onsdag 2. mars 2011

Statistikk-takk

Eg likar statistikk! Eg likar at ein kan sjekka SSB og sjå kva som var dei mest populære namna i 2010, og le litt av dei som kalte ungane sine nett det (sjølv om eg bør vera litt forsiktig med nett det, som vart kalt Mari midt på 80-talet). Men særleg likar eg slik statistikk som har med meg å gjera, det er den beste typen. Mellom anna likar eg statistikken som seier at Lærdal sitt folketal auka med 25 stk i løpet av 2010 - og at Porten får dette til å verta 45. Interessant teljing der altså.

Og ikkje minst likar eg statistikk-knappen på bloggen. (Dersom du har blogger-blogg og ikkje veit om denne enno - finn den! Gå til "utforming" og so "statistikk.") Her finst det oversikt over kor mange som er innom bloggen, kven dei er og korleis dei kjem seg dit. Moro!

Eit utdrag frå statistikken den siste månaden (1. februar-2.mars):
Bloggen har hