onsdag 24. september 2008

Jokeren

Endeleg har eg sett den. Den siste filmen Heath Ledger fekk fullført, rekna som ein av hans beste rollar. Og endeleg fekk eg sett oppfølgjaren til den forrige Batman-filmen, ein film eg har venta på ei stund. Og det til tross for at eg aldri har vore ein stor fan av Lynvingen - det er likevel noko med han, noko mørkt og dystert dei andre manglar, noko mystisk og farleg.

Men denne filmen altså, The Dark Knight, den vart i meste laget. Eg må innrømma at eg ikkje såg so svært store delar av slutten, det var nok å høyra. Og då ei i salen hylskreik midt i filmen, var eg glad for at det var Einar som sat attmed meg, og ikkje ein eller annan som hoppa like høgt som meg (sjølv om eg trur han kvapp og...) Det er mørkt, dystert, det kn ikkje enda godt. Kvifor kan det ikkje gå godt i livet til Batman av og til og? Stakkars mann...

Attende til Jokeren (helten/-ane sjølv og resten av rollelista er flotte dei og, men dei kjem bak den fyren her). Eg såg spor av Jack Nicholson si gamle tolking, eg såg glimt av ulike Johnny Depp-rollar, men mest av alt var det ein sjukare, galnare Joker enn nokon sinne. Ei spelande tunge, galne augo, eit grin i ansiktet som får ein til å skjønna at folk er redde klovnar, og ei stemme som får det til å gå kaldt nedover ryggen på den som tillet seg å leva seg inn.

Eg kjem ikkje til å få sova i natt. I alle fall ikkje om eg skal tenkja meir på Jokeren og han hin, Two-Face. Derfor vert det her eit bilete av Heath Ledger frå ein (heilt) annan film me likar: 10 things I hate about you. Lettare å sovna, og drøyma godt, med det biletet i hovudet...

Oppdatering: Dette var innlegg 150 på bloggen! Gratulerar med å ha heldt ut so lenge, til meg sjølv og alle lesarar!

7 kommentarer:

  1. Why so serious?

    Huff... Du gir meg nesten skyldfølelse for å ha likt den filmen såpass godt. Ledger er skummel som Joker, og de har vel brukt de absolutt mørkeste Batman-historiene som referansemateriale, etter hva jeg har forstått.

    Men du må innrømme at Joker i sykepleieruniform var ganske søtt, da.

    SvarSlett
  2. Jeg ser ikke Batman filmer av prinsipp...er ikke min kopp te kan du si. Men grattis med nr 150 blogginnlegg! Jeg har langt igjen...og listen med lesere er vel heller kort..hehe..men jeg har ikke markedsført meg heller..

    SvarSlett
  3. Eg likte filmen altså, Erling! Den var spanande og litt trist og anleis enn svært mange andre superheltfilmar. Men ikkje mange pausar å pusta på akkurat, og mørkare enn den forrige var den og (men det visste eg jo på førehand). Men ingen mareritt, ikkje ein gong om Jokeren i sjukepleiaruniform... :-)

    Takkar Lena! Du har nok nokre trufaste lesarar du og - meg f.eks :-)

    SvarSlett
  4. gratulera med 150 innlegg!!:) eg lure på om eg noen gang komme så longt...

    SvarSlett
  5. Gratulerer med 150 innlegg. Jeg ser jeg ligger litt etter, selv...

    Må vel si meg enig med at det ikke var de helt store pustehullene i dark knight, ihvertfall ikke når det nærmet seg slutten. Jeg var sikker på at filmen ville være ferdig tre eller fire ganger i løpet av den siste timen, ikke fordi jeg var lei eller noe, men fordi de hele tiden nådde den magiske "så mye spenning at nå er den straks ferdig"-grensa.

    SvarSlett
  6. Hehe! Håper du sovnet! Likte den veldig godt. Og ja, han er lettere psyko..

    Litt usikker på hvor mange innlegg jeg har skrevet. Lurer på om jeg har bikket 150 jeg også. Uansett, gratulerer :-)

    No ska ej fer te Voss! God helg!

    SvarSlett
  7. You have been tagged! Check out my blog!

    SvarSlett