fredag 19. september 2008

"Baum" og "tsjikk"

"Baum" og "tsjikk" er vitskapelege termar for å skildra rytme i musikk. I tillegg til "stor" og "liten". Sjølvsagt.

Eg er i Oslo på dansehelg, fyrste samling i mine 15 studiepoeng i norsk folkeleg dans ved NTNU. Men altså i Oslo, på Bårdar. Hovudlæraren er fantastisk, og me er ein svært variert gjeng. Her er musikarar, ein gamal lærar, nokre hobbydansarar, nokre som har dansa lenge, nokre som har dansa kort, eit par profesjonelle (men ikkje folkedansarar) - og meg. Forkjølt og fin. Men det går strålande. Berre eg får orden på "baum" og "tsjikk", "stor" og "liten" og ikkje minst "partytriks". Men det kjem nok det og.

Elles kan eg fortelja at eg bur på hotell der dei viser skumle ting på fjernsynet. Ti minutt å gå til Bårdar (og to hus til Gina Tricot...), Deli med take away i nabohuset, og internett. Eg har rett og slett slege meg laus denne helgi! Eg kom til hovudstaden og gjekk rett opp Karl Johan, sjekka inn, låg eit kvarter på eige rom, gjekk på shopping (der eg ikkje fann noko, men det er jo tanken som tel), og fulgte opp med middag i einsam majestet på restaurant med garderobevakt og kvite dukar. Og so dansesamling. I morgon vert nok prioriteringane anleis, med dans klokka ni, og ein knapp times lunsj. Men eg reknar med det vert ein bra og lærerik dag, og ein kosleg kveld. Oslo altså, bra by! Særleg å vera på besøk i...

4 kommentarer:

  1. Høyres herle ut, eg og vil!

    SvarSlett
  2. godt du presiserte å vera på besøk i!! ;) her heima gaor da på engelsk og norsk...litt trøtte no, so eg ska snart komma meg i seng..

    SvarSlett
  3. Enige, Monica..bare på besøk! :)

    SvarSlett
  4. Ja, det er berre på besøk. Held med ei helg eller so i slengen

    SvarSlett