fredag 30. april 2010

Scarborough

Are you going to Scarborough Fair?
Parsley, Sage, Rosemary and Thyme
Remember me to one who lives there
She once was a true love of mine.

"Hm, dette var større enn eg hadde trudd!" "Skal tru kor havni er?" "Gløym sjøen - me snakkar ruiner på ein topp!" "Lat oss gå!"

Scarborough er ein by ein har høyrt namnet på, men aldri tenkt noko meir på. Ikkje visste eg det var badeby med casino langs promenaden, ein søt småby med bratte gater og marknad, og ikkje minst slottsmurar og festningverk av den typen som alltid gjer meg litt galen...

Ved havni låg det fiskebåtar på rekke og rad, dei såg ut som leikebåtar alle saman, men skal ein gå etter lukti var dei nok i bruk, både dei og den med sjørøvarflagget.

Og so var det slottet - på ein klippe over havet låg det og beskytta byen mot angrep frå havet i maaange hundre år. Under fyrste verdskrig sto det ikkje lenger imot, då vart det skada av luftangrep. Men det er enno imponerandre murar å gå tur rundt og langs, opningar med usikt mot havet og eit slott som strekker knekte fingrar mot himmelen.

onsdag 28. april 2010

Transit

There’s such a lot of world to see… 
- Real Ones

Eg likar ikkje busstasjonar. Busstasjonar kan vera ein start på reisa heim, men utanom det er det lite spanande der. Folk er slitne, trøytte, leie allereie før dei set seg på bussen. Då er flyplassar og togstasjonar noko heilt anna.

På flyplassar summar lufta, sjølv om klokka er berre halv seks om morgonen og det fyrste flyet so vidt har byrja å trilla fram. Der er folk spente, litt nervøse, dei gler seg til heimreise eller feriereise, eller berre til å komma lett fram på ei jobbreise. Det er ulike folk – unge og gamle, folk med fritidsmål eller med arbeidsmål. Det er kontrollar og ei kjensle av rutine, men og spaning og ei kjensle av at det ukjente ventar. Og so sit ein på flyet, det lettar og ein flyg faktisk. Og etter ei stund landar ein. Ein kjem glidande inn over eit framandt landskap – eit landskap som plutseleg dukkar opp, som er dekka av framande fargar og former, eller landskap som sakte glir fram under vingane. Plutseleg er ein der – i eit framandt landskap, ein heilt annan stad i verda.

Om flyplassar summar, er det ingenting mot togstasjonar. Dei er hektiske, med ekko i hallane og tog som strekker seg mot utgangane, ivrige etter å komma avgarde. Folk hastar mot sine plattformar, litt seint ute uansett kor god tid dei har. Og so susar toga gjennom landskapa, so fort at ein ikkje får med seg detaljane. Men endringane ser ein, dei store linjene. Trass i farten kjennest det som ein snik seg rundt på bakvegar, at ein får sjå landskapet som det verkeleg er, utan fasadar. Medan ein veg har fokus, er det berre stasjonane som bryr seg om togskinnene. Medan butikkar, hus, folk, bilar, skilt og lys er retta mot vegane, kan toget gå umerkeleg forbi, heilt til det kjem til ein stasjonsby som ynskjer det velkomen.

Og i stasjonsbyen går ein av, og vert møtt av noko kjent eller noko framand. Ein vert møtt av heimen eller nye eventyr. Eg vart møtt av Janne.

tysdag 27. april 2010

Det blide sørland


I helgi var det Grimstad som var staden for Skjerdal-familien. Øyvind sto konfirmant, og konfirmert vart han som det passar seg: full kyrkje, god middag, underhaldning - som han i stor grad stod for sjølv - og ein glad, og ikkje nett liten, familie. Alle var i sin beste stas, sjølv om nokon (Olve og Øystein) var meir fotogene, og mindre sjokkerte, enn andre (eg og Thea)...

torsdag 22. april 2010

Tankar om vulkanar

Dette er spanande ting! Dei er store, dei er skumle, dei er fine, dei kan forandra alt på ein augneblink, det kjem lava ut av dei.
Hehe, folk får ikkje flyga! Og det varar jo berre eit par dagar.
Kvifor har vulkanar so skumle namn? Hekla, Katla, Etna. Ok, Mount St. Helena og Eyjafjellajökull er kanskje ikkje av dei verste... Dessutane er det grueleg moro å høyra folk prøva å uttala det!
No må den vulkanen gje seg snart, eg skal jo ut å flyga.
No har det dumme fjellet gått for langt! Eksamen er flytta, og det går ut over min sommarferie og mitt sosiale liv!

