måndag 15. september 2008

Publiserte forfattarar

No er huset blitt publiserte forfattarar! Nokre av kjøleskåpsdikta våre er nemleg komne på sidene til Hauge-Tveitt. Frå toppen kan ein lesa dikt av Anja, Frida, Magnhild, eit par av mine og det fyrste til Monica. No er det berre å sjå fram til diktasamlinga, som kjem so fort me har fylt opp kjøleskåpet og notatboka (eller kring dei tider...)

6 kommentarer:

  1. Eg kan og fortelja dei som er nervøse for det, at det er eg som har rettane til bileta og i følgje nettsida, og dermed til dikta. Men notatboka/diktsamlinga på kjøkenet er sjølvsagt det bindande dokumentet her, so ingen har mist rettane til sine andsverk. So veit de det.

    Merkar eg vert litt oppteken av slike ting når eg jobbar med desse nettsidene...

    SvarSlett
  2. Morro!
    Va det sånn at det berre går an å få tak i dei HTmagnetane i Bergen? Kan feks e senda deg peng og så sende du oppover til meg eit sett med sånne? Vil ha! No har e fått meg magnettavle på rommet mitt til å ha dei på :p

    SvarSlett
  3. Du kan kjøpa dei frå Åsentunet i Volda, over nett slik eg har skjønt det. http://www.aasentunet.no/default.asp?product=151&view=product&menu=3801

    SvarSlett
  4. Så eg er publisert!?! Wow...kult

    SvarSlett
  5. Ditta va kjekt ;) me må laga fleire, dei e jo gode!

    SvarSlett