onsdag 9. mars 2011

Fiction Island

Kan eg melda flytting hit? Eg hadde nok funne meg vel tilrettes litt på innsida av Bridget Jones Strait eller langs The Metaphoric River, so lenge eg heldt meg vekk frå Human Drama-sida. Here Be Dragons er jo òg ein by ein kan vurdera.
Oppdatering: Eg innsåg her ein kveld at øya Blyton må vera mitt paradis. Der bur jo alle dei Enid Blyton har skrive om gjennom tidene, inkludert mi fyrste forelsking, Julian. Eg veit ikkje om eg skal flytta dit, eller berre slå meg ned i Here Be Dragons eller Superheroes og venta på at han og venene treng hjelp med å løysa eit mysterium.

3 kommentarer:

  1. Eg trur eg kanskje har delt statsborgarskap mellom the Dismal Woods, Political og Lies/Excuses/Fibs...

    SvarSlett
  2. Haha, men det handlar jo ikkje om kor du bur no, det er kor du vil vera - det er jo fiction det er snakk om. Om det er verkelegheiten me snakkar om, vel, då ligg eg og plaskar ein stad mellom Books Only Students Read og No Man Island...

    SvarSlett
  3. ADVENTURE - det er definitivt det eg ønsker meg no!!! Ser ut som ein bra plass på kartet :)

    SvarSlett