Hjelpes, kor sjølvoppteken ein er... (Men veit du kva? Med rette!)

søndag 18. april 2010

Grillsesongen

Eg starta grillsesongen i helgi, i Førde - i snøver. Det var ein suksess! Pølser, marshmallows, sjokolade, pinnebrød med og utan sukker og kanel - nam!

tysdag 13. april 2010

Books of love and hate

eller "Books I love and hate", "Books I love and hate", "Books I love or hate", "Books I love to hate"

 Elsk:
- The Squatter and the Don (Maria Amparo ruiz de Burton, 1885)
Romantikk, enkle karakterar, triste lagnader og mykje moral. Sentimentalt og lettfatteleg, men og spanande om ein del av amerikansk historie ein ikkje høyrer so mykje om.

- Ramona (Helen Hunt Jackson, 1884)
Alt som Squatter and Don er - berre meir. Og her er indianarane med!

- The Third Policeman (Flann O'Brien, 1967)
Dei seier dette er ein måte å forstå serien Lost betre - eg er nervøs for avslutninga på serien dersom det er tilfelle... Men fantastisk om politifolk, eindimensjonalitet og ikkje minst syklar.

- On the Road (Jack Kerouac, 1957)
Ein klassikar i amerikansk litteratur. Nokre meinar karakterane er usympatiske og utan mål og meining - eg kjenner meg att i dei...

-The Autobiography of a Brown Buffalo (Oscar Zeta Acosta, 1972)
Acosta var figuren bak Dr. Gonzo i Fear and Loathing in Las Vegas - og slik er han her og. Ein meksikansk-amerikanar på leit etter ein identitet utan bindestrek, gjennom eit sekstital fullt av dop. Ein i klassen peikte på dette som grunnen til at me ikkje kjenner oss att i California på sekstitalet - læraren vår anbefalte meir erfaring... (Ho meinte nok meir leseerfaring, det må innrømmast)

- The French Lieutenant's Woman (John Fowles, 1969)
Klassisk viktoriansk kjærleikshistorie - trur ein. So kjem forfattaren inn på toget til hovudpersonen, og du kan velja din eigen slutt. Det er då det vert spanande.

- The Biographer's Tale (A. S. Byatt, 2000)
Phineas er grad-student - og lei litteraturteori. Høyrest det kjent ut? Dermed byter han prosjekt og rettleiar, men mistar snart fokuset, det nye prosjektet kan aldri gripast, istadenfor leitar han etter system i det vesle han har av spor. Ikkje noko av det han presenterar for lesaren er relevant, ikkje når han noko mål - men vegen er spanande den og!

- Midnight's Children (Salman Rushdie, 1981)
ei blanding av fakta slik verda hugsar dei og fakta sett gjennom augo til hovudpersonen. Og er det ikkje slik historie vert skriven? Boka er lang, historien om India sine fyrste 30 år er vanskeleg - men det er verdt det når ein vender side 460 eller der omkring, og har fullført reisa.

- The Curious Incident of the Dog in the Night-time (Mark Haddon, 2003)
Det byrjar som ei detektivforteljing - drapet på puddelen Wellington skal oppklarast. Men detektiv, hovudperson og forteljar Christopher er autist, og når ein ser verda gjennom hans augo ser den heilt anleis ut.

Hat:
- The Life and Opinions of Tristram Shandy, Gentleman (Laurence Sterne, 1759-67)
Når faren har gløymt og stilt klokka og dermed let Tristram bli unnfanga i ein umerksam augneblink, er boka enno moro, underhaldande og spanande. Når Tristram brukar to bøker (!) på i det heile teke å bli fødd, då byrjar den å dra ut... Ja, me har skjønt spøken no, kom til poenget!

- Texts for Nothing (Samuel Beckett, 1950-52)
Tekstane er til ingenting, om ingenting. Språket er medrivande - det er ein grunn til at folk ser Mens vi venter på Godot enno - men det skjer ingenting. Ingen seier ingenting (om det er mogleg). Her snakkar me frustrasjonar (både hjå tekst og lesar)!

- Tripmaster Monkey: His Fake Book (Maxine Hong Kingston, 1989)
Dette var den boka ingen i gruppa hadde fullført til førelesinga - to gonger på rad. "Bad, bad students," sa læraren. Me sleit oss gjennom slutten, og skjønte aldri heilt noko som helst. Kinesisken hjalp ikkje.

- Foe (J. M. Coetzee, 1986)
Fram til dei siste ti sidene tenkte eg noko slikt som: "Lettlest, spanande, moro å bruka Robinson Crusoe på denne måten." So opplevde eg "the tyranny of the ending", som Fowles kallar det: slutten er forvirrande, utan meining, utan løysing - og alt det føregåande verkar meiningslaust. Slutten er det som sit att, og slutten er frustrerande.

