onsdag 6. april 2011

Fine ting

f for folkemusikk
Inga overrasking her, folkemusikk er noko av det moroaste som finst. Saman med folkedans sjølvsagt. Folkemusikk og folkedans er ikkje nødvendigvis best i bunad - faktisk er det oftast best utan. Men som illustrasjon funkar det jo godt med jenter i bunad. Dessutan er desse jentene flotte folk.

f for Fame
Fame. Eg stirra meg blind på serien frå åttitalet når eg var liten. Og so såg eg filmen, og var nyfrelst. Dette må vera den finaste, friskaste, mest spanande i sin sjanger. Altså i sjangeren high school film/musikal. Det er kanskje ikkje ein kjempestor sjanger (og det som fell ein inn er ikkje kjempestor kunst) - men det er nok fordi det ikkje trongs noko etter denne.

f for Fantomet
Medan andre lærte historie og hakkespett-tips frå Donald, lærte eg historie og gamle jungelord frå Fantomet. Eg veit ikkje kor mange gonger eg gjennom skulegangen har tenkt noko liknande som "det var det tredje fantomet, då må det ha vore tidleg 1600-tal," og slik lærte eg når Romeo og Julie vart spelt. Framsida på biletet er frå eit krønike frå midt på 90-talet. Frå denne perioden har (hadde?) eg dei fleste blada. Nokre gonger ynskjer eg at eg kunne gå attende til at Fantomet ga meg det eg trong av litteratur. Slik er det vel å verta vaksen...
Dessutan var det Fantomet som fyrst lærte meg om alliterasjon, eller bokstavrim: Fantomets falk Fraka fanget fem feite flyndrer for Fantomets frokost, eller noko slikt.

f for focaccia
Det er best heimelaga - når nokon an har laga det og ein kan eta med massevis av aioli. På ein god andreplass kjem dei ein kjøper på Godt brød søndag føremiddag fordi det kan ein unna seg, og som er fyllte med pesto og ost og bønnespirer. Mmmm!

f for Finnegan's
Finnegan's Irish Pub. Kven hadde trudd for eit par år sidan at det vart ein stamstad i Bergen? Men slik har det blitt, ein bar full av idrettseffekter og mørkt øl, der finn ein gjerne meg. På kveldar det er quiz, vel og merka. Og quiz kan no dra ein til so ulike stader. Men nett Finnegan's - det er ein stad eg er nøgd med å ha blitt dregen.

f for "Forspill"
Trafikklyset i gaten står på stopp
og blinker i det våte maivær.
På fortauet er ferske søledammer.
Det lukter grønt fra plener og fra trær.
Syrenene står bittesmå i knopp.
Snart vil de briste ut i lilla flammer.

Så godt å gå med deg i lunkent regn
og vite at vi ingenting har sagt!
Ennå er ikke tiden riktig inne.
Men våre hjerter ligger alt på vakt
mot lykkens første hemmelige tegn,
den stumme sangen mellom mann og kvinne.
 Inger Hagerup

 f for flyplassar
Eg veit at mange vert nervøse av flyplassar. Det vert ikkje eg. Eg vert kanskje litt stressa av passkontrollen i visse land, men når ein sit i avgangshallen og ser på folk - då finst det knapt meir spanande plass. Men eg kunne aldri jobba der. Tenk å sjå fly etter fly letta, og ikkje få vera med. Eg vil helst kunna forlata flyplassen òg, etter ei stund.

f for falafel
 Frå vogna på hjørnet av Manger Square i Betlehem. Gjerne eten på ein av benkane på same plass, eller vandrande inn i gatene bak moskeen. Eller som her, på troppene utanfor souvenirhandlane, medan ein ser på turistane og drosjesjåførane og tenkjer på kyrkjebesøk og gamle vener og nye kjente og at murar skal forsvinna.

f for Fforde, Jasper

 Forfattaren av fantastiske Thursday Next og Nursery Crime Division. Han som har funne opp Fiction Island og sikkert klarar å befolka den heilt åleine. Han som kan gi dei finaste lesaropplevingar på dei aller særaste måtar. Han som har nettsider ein kan gå seg vill på.

f for fivreld
fivreld el. fivrelde n1 (norr fífrildi; truleg opph 'noko som rører seg ujamt') (insekt av) orden med store, skjeldekte venger; sommarfugl, marihøne; Lepidoptera.
Fordi det er eit av dei finaste orda som finst - og noko av det mest mystiske som er skapt.

f for Firth, Colin
Fordi han var slik ei openbar forgløyming under C... Men ikkje berre derfor, òg fordi han no har fått plass rett bak meg og Janne på lesesalen (unnskyld Ole Gunnar, det var eg som stal ditt TIME). Der skal han oppmuntra oss til å gjera vårt aller beste - og dessutan gje oss noko fint å sjå på. Mannen er flott, skodespelaren enno betre.

f for foreldre
 Mine foreldre, for det finst ingen betre. Dei let seg engasjera av det som engasjerer meg, roar meg når det trengs, støttar meg når det trengs, held seg rolege når det trengs, tek telefonen når det trengs. 

Har du ein fin f - fine folk, fine filmar, fine fuglar eller fiskar - som du vil fortelja om?

2 kommentarer:

  1. Å, så utrulig fine f-ar! Hundre prosent einig i alle saman. Den einaste eg kjem på eg vile lagt til er flygefisk. Berre fordi det er eit kult ord.

    SvarSlett
  2. forelskelse, jeg syns i hvertfall det er en fint ting. Det kan også gjøre ond, men det er ubeskrivelig fint f- ord.
    Har kommet over det igjen, btw. :-(

    SvarSlett