laurdag 8. mars 2008

Trondheim

No sit eg i stova i Bergen og ser ut på regnet, med Joni Mitchell på stereoanlegget og den siste sekken med ved i omnen. Eg har det eigentleg svært godt - men i Trondheim var det sol... Det var fin sol, snø og rolege dagar. Ok, det skal seiast at torsdagen verka det som eg hadde teke med meg uveret frå Bergen opp, men det roa seg altså. Uveret i Bergen gjekk forresten ut på at eit halvt døgn snø vart avløyst av regn, noko som gjorde at bussane sto og eg måtte symja til Danmarks plass, i mine nye høghæla sko...

Eg har vore to-tre dagar i Trondheim på besøk hjå mi kjære veninne Eiren, der har me shoppa, vore turistar, sett film, ete snop(eg les nett i ei bok at kaloriar ein et på ferie på ein måte ikkje tel, akkurat som peng på flyplassar), og ete middag med ein kamerat to dagar på rad. Det var ein impulstur, men jammen er det godt å gje etter for impulsar og!

2 kommentarer:

  1. Jag tog mig en liten kik in här på sidan. Trondheim är en verkligt vacker stad. Vägen till Trondheim västerut från svenska Fjällnäs, där jag brukar vara, är dessutom vidunderligt underskön.

    SvarSlett
  2. Ja, eg er ablsolutt einig, ein fin by!
    Og so kosleg at andre kikkar innom sida - den er ikkje so fokusert som din blogg er Emma, men fungerar bra til sitt føremål ("syfte").

    SvarSlett