måndag 31. mars 2008

Jakkemerke

Fram til for ti minuttar sidan har mine gamle jakkemerke (som tidlegare pryda veska mi, men som hadde ein tendens til å detta av og forsvinna) hunge på oppslagstavla mi. Men då eg i dag var på Norli, måtte eg berre kjøpa nokre nye (i tillegg til magnetpoesi, so no er det mogleg å slå seg laus som diktar, på nynorsk må vita, på kjøleskåpet vårt)... Og når eg no ein gong kjøpte nye merke, måtte eg berre festa dei til sekken min (eller Karoline sin, men eg har brukt den det siste halvåret).
Dei fleste jakkemerka seier noko om meg. Eg har då fire Olav H. Hauge-merke, som eg vil påstå kan representera mi interesse for litteratur, nynorsk og det vestlandske. Eg har eittåringsmerket frå KFUK-KFUM, eg har k3-merket frå same organisasjon, og YMCA. Eg har to Nei til EU, to fredsmerke og eit Oliventrekampanje-merke (og "Jeg er singel"-merket som eg har eit litt ambivalent forhold til...) Og dette er jo nokre av mine interesser.

Men er det ikkje meir slik at ein skapar seg sjølv med slike symbol? Det er nyhende no om angrep på sokalla Emo-ungdom, ungdom med ein spesiell klesstil, som ut frå denne klesstilen søker å sei noko om sine eigne oppfattingar. Det finst punkarar, saggarar, rockarar, folk som føl moten slavisk og folk som slavisk avviser den. Alle arbeidar aktivt med å uttrykka seg gjennom yttre symbol - nokre kan lesast bokstaveleg medan andre må tolkast. Eg håpar berre eg med jakkemerka mine skapar ein person eg kan stå inne for - og at dei som tolkar mine symbol tolkar dei slik det var intendert.

Nei, no vart eg nesten so nervøs at eg vurderar å fjerna alle merka eg... Men reflekskyri skal heller få vera.

fredag 28. mars 2008

"Hellig grunn"

Eg er nett ferdig med ei bok som har underheldt og opprørt meg i alle ledige stunder den siste veka, "Hellig grunn; reiseskildring fra Midtøsten" av Morten A. Strøksnes. Maria som me viste oss rundt i Palestina les denne, og sette meg dermed på tanken om at det kunne vera ein ide.

Strøksnes er norsk journalist som har reist i Midtausten, og versjonen eg har kom i 2001. Det har altså skjedd mykje etter den tid i Israel/Palestina, men boka er likevel full av spanande møte med ulike menneske, historien til området forklart på ein enkel og spanande måte (og enkel er ikkje lett i dette området!), og observasjonar og tankar forfattaren gjer seg.

Ein merkar han er oppgitt på palestinarane sine vegne (kven vert ikkje det som reiser i Israel og dei okkuperte områda med eit middels intellekt?), men han legg heller ikkje skjul på svakheitane på den palestinske sida (mykje kritikk av Arafat kjem fram både gjennom forteljingane og menneska han møter). I tillegg er kapittelet om Jerusalem ei fråtsing i komiske møte med fanatiske religiøse - enno ein gong må eg tenkja på at det ikkje er rart det er ufred i verda, når so mange står mot kvarandre, sjølv innan same religion (kristendommen i dette tilfellet).

I Bergen kan de låna boka på SV-biblioteket (som knapt kan kallast bibliotek, ettersom det består av ein mann med skjegg bak eit skrivebord). Kanskje og på folkebiblioteket, men dataen min likar ikkje nettsidene deira, so det veit eg ikkje... Uansett korleis de får tak i boka - få tak i den!

torsdag 27. mars 2008

Vinter, enno ein gong...

I går tok eg dette biletet ute i hagen vår - vårblomane titta opp av snøen som kom i påsken, det var sol - noko kaldt, men likavel godt og fint vårver. I dag var det overskya, varmare - og so kom snøen. Det har lava ned i heile ettermiddag, og sjølv om det nederste biletet vart teke sist gong det snøa er det ikkje so langt frå sanninga (dessutan er det mørkt ute no, so eg kan ikkje ta noko nytt). Her oppe hjå oss er det og so kaldt at snøen ikkje er blitt slaps, slik det har blitt i byen, og bussen måtte byta til piggdekk.

Det er fint i Bergen når det er snø, når krystallane i snøen skin om kapp med stjernene og lysa frå byen. Trea på Minde står tunge av snø, og på alle trappegelender ligg det snø lett tilgjengeleg for å forma ein snøball. Men eg seier som Endre: Kvifor kan ikkje vinteren komma om vinteren, må den venta til våren?

onsdag 26. mars 2008

Kor er "Fjortislista"?

Eg fann ut at mi liste over kjekke mannfolk for lenge sidan har utspelt sin rolle. Den vart rett og slett for lang - eg er visst ikkje so kritisk som eg trudde...
Derfor er den lista erstatta med ei bokliste, "Bøker i 2008". Eg brukte å tenkja på meg sjølv som eit lesande menneske, men det har dabba svært av dei siste åra. Derfor reknar eg med at denne lista kanskje ikkje vert so fælande lang med det fyrste, sjølv om eg gjer so godt eg kan. På den forrige bloggen eg hadde hadde eg ei liste over bøker eg skulle lesa ein gong i framtida. Den minska aldri, so eg har funne ut at for ikkje å bli deprimert er det lurare å skriva dei eg faktisk har lese. Desse bøkene er jo for det meste gode samtaletips i møte med meg og, dersom det nokon gong skulle trengast... (Eg tek sjølvsagt ikkje med verken dameromanar eller pensumbøker på lista, då vert eg både flau og oppgitt...)

Forresten, eg er attende i Bergen, derfor kjem det sikkert fleire blogginnlegg utan innhald i tida framover.

laurdag 22. mars 2008

Påskeferie

Eg har oppdaga at eg sit mykje meir på dataen når eg er i Bergen enn når eg er heima. Og at eg føl meir med på nyhenda i Bergen enn når eg er heima (til gjengjeld føl eg meir med på vermeldinga heima enn i Bergen, det har på ein måte meir å sei - og den er kanskje meir variert?) Og eg oppdaterar bloggen oftare i Bergen enn når eg er heima. Kanskje fordi når eg er i Bergen prøver eg alltid å utsetja å lesa, men når eg er heima (iallefall no) har eg ferie!

Eg har med meg to pensumbøker heim, men dei ligg nederst i bunken av bøker eg tenkte eg skulle gjennom denne påska: Mansfield Park, Nora Roberts-seriar, Paktens voktere, Hellig grunn. Og ettersom eg berre har komme gjennom deler av dette, skal pensumbøkene få ligga i fred for meg. Forresten, Paktens voktere av Tom Egeland: ikkje å anbefala dersom du ikkje likar kopiar av Da Vinci-koden, ein lettvint omgang med arkelogiske funn og at forfattaren fer med harelabb over bibelske spørsmål - men grei nok underhaldning, og av og til likar me jo at det berre er å kakka litt i ein mur, so finn me eit skjult gravkammer fullt av skattar innanfor. Litt Indiana Jonesk nesten, men utan den kjekke/sjarmerande (og no gamle) mannen...

Elles var Karoline på besøk i eit knapt døgn på veg frå Volda til Hønefoss. Olve har vore i Finland på ski og Alta på besøk, so når pappa skulle henta han på Gardermoen passa det å køyra Karoline heim. Slik fekk eg og komma på biltur - eg saknar av og til det. Rart, sidan eg eigentleg vert fort bilsjuk, men med tre cd'ar stappfulle av musikk eg har valt ut sjølv, fint ver utanfor, godt selskap og Ringerike i solnedgang (må innrømma det er fint, sjølv om det er flatt...) vart det ein fin tur! Og so var det so kosleg å ha Karoline på besøk! Det vert alt for sjeldan, og me har alt for mykje å prata om.

Torsdagen var det noko heilt anna som sto på programmet: paintball! Åtte jenter stilte opp, og sprang rundt i snødriv og vind med 200 kuler med måling i magasinet og kamuflasjedressar ein kunne drukna i. Eg har to store blåmerke på magen som bevis for at nokon levde seg litt vel inn i kampen...

Om kvelden var det den store utedagen i Lærdal. Laksen hadde tre barar og plass til over 300, og "alle" var ute. Kosleg å treffa so mykje folk, det er mykje som skal pratast om og mange som skal helsast på når folk endeleg er heima. I tillegg er det alltid spanande å finna ut korleis ein skal komma seg heim i Lærdal, serveringa stengte to, men klokka var fire før eg gjekk over brua heime.

I går var mamma, pappa, Olve og eg i Skjerdal, der alle var heima. So me var over 20 til middag, og nokre til til kaffi. Mykje ungar, mykje vaksne, springing inn og ut, speling av likt og ulikt (både kort og gitar) og so mykje lyd at ter personar må gjenta påskenøttene for at alle skal få dei med seg. Det er godt å ha ein stor familie! Og so byrjar alle me ungane å bli store og. Me sat og såg i albumma som står der, og det er mykje osm har endra seg. Til dømes det at alle ungane kunne få plass rundt eit leikebord til middag... Eller at ungane faktisk var ungar, no er over 1/3 av oss konfirmerte og kan derfor få lov til å bli rekna som vaksne. Og mange av dei andre er neimen ikkje langt unna dei heller...

I dag er det kaldt i Lærdal. Heile familien har vore ute og lagt duk over jordbæra, so håpar me dei klarar seg gjennom resten av vinteren, for den har ikkje sluppe taket enno. Og elles går det i å dukka lenger ned i bokbunken, sjå film, ta knekken på påskeegget før pappa finn ut at det går an å snika til seg snop, og endeleg skriva litt (ok, alt for mykje, og ikkje særleg spanande...) på bloggen.
Det er jo dette som er påske, sjølv om det ikkje er så religiøst
- men familie, natur og rolege dagar er viktig for å vera klar til våren. Og påskebodskapen er jo i grunnen ein bodskap om glede - når morgondagen berre kjem. Eg les eller høyrde ein eller annan stad at ein held pusten og håpar på Jesu oppstode mellom Langfredag og Påskedag, og det syntes eg for så vidt er godt sagt. Men eg må vel sei som pappa seier om Askepott kvar julafta - "ja, det gjekk vel bra i år og?" Me får håpar det går bra i år og, og at me i morgon kan høyra "Påskemorgen slukker sorgen" og "Deg være ære" på radioen.

(bilete: "Paktens voktere", Karoline slik ho såg ut i fjor - få endringar til i år , Palestinafararane på Via Dolorosa, og eit bilete frå Gravkyrkja i Jerusalem. Tenk at det ikkje er mange vekene sidan eg var der Jesus gjekk, og vart gravlagt, Langfredag!)

søndag 16. mars 2008

Palmehelg

I dag er det dagen Jesus rei inn i Jerusalem og vart hylla av folket. Rart å tenkja på at det ikkje er lange tida sidan eg sjølv var i Jerusalem, det er ganske fjernt heima i Lærdal.

Ja, eg er heima no, skal vera her heile påskeferien, utanom kanskje ein tur til Skjerdal og på hytta - me får sjå. Veret såg lovande ut til no, men no har det faktisk snøa (!) Kva er det forresten med nordmenn og veret, særleg påskeveret...? Eg kjem på ein måte ikkje unna å nemna det.
Men veret har eigentleg lite å sei for meg. Sidan eg kom heim fredag har eg brukt mykje tid på å gjera meg til nær ven med alle sofaane att, senga og ikkje minst puta mi. Det er godt å komma heim altså! Og so er det god mat, varmt i stovene, fulle skåp, folk i huset og generelt roleg stemning. Og so kan ein gjera litt koslege ting - sjå Ocean's Eleven med foreldri for eksempel, eller reisa til Voss på konsert med mamma.

Ja, i dag var det altså konsert på Vossajazzen. Berit Opheim song melodiar av Per Indrehus og tekstar av min kjære Olav (H. Hauge altså). Svært fint! Ein avslappande, men og spanande blanding av viser, litt folkemusikk og jazz med klassisk ensemble - piano, slagverk, bass og saks. Det likar me! I tillegg er det kosleg berre det å vera på biltur med mamma - gjennom dei lengste tunnelane gjekk det i Gabriel Faure sitt Requiem som koret her heima skal synga i vår, og attende var det Ella Fitzgerald på anlegget og Sørlandschips som snacks.

No er det søndag kveld - men det gjer ingenting, for det er ferie!

onsdag 12. mars 2008

Engasjement for ei rettferdig verd

I kveld stel eg vilt frå bloggen til Anna, som bur i Beit Sahour, Palestina:

Vårt arbete handlar mer om att se till så att människor(oavsett vilka människor och vart i världen) får tillbaka sin heder, att inte bli kränkta dagligen, att inte behöva leva under hot eller känna sig hotade, att de har rätt att leva som människor, rätt att ha sin egen religion, rätt att tillhöra olika grupper oavsett åsikt, rätt att växa upp och leva i frihet och rätt att existera.
Det kallas mänskliga rättigheter. Och det ska gälla alla människor oavsett storlek!

Eg synes ho seier det so godt! Ho skriv i stor grad om palestinarane og deira problem, men det gjeld alle i verda, ikkje minst alle oss. Mange lever utan rettar, men me er og mange som kan sei frå om det. Kari i ICY er intervjua i siste nummer av kyrkjelydsbladet til Domkirken menighet i Bergen, Spor, og snakkar om kor viktig det er å få fram sanninga om kva som skjer i verda, og prøva å skapa endring og rettferd på bakgrunn av det.

Eg er engasjert på mange sider, innlegget mitt i går var sint og langt på grunn av angrep på mi målform, i dag er det eit litt rolegare og kanskje litt meir vemodig innlegg på bakgrunn av hendingar i Betlehem (sivilkledde soldatar frå Israel har skote fire palestinarar, alle ettersøkte og framtredande i kampen mot Israel, i Gamlebyen). Det viktigaste trur eg er at ein uansett let seg engasjera.

Forresten, snart kjem det nok eit meir useriøst innlegg. Hald ut!

tysdag 11. mars 2008

Sint nynorskbrukar (eller var den arten utdøydd?)

No burde eg ha skrive eit eller anna om kor bra det er at folk tek so godt i mot bøssebærarane frå Kirkens Nødhjelp i kveld, for det gjer dei. Eller om kor kosleg det er å snakka med framande folk i ei opa dør. Eller kanskje om at til tross for at det regnar, so kjennest det litt vårleg ut i Bergen - men eg er for sint...

Eg les nemleg om "nynorskens forfall" på Dagbladet i dag. Forfell målet vårt altså? Fint at nokon fortel oss det... Kronikkforfattaren skuldar på valfridom og internett, og eg ser til dels poenget hans. Det er lite stoff på internett som er skrive på nynorsk - men det hadde vore enno mindre om nynorsk ikkje fanst... Og mykje av skulda ligg vel og på dei store nettsidene og nettavisene, som verken i papir- eller nettutgåve gir rom til nynorsk. i tillegg er det svært mykje verktøy som ligg føre berre i bokmålsutgåve. Og når ei side som ordbok.no har lenkjer til "norsk" og "nynorsk" er det ikkje rart statusen ikkje er høgre... Desverre er det og få som veit at det finst nynorske alternativ, som startsida.no. Men eg har og opplevd mange som viser identiteten sin på internett gjennom å skriva nynorsk eller noko nærare dialekt. Min eigen kjære bror har kjefta på meg fordi eg skirv for normert i rask nettkommunikasjon, og eg trur rask (det som på faget mitt heitte real-time) kommunikasjon er ein måte å gjera ungdom medviten på eige språk. Men det vert ikkje akkurat normert...

Og dette er ein av tinga kronikkforfattaren reagerar på. Stor valfridom gjer at sjølv dei som har vore nynorskbrukarar heile livet er usikre på rettskrivinga - det oppdaga eg sjølv i dag då eg lærte at eit refleksivt pronomen med feminin antesedent er henne på nynorsk, ikkje den. Ein lærer so lenge ein lever...

Forfattaren meinar derfor ei nynorskreform er lurt, for å bli kvitt all tvil kring t.d. bruk av anbehetelse-ord - og eg ser poenget hans (desse orda burde forsåvidt vore fjerna, det gir eit meir aktivt språk, men det er so steike vanskeleg utan dei...) Men eg har enno litt problem med ei nynorskreform - eg likar klammeformene våre, valfridomen og det at det er lett å ha eit skriftspråk nær si eiga dialekt. Men me skal no alltids takla ei normering... (Ikkje sei til Frida at eg nokon gong har sagt dette, eg kjem til å bli kvelt i medan eg søv)

Det eg ikkje taklar lenger, er at etter kronikken om normering (som forfattaren sjølv meinar kan vera ein reiskap for å styrka nynorsken) kjem alle kommentarane. Og dei handlar ikkje om å styrka nynorsken, men derimot nesten utan unntak om å fjerna den. Alt vaksne folk kan få seg til å skriva! "grautmål", "fjøslatin", "nynorsk er et dødt språk" (takk fro at du fortalte meg det - eg må innrømma eg føler meg sprell levande, og det same med språket mitt, men no som du seier det - ja eg er litt slapp...) og det beste: "Jeg har selv hatt barn som har blitt pressa til nynorsk og DET HATER jeg dere for!" Er det rart eg har lyst å smella med dørene, kasta ting i veggene og hyla høgt? I staden for nyttar eg sinnet fornuftig, og bygger opp mitt forråd av ting eg aldri skal sei til nokon. Hata ei heil gruppe menneske for at borna har måtta læra litt av ei anna målform? Den er drøy (forresten, "eg hatar vikingane fordi bror min må læra norrønt")

Det som derimot er moro med desse kommentarane er at han som skreiv, på bokmål, at folk som mislikar nynorsk gjerne er folk med dårleg språk sjølv, desverre ser ut til å ha rett... Mykje rare orddelingar, engelske uttrykk, skrivefeil og særs usaklege argument ute og går altså! Og so nyttar dei som argument at ein bør kutta ut sidemål for å få betre plass til engelsk - rekk opp handa den som har reine a'ar og b'ar frå universitetet i nettopp, ja, engelsk. Oi, det var nynorskbrukaren det ja! (ikkje ofte eg dreg fram karakterane mine, so no skjønnar de vel at eg er sint...) Eg kan ikkje skjønna at det å læra fleire språksystem kan hindra språklæringa. Det viser all forsking at det ikkje gjer. Argumentet med at osloskulane som har hatt valfri sidemål har fått betre norskkarakterar held heller ikkje mål - det er ikkje svært rart at ein får uttelling når ein spyttar inn midlar, er det vel. I tillegg fekk og osloskulane med obligatorisk sidemål og betre karakterar (noko som minner meg om muren i Palestina - ingen sjølvmordsbombarar? Hurra, muren funkar! Og nei, me tenkjer ikkje på at det kan vera andre årsaker...)

Ja, no skal eg gje meg, før dataen eksploderar av mitt sinne. Og eg beklagar so mykje, for eg veit jo at dei fleste av dykk som skal lesa dette er mine vener og kjente, og deler eller kjenner til mitt syn på saken. Til dykk kan eg avslutta med å sei: Les kronikken, les kommentarane - og vel sjølv om de vil le eller gråta. Eg er ikkje sikker sjølv enno...

P.S. Frimerket er frå Noregs Mållag sitt hundreårsjubileum.

måndag 10. mars 2008

"Kor kjem du frå eigentleg?"

På badet vårt ligg eit gamalt KK, og av og til fell eg for freistinga til å bla litt i det. I dag kom eg til ei spalte av Tove Nilsen, der ho skriv om ei ung jente på jobbintervju. Denne unge jenta er fødd og oppvaksen i Noreg, men ser ut som ho kjem frå Midt-Austen. Ho får spørsmålet "Er du muslim?" - og etter det går det berre nedover med heile intervjuet. Tove Nilsen skriv: "Hun er dritt lei av å bli oppfattet som innvandrer i det landet hun er født i."
Eg trur dette er kvardagen for mange ungdommar, ungdommar som er fødde eller oppvaksne (eller begge deler) i Noreg, som er norske, med norsk statsborgarskap og norsk språk. Kanskje i tillegg til ein annan kultur, eller som ein del av den varierte "norske" kulturen. Men så tru eg og det er mange som ikkje får spørsmålet, fordi ein del av oss ikkje spør. Eg har gått i klasse med ei jente frå Stavanger/ Midt-Austen. Eg såg klårt fyrste gong eg møtte ho at ho ikkje kunne ha åtte etnisk norske oldeforeldre for å sei det slik, men samtalen om opphavet hennar kom ikkje før ho spurde meg om palestinaskjerfet eg bar. Det same med ein gut frå Laksevåg/ Asia, temaet kom ikkje opp før ein forelesar kritiserte norsken hans - som er prega av nokre tiår i Bergen...

Sjølvsagt er det forskjel mellom å spørja folk om religion og kor dei kjem frå. Som kristen får eg gong etter gong spørsmål om nett det - "er du kristen liksom?" Nokre gonger eit greitt spørsmål, andre gonger heilt ut av samanhengen. Men eg tek meg sjeldan nær av det, noko eg skjønnar ein kan gjera dersom nokon sør om religion på bakgrunn av hudfarge. Religion er personleg, og bør skiljast frå etnisitet. Men i Noreg knyter ein ofte desse saman - og i Noreg er det vanleg å lura på kor folk kjem frå.

Forelesaren min sa i dag at ein ting som er obligatorisk for det norske språksystemet er at med ein gong ein opnar munnen, lurer tilhøyraren på kor ein kjem frå. Det er det same om ein er utalandsk eller norsk, snakkar ei brei dialekt eller noko tilnærma ein talemålsstandard. Og nokre gonger kjem spørsmålet om kor ein er frå på heilt feil stad. Eg er stolt av dialekten min og staden eg er frå, men av og til kjem den i vegen. Når eg har snakka meg varm om eit tema eg brenn for og ikkje får som svar "Ja, det skjønnar eg" eller "Men eg meinar at", men derimot "Guri, kor kjem du frå? So søt dialekt!" - då er det rett før det kokar over. Eg er lei av å bli oppfatta som ein heimføding i eit land der eg har rett til å ta del i samfunnsdebatten på lik linje med andre.

Men eg kjenner jo att nysgjerrigheiten. Eg veit at eg sjølv kan skildra ein person med å visa til dialekten og staden han er frå. Eg veit at eg sjølv lurer på opphavet til folk eg møter, om det no er innanfor eller utanfor Noreg. Men nokre gonger bør verken religion eller heimstad vera i fokus. Nokre gonger bør spørsmålet om kor ein er frå eller kva ein trur på utsetjast til seinare i samtalen, eller utelukkast frå jobbintervjuet.

laurdag 8. mars 2008

Skyting i Jerusalem og spente tilstandar

Medan me i Noreg lever rolege dagar der veret er den største utfordringa, er det meir spent enn på lenge i Israel og Palestina. Etter ei veke med angrep og motangrep frå begge sider over grensa til Gaza, vart sju studentar drepen på ein jødisk skule i Jerusalem. Dette er det fyrste angrepet mot Jerusalem sidan 2006, melder Dagbladet. Og Hamas støttar skytinga, og melder om at det kjem til å skje meir.