- Grapes of Wrath (John Steinbeck, 1939)
Eg veit dette er ein klassikar. Eg veit at ingen les den lenger. Eg veit ikkje kvifor, for det eg har lese til no verkar aktuelt nok. Men dette er siste bok på pensum - dvs det er den siste eg ikkje har fullført. Derfor kjem den her - for eg er redd det er ein grunn til at ingen les den lenger.

Og slik er mitt semester - eg tek det som eit godt teikn at den fyrste lista er lengre enn den andre, og håpar det held seg slik fram mot eksamen.

søndag 11. april 2010

Sol og song

Helgi i Bergen har vore ei av dei ein drøymer om heile hausten og vinteren. Den helgi våren verkeleg er komen, krokus, påskeliljer og snøklokker dekkar plenar, bed og skråninga bak busskuret, soli varmar slik at ein alvorleg vurderar å ta av seg jakka (men ein veit ein ikkje bør), og berre vil nyta den milde lufta i ein hage, ein park eller på eit fjell. Og denne helgi - den brukte eg innandørs...

Kor e' tonen hadde øvingshelg, me song Kjerringa med staven til me ikkje visste verken opp eller ned på kjerringa, Ola, grauten eller staven. Og so bles me ballongar, kokte kaffi (som kjerringa jo og gjer), og inviterte familie og vener til basar i Gimle. Ein stor suksess - og ikkje minst stor moro!

So får det heller vera at nytinga av den etterlengta helgi berre vart ein knapp time på Gamlehaugen laurdag ettermiddag - ikkje det at det er noko å kimsa av altså! - og lunsj med koret på troppi til Gimle - du kan tru me var eit syn der me sat, 20 unge vaksne med matpakkar og salige smil som strekte seg mot soli som nokre andre krokusar. Og me får vel og tru at dette ikkje var den siste vårhelgi i Bergen...

Bilete: Monica og Frida på Gamlehaugen.
Basar i Gimle

torsdag 8. april 2010

Sherlock Holmes

"And I am going to finish this chapter with two interesting facts about Sherlock Holmes:

1. In the original Sherlock Holmes stories Sherlock Holmes is never described as wearing a deerstalker hat, which is what he is always wearing in pictures and cartoons. The deerstalker hat was invented by a man called Sidney Paget who did the illustrations for the original books.

2. In the original Sherlock Holmes stories Sherlock Holmes never says, "Elementary, my dear Watson." He only ever says this in films and on the television."
Mark Haddon, The Curious Incident of the Dog in the Night-time

Du veit dei gongene i livet du får ei aha-oppleving du aldri gløymer? Eg hugsar den gongen eg høyrte det om Holmes og Watson fyrste gong. Eg gjekk på vidaregåande, det var om våren, og eg les Dag og Tid ei helg. Eg visste ikkje kva eg skulle gjera med den nye kunnskapen, den berre sat inni meg til den bobla fram på dei særaste tidspunkt - t.d. som eit, av få, døme i ei lang (og om eg får sei det sjølv: ganske god) tentamentoppgåve om Ibsen, Vildanden og livsløgner. Det var ei livsløgn. Ei livsløgn som dukkar opp att med jamne mellomrom. Eg får vel vera glad so lenge dette er av dei verste livsløgnene mine - men det er likevel litt opprørande kvar gong eg blir minna på det att.

(At Sherlock Holmes aldri eigentleg brukte hatten med klaffane, derimot, kunne ikkje brydd meg mindre)

søndag 4. april 2010

Påskemorgon

Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever,
gravi brast, og Jesus lever!


Eg har vunne, Jesus vann!
Mørkheims makt for honom rømde;
Krist or gravi utgang fann
og for evig døden dømde.
Open har eg himlen funne,
Jesus vann, og eg har vunne!

T: Johan Nordahl Brun 1786, O: Bernt Støylen 1904

Pappa påpeikar kvar jul at eg veit jo at det går bra med Askepott, eg kan den historia - men eg må sjå det for å vera sikker likevel. På same måte som ein smiler litt ekstra når ho og prinsen rir over snødekte tsjekkiske sletter, er det ei lette kvar vår, når ein vaknar påskedag og veit at det gjekk bra i år og. Ikkje det at historien har endra seg sidan i fjor, eller året før det, eller året før det - men det er greitt å vera sikker likevel.

God påske!

fredag 2. april 2010

I glashus

Oliventrea såg litt tuskne ut. Ferskenen har grøne skot, medan vinrankane var nokre triste saker. Appelsinene var turre, det same var sitronene - men inn att i glashuset kom dei, og får nyta våren bak nyvaska vindauge, saman med ein kaffidrikkande familie. Me får tru dei kjem seg - det gjorde iallefall vårkjensla mi!