måndag 8. september 2008

Studiekvardag

Å vera attende i byen etter ei helg på Stolmen er nedtur. Eg likar jo Bergen (særleg i fint ver, det har eg jo sagt før, og jammen har me faktisk fint ver enno!), men dagane verkar ikkje so produktive her som der ute (sjølv om me vel eigentleg aldri hadde ein plan) og det tek lang tid med å komma i gang med det meste. Derfor sit eg no på biblioteket på HF og utset å komma i gang med lesinga... Men kva kan eg finna på for å gjera overgangen frå ferie i havgapet til studielivet i byen litt mindre smertefullt?

Sidan det var ein suksess i sommar, prøver eg om dette fungerar i byen like godt som i Lærdal: ein dag i livet til studenten Mari:
- 7.32: klokka ringer. Ca ti minuttar seinare oppdagar eg at slumre-knappen har hengt seg opp. Det kunne blitt krise.
- 8.35: det kunne verkeleg blitt krise! Dersom ikkje ein snill bilist hadde stoppa og sluppe meg over vegen ville eg mista bussen, og eg hadde komme for seint på jobb i HT08, som eg skal innom i dag.
-9.10: det ville ikkje blitt krise likevel... Det er ingen på kontoret, og eg byrjar å bli usikker på om eg har truffe rett dag.
-9.35: Monica har sendt melding og forsikra meg om at eg har truffe rett dag. Då er det nokon an som har bomma. Eg legg att ein lapp ("Mari was here!") og går til universitetet.
-9.53: då har eg faktisk lånt meg eit par pensumbøker, sidan eg hadde lagt att alle mine heime. Eg hadde jo ikkje tenkt at eg skulle lesa i dag, iallefall ikkje på universitetet.
-10.09: eg kjem på at eg kan laga eit "kva-gjer-Mari-i-dag"-innlegg for å utsetja starten på lesinga. Men no MÅ eg komma i gang! (nokon som har høyrt den før..?)
- 10.44: eg ser på Hauge-Tveitt-sidene at dei spør etter bilete av kjøleskåpspoesi. Det var ein av mine idear og. Kanskje eg skal senda inn eitt av våre dikt?
- 11.19: eg er ferdig med innføringsboka i lyrikk som eg skulle ha lese for to veker sidan! Hurra for meg.
- 11.46: no må eg finna meg noko mat før førelesing. Syntaks er planen. Skrekk og gru.
- 12.48: "Pokker!" er setningsekvivalens for "No blei eg jammen sint altså."
- 13.46: "Det er eit vitenskapeleg prinsipp at ein klarar seg med dei enklast moglege forklaringane," seier førelesaren. Kan nokon fortelja det til resten av universitetet?
- 13.46: kan Kristiansand på fremste rad vera so venleg å skjønna at god notatteknikk ikkje går ut på å skriva ned det førelesaren seier ord for ord, og i same slengen slutta å stilla dumme spørsmål?
- 14.28: eg har kjøpt billettar til Real Ones-konsert i Logen på laurdag. Hurra!
- 15.25: eg er heima og i gang med å sortera notatar frå dei fyrste vekene med undervising. Eg er skremt over kor mykje papir eg har.
- 15.44: Home and Away-pause!
- 17.37: Monica har laga middag, me har ete, og Frida har fått bilete frå i sommar. Då var det attende til slaveriet, og kjent som litteraturhistorie
- 18.38: akkurat ein time, og eg er klar for å ta tak i syntaksen att. Det er visst det det går i i dag, lyrikk, litteraturhistorie (om lyrikarar) og syntaks. Jaja...
- 19.19: Why don't we do it in the road? (The Beatles)
- 19.40: For tomorrow be rain, so I'll follow the sun (The Beatles). Lat oss håpa dei tek feil
- 20.18: Å, Les Miserables! Den hadde eg gløymt. Eg må finna nokon som vil gå på teater med meg. Frivillige?
- 21.06: eg gir meg for kvelden. No vil eg finna på noko moro/kos.
- 21.24: Step Up på nederlandsk. God plan
- 23.11: då har helten fått heltinne, og omvendt, og eg har pussa tanna og gjort klar senga. So då var faktisk denne dagen over. Eg sit absolutt ikkje lenger på biblioteket på HF, men eg har vore lika treig med å komma i gang med ting i heile dag. Det eg ikkje er fullt so treig med er å komma i seng (får me tru), for i morgon er det dikttolking klokka åtte.

God natt!

1 kommentar:

  1. Huff, ja, det var hardt å komme tilbake til studiekvardagen. Alt går i ett, og det er ikkje rom for å slappe av i det heile tatt. Eg lengter etter ny helg!

    SvarSlett