søndag 22. februar 2009

Snu deg, snu deg, snu deg rundt...

"Eg har lært terminologien! Pols er pols, og leik er pols - egentleg er alt utenom ringlender og vals pols" -IM
Eg har skremmande nok polsabstinensar. Ein får visst slikt etter ei halv veke på Rørosmartnan, der mesteparten av tida vart brukt i Sangerhuset. Sangerhuset er eit fantastisk, sjøgrønt samfunnshusliknande - vel - hus fullt av spelemannslag frå Trøndelag som spelar pols til den store gullmedalje. Og ja, lite anna. Men er ein på Røros so er ein på Røros. Det er jo ikkje alle som er på Røros for å dansa pols då, martnan er meir enn det.

"Det ekje sikkert me snurre så mykje rundt i kveld..." -H.
Ein av tinga martnan er, er Kaffistuggu. Verknaden av Kaffistuggu kan oppsummerast med at balansen forsvinn proporsjonalt med at talet timar brukt der stig. Til tross for det må det seiast at dansarane frå Bergen er grueleg støe på foten - særleg i rundsnuar. Rett fram kan til tider vera verre.

Ein annan grunn til manglande snurring er rett og slett plassen i Sangerhuset. Det er ikkje ofte ein dansar i kø, men det gjer ein her. Derfor er ein og nøye med kven ein dansar før og etter, so ein ikkje får ein alboge eller hæl på skumle plassar. Men blå føter og ømme ribbein er nok ikkje til å unngå. Men også dette er noko av sjarmen, og berre i løpet av fyrste kveld ga irritasjonen seg til fordel for gryande fasjonasjon fulgt av jublande entusiasme. Dette gjeld både for å dansa sjølv, og å sjå på dei dansande, for det er mykje moro å læra. I nokre tilfelle er det eksempel til avskrekking, men i mange høve er det svært gode dansarar som dansar i kø i Sangerhuset - og her har ein sjansen til å studera dei på nært hald.

"Han som sitte der er ein av dei beste spellemennene i Sverige - og han som sitte bak han er enno bedre!" - E.
Folkemusikkmiljøet er lite, og sjølv på Røros der mange møtest, gjer det at ein kan komma nær flinke dansarar og minst like flinke spelemenn. Det gjeld både i Sangerhuset, på Kaffistuggu og på nachspiel. Instrumenta er sjeldan langt vekk, og når fire ulike grupper driv buskspel i samme rommet, og ein sit ved same bord som dei ovannemnte spelemennene, då kan ein ikkje anna enn å glisa nøgd.

"Kan noen forklare meg koffor det ligger en fele i sengen min?" -KM.
Dei mange instrumenta gjer og at dei kan dukka opp på dei undarlegaste stader. No var vel ikkje ei overkøye ein so rar stad, for slik går det når ein ligg seks stykk på eit firemannsrom. Det høyrest kanskje trongt ut, og ja det var det, men og vært kosleg. Me er ein gjeng som fungerar bra saman, der alle smitta kvarandre med skumle forkjølingar og der ingen snakka (so høgt) i søvne. Og: me rakk frukost kvar dag alle saman. Nett det er eit under.

"Driitsweet!"
Nei, eg gjorde eigentleg lite anna enn å dansa pols, eta god mat og skravla med gamle og nye kjente. Joda, eg såg litt av byen og ja, kontoen er myyykje mindre no enn før, men som innlegget viser, handla mykje om dans og musikk. Og det kan oppsummerast i rommet sitt "ord for året": Driitsweet! Eg er klar til neste år og.

(Bilete: kyrkja bak hus på Røros - her er alt gamalt, og snødekt. På handel i gardane - skal det vera ein "ny" pels? I godt humør etter middagsdansen.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar