måndag 31. januar 2011

Sovesal

Storbyferie. Ein er ung og eventyrlysten - iallefall i planleggingsfasen. Sentralt, billeg, ungt og frisk. Gjerne med bar i kjellaren, eller i toppetasjen. Då kan ein ta ei øl, eller eit glas ananasjus, med folk på sin eigen alder, til dømes dei ein bur på rom med. God ide.

Og det er jo ein god ide. Det er ein god ide heilt til klokka er nesten midnatt, ein nesten har sovna - Argentina har slutta å snorka - og sjettemann kjem inn. Sjettemann legg på sengetøy. Sjettemann sparkar ein stol tvers over golvet. Sjettemann er ein mann i femtiåra. Sjettemann har ingen skruplar mot å bråka sjølv om dei fem andre ligg tyste i sengene sine.

Kvelden etter er det ein god ide att. Sjettemann er vekk, attende er norsk 1 og 2, argentinsk 1 og 2 og kinesisk (1). Skravling og latter i baren i toppetasjen, og ein tidleg kveld. Dei andre skal reisa dagen etter, Argentina sluttar å snorka. Norsk 1 (eg) mumlar i søvne, men det merkar jo ikkje eg.

Argentina 1 og 2 og Kina er vekk siste kveld. I deira stad er Australia 1 og 2 komne - og det er Australia Day. "Babe, you're so drunk. Babe, you're snoring!" Babe, tig stilt... Norsk 1 og 2 diskuterer: Kva skal me sei for å få slutt på sagbruket? Ho er australsk, kva trur me ho heiter? Kathy, seier norsk 2, eller Lisa. "Babe, stop snoring! Kath (!), I've never heard sounds like that from a girl!" Sjølv sovnar han med på golvet med hovudet på telefonen, og halve kroppen oppi kofferten til Kath babe.

"Hadde dei ikkje vore so unge, hadde eg nok vore irritert," seier norsk 2 overberande dagen etter. Plutseleg kjenner ein seg mykje eldre i gjennomføringa enn ein var då ein i planleggingsfasen fann ut at sovesal på hostel var ein god ide.

4 kommentarer:

  1. Hahaha:) Unnskyld, men no måtte eg le litt, for gjenkjennelsesfaktoren va ao typen stor!

    SvarSlett
  2. ørepropper anbefales for det sterkeste.

    SvarSlett
  3. merka at eg både har vore norsk 1 og 2 og australia 1 og 2. Norsk 1 og 2 er som regel dagen etter australia 1.

    SvarSlett
  4. Eirik, no fekk du meg til å fnisa høgt på lesesalen, fy! Men det forundrar meg ikkje at dette er kjent for deg, frå alle sider... :)

    SvarSlett