
Eg har vore sjuk då... Men det prøvde eg å ignorera som best eg kunne, og utanom ei natt med feber og enorme mengder snytedukar har det gått greitt. Dagen min på land laurdagen vart brukt i solveggen med ei god bok, so sjølv om eg gjekk glipp av diverse fiskefanstar og ei skattejakt var eg nøgd. Problemet er vel at eg no har smitta resten av ICY.
Men det var ein fantastisk tur! Å setja seg i båten og oppleva ein fantastisk solnedgang til sjøs. Å eta nybakt brød og fersk steikt makrell til lunsj. Å vakna med sol inn glaset. Å dra ein gamal færing ut av naustet. Å spela kort til seint på kveld. Eg er glad dette er ein tradisjon - det betyr vel at me gjer det på nytt neste år?De kan forresten lesa meir om turen vår på www.icy.no, eller hjå Magnhild
(bilete: Lina og Karina på fiske. Monica og Karina vinkar hade til sjuklingen)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar