå haustferie på Austlandet!
(bilete: Norderhov kirke i haustskrud. Kristine og eg på veg på eventyr - me valte det minste køyretøyet me...)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar