måndag 31. januar 2011

Berlin

Kva gjorde de i Berlin? Hadde de det fint? Ja... Me såg store delar av undergrunnen. So vart me litt våte på beina. Eg hadde ikkje noko særleg med pust. Me handla mykje i eit tidsperspektiv, lite i ting heim i kofferten. Og so såg me oss no litt omkring.
Eg i holocaust-minnesmerket. Ganske dramatisk med eit slikt massivt minnesmerke midt i byen, mellom Riksdagen og Potsdamer Platz.
På Grüne Woche hadde dei det meste, til og med ei kyr ein kunne prøva å mjølka. Frida gjorde det ikkje so aller verst - eg turde ikkje, sidan det kunne gå ut over min stoltheit som mjølkar (av geiter, men likevel)
Grüne Woche handla òg mykje om øl. Ein stad hadde dei samla alle tyske ølmerke. Det vart ein heil del...
Ein eigen hall med krydder og te. At eg ikkje kom ut att med meir var eit under. Og det eg kom ut att med forsvann jo undervegs...

Ein kan ikkje vera i Berlin utan å sjå muren. Sjølv om det sludda, gjekk me langs heile East Side Gallery, og fekk med oss murkunsten der.
Me var nok i alle bydelane innanfor sone A på eit eller anna tidspunkt. Me åt god mat opp til fleire stader. Det beste var nok fyrste kvelden, då me rota oss opp i Prenzlauer Berg på bakgrunn av Frida sine notatar med ei adresse og eit U Bahn-stopp. Etter ein del tolking og trasking endte me på Prater Garten, der me fekk både store kjøtstykkje og heilsteikt fisk. Suksess, altså.

2 kommentarer:

  1. Syntest kyrne i Berlin var vel store for å ta med heim som reiseminne, dei har vel dei mindre også! - elles er Berlin så absolutt av dei byar ein gjerne skulle ha vore innom - ei alminneleg veke også for den del!

    SvarSlett
  2. nei, vet du nå fikk du det til at jeg få hjemmelengsel. Det var ikke snill gjort. Neste gang bli jeg med.

    Få sjå når det bli en tur for meg, men eg holder i hvertfall et øye på lavprisbilletter fra norwegian i tida framover.

    SvarSlett