måndag 10. mars 2008

"Kor kjem du frå eigentleg?"

På badet vårt ligg eit gamalt KK, og av og til fell eg for freistinga til å bla litt i det. I dag kom eg til ei spalte av Tove Nilsen, der ho skriv om ei ung jente på jobbintervju. Denne unge jenta er fødd og oppvaksen i Noreg, men ser ut som ho kjem frå Midt-Austen. Ho får spørsmålet "Er du muslim?" - og etter det går det berre nedover med heile intervjuet. Tove Nilsen skriv: "Hun er dritt lei av å bli oppfattet som innvandrer i det landet hun er født i."
Eg trur dette er kvardagen for mange ungdommar, ungdommar som er fødde eller oppvaksne (eller begge deler) i Noreg, som er norske, med norsk statsborgarskap og norsk språk. Kanskje i tillegg til ein annan kultur, eller som ein del av den varierte "norske" kulturen. Men så tru eg og det er mange som ikkje får spørsmålet, fordi ein del av oss ikkje spør. Eg har gått i klasse med ei jente frå Stavanger/ Midt-Austen. Eg såg klårt fyrste gong eg møtte ho at ho ikkje kunne ha åtte etnisk norske oldeforeldre for å sei det slik, men samtalen om opphavet hennar kom ikkje før ho spurde meg om palestinaskjerfet eg bar. Det same med ein gut frå Laksevåg/ Asia, temaet kom ikkje opp før ein forelesar kritiserte norsken hans - som er prega av nokre tiår i Bergen...

Sjølvsagt er det forskjel mellom å spørja folk om religion og kor dei kjem frå. Som kristen får eg gong etter gong spørsmål om nett det - "er du kristen liksom?" Nokre gonger eit greitt spørsmål, andre gonger heilt ut av samanhengen. Men eg tek meg sjeldan nær av det, noko eg skjønnar ein kan gjera dersom nokon sør om religion på bakgrunn av hudfarge. Religion er personleg, og bør skiljast frå etnisitet. Men i Noreg knyter ein ofte desse saman - og i Noreg er det vanleg å lura på kor folk kjem frå.

Forelesaren min sa i dag at ein ting som er obligatorisk for det norske språksystemet er at med ein gong ein opnar munnen, lurer tilhøyraren på kor ein kjem frå. Det er det same om ein er utalandsk eller norsk, snakkar ei brei dialekt eller noko tilnærma ein talemålsstandard. Og nokre gonger kjem spørsmålet om kor ein er frå på heilt feil stad. Eg er stolt av dialekten min og staden eg er frå, men av og til kjem den i vegen. Når eg har snakka meg varm om eit tema eg brenn for og ikkje får som svar "Ja, det skjønnar eg" eller "Men eg meinar at", men derimot "Guri, kor kjem du frå? So søt dialekt!" - då er det rett før det kokar over. Eg er lei av å bli oppfatta som ein heimføding i eit land der eg har rett til å ta del i samfunnsdebatten på lik linje med andre.

Men eg kjenner jo att nysgjerrigheiten. Eg veit at eg sjølv kan skildra ein person med å visa til dialekten og staden han er frå. Eg veit at eg sjølv lurer på opphavet til folk eg møter, om det no er innanfor eller utanfor Noreg. Men nokre gonger bør verken religion eller heimstad vera i fokus. Nokre gonger bør spørsmålet om kor ein er frå eller kva ein trur på utsetjast til seinare i samtalen, eller utelukkast frå jobbintervjuet.

2 kommentarer:

  1. Mari - eg kosar meg med bloggen din, både dei seriøse og mindre seriøse innlegga (heiter det det på blogg?). Eg er innom ein gong i veka +-.

    Har i helga markert 8. mars på museet i nært samarbeid med "gamlelærarinna" di. Internasjonalt og vellukka arrangement. Elles håpar eg òg på vår...

    SvarSlett
  2. Tusen takk Tone! Det er moro å få attendemelding, og oppdaga at nokon les rablinga mi. Då bør eg kanskje byrja å tenkja over kva eg skriv... Og ja, det heiter innlegg, eller postar (men postar er jo ei fornorsking, so her kjem det an på kor språkmedviten ein vil vera).
    So spanande at de var saman om 8.mars-arrangementet. Eg kjente meg som ei dårleg kvinne som valte å reisa den dagen, i tillegg til at eg om kvelden sat inne og såg romantisk komedie - svært lite feministisk av meg :-)
    Ja, våren ja, tenk om den kom... men i dag har det vore varmegrader og - hald deg fast - sol i Bergen!

    SvarSlett