Når ein nettopp er komen heim frå eit område som verka so roleg, sjølv om ein heile tida merkar spenninga under overflata, er det skremmande når det eksploderar på denne måten. Hamas meinar dei har rett til denne typen hevn, medan Israel meinar dei har rett til å forsvara seg. Skulen som vart angripen er knytt til busetjingane på Vestbreidda, og dermed eit forståeleg mål - men eg sjølv om mennesket i meg skjønnar frustarsjonen palestinarane sit inne med, strittar mennesket i meg og i mot. Eit angrep fører til eit motangrep som fører til nye angrep, nye blodbad, nye arrestasjonar og ny understrykking, frå og for begge sider. Israelske styrker er inne i Betlehem for å arrestera folk dei ser som truslar, og kanskje har dei no oppdaga at muren ikkje funka som den skulle? Palestinarane blir delt, og motsetjingane veks mellom dei to områda.

FN klarte ikkje å einast om ei uttaling om angrepet mot skulen i Jerusalem, fordi Libya ville ta med noko om Israel sitt angrep på Gaza. Dette vart for vanskeleg... Har FN utspelt si rolle i denne konflikta? Gjorde dei kanskje det for 60 år sidan?

P.S. Eg har med vilje ikkje nytta ordet terrorist - det er eit ord eg er så lei av at eg får vondt inni meg kvar gong eg ser det! Ja, ein skulemassakre er terrorisme (sjølv om når det vert gjort av ein vestleg person i hans eige land er det ikkje det). Ja, angrep mot sivile mål er terrorisme. Men det er og å få ein 12 meter høg betongmur utanfor stoveglaset, å ikkje få reisa på besøk til familie og vener, eller ikkje ha tilgang til landet sitt, å bu 60 år i flyktningeleir, eller kvar dag frykta angrep frå naboane når ein går til skulen.

Trondheim

No sit eg i stova i Bergen og ser ut på regnet, med Joni Mitchell på stereoanlegget og den siste sekken med ved i omnen. Eg har det eigentleg svært godt - men i Trondheim var det sol... Det var fin sol, snø og rolege dagar. Ok, det skal seiast at torsdagen verka det som eg hadde teke med meg uveret frå Bergen opp, men det roa seg altså. Uveret i Bergen gjekk forresten ut på at eit halvt døgn snø vart avløyst av regn, noko som gjorde at bussane sto og eg måtte symja til Danmarks plass, i mine nye høghæla sko...

Eg har vore to-tre dagar i Trondheim på besøk hjå mi kjære veninne Eiren, der har me shoppa, vore turistar, sett film, ete snop(eg les nett i ei bok at kaloriar ein et på ferie på ein måte ikkje tel, akkurat som peng på flyplassar), og ete middag med ein kamerat to dagar på rad. Det var ein impulstur, men jammen er det godt å gje etter for impulsar og!

onsdag 5. mars 2008

Meir om planteturen

Ikkje ferdig med Palestina enno nei... Maria har skrive ein liten sak på JAI sine sider. De er velkomne til å ta ein kik! Nokre få bilete der og. Elles kjem det etterkvart artiklar i Krinsbladet for Sogn og Fjordane, Global-Nytt, kanskje K3, kanskje Ny Dag, krinsbladet for Trøndelag og diverse kyrkjelydsblad kringom :-)

Sweeney Todd

I kveld har eg sett ein bra film! Full av blod og gørr og mord og gru, men musikal og med Johnny Depp. To av mine favorittting! At Tim Burton har regien er ikkje å forakta heller... Anbefalast, til alle som ikkje skal gå åleina heim i mørkret.

tysdag 4. mars 2008

Forkjølt

Hei, eg heiter Mari og eg har hovudet sittande fast i ein gullfiskbolle...
Iallefall kjennest det slik ut, for det som før helgi var irriterande kort pust, er no blitt full propp i hals, nase og øyre. Eg høyrer ikkje, eg snakkar raspande og tett, men pusten min høyrest på lang avstand. Herk altså, kvifor skal ein gjennom dette kvar einaste vår?!
Og når me snakkar om vår - kor vart det av den? I dag vakna Bergen til nysnø...

søndag 2. mars 2008

Ja, eg ser det sjølv...

Ja, eg ser sjølv at det er ein viss forskjel i seriøsiteten mellom mine mange innlegg... Lesarar av bloggen får heller ta det som det det er - både interesse og sære innfall.

Søndagssysler

"It is a truth universally acknowledged that a girl in posession of her right mind must be in want of a decent man."

Jepp, eg er i gang med ei ny bok. Morgonen vart tilbrakt i senga, saman med Mr. Rochester og Jane Eyre, som fekk kvarandre til slutt. Få sistekapittel i litterturhistoria byrjar betre en kapittel 38 her altså: Reader, I married him. Men no er eg altså i gang med ny bok, Me and Mr. Darcy heiter ho, kan umogleg vera særleg kvalitet - men eg gledar meg likavel eg. Og den har svært positiv start:

To you I shall say, as I have often said before, Do not be in a hurry, the right man will come at last. -Jane Austen

Men "the right man?" Eg trur eg må sei som eg-personen i mi nye bok: To be honest, I blame Mr.Darcy. Evt. Mr. Knightley/ Henry Tilney/ Edmund Berttram/ Edward Ferrars/ Cpt. Wentworth (stryk det som ikkje passar, det er ein grunn til at eg er med i Facebook-gruppa "I am going to marry one of the men in Jane Austens novels), eller sjølvsagt Mr. Rochester. Eller Aragorn... I kveld har Magnhild og eg sett "The Fellowship of the Ring" og sjølv om me er einige om å mislika haka hans, er me og einige om at det er få som er so mandige som Aragorn når han slenger med kappa og spring i slow motion ut for å slåss mot orkar..
Drøymemenn denne søndagen...

laurdag 1. mars 2008

Holocaust mot Palestina

På bussen i går les eg at viseforsvarsministaren i Israel seier Palestina skapar sitt eige holocaust dersom dei trappar opp rakettangrepa mot Israel. Det er sterke ord frå ein jødisk stat - so sterke ord at eg trur det internasjonale samfunnet har vore forsiktige med å nytta dei. Men her kjem det altså, frå Israel sjølv - men sjølvsagt vridd om på... Palestina skapar sitt eige holocaust, seier viseforsvarsministaren, i følgje nyhenda på bussen.

Dagbladet og The Daily Mail har litt ulike versjonar av saken. I følgje Dagbladet "advarte Israels viseforsvarsminister Matan Vilnai palestinerne og sa at de risikerer «shoah» (holocaust)". Daily Mail refererar viseforsvarsministaren slik: "[the Palestinians) will bring upon themselves a bigger 'shoah' ". Her seier han faktisk at det finst eit holocaust mot palestinarane - og at dette vil auke fordi Israel vil forsvara seg.

The Daily Mail forklarar og litt om bakgrunnen for ordet "shoa". Det betyr eigentleg "katastrofe", men vert av mange berre brukt om holocaust. Hamas var sjølvsagt ikkje seine om å utnytta desse orda, medan israelske styresmakter ville dempa tydinga.

For det er sterke ord frå eit folk som fekk landet som følgje av holocaust og eit verdssamfunn som ville gjera det godt att. Kva landområde skal palestinarane få som godtgjersle, etter 40 år med okkupasjon? Og når israelarane sjølv brukar dette lada ordet, skjønnar dei ikkje at det har gått for langt, at dei gjer seg skuldige i ein forbrytelse dei sjølv har lidd under? Er det slik med dei som med born som er utsett for overgrep - at dei sjølv står i fare for å gjera det same? Holocaust er eit sterkt ord, særleg når det kjem frå ei okkupasjonsmakt som meinar dei har retten på si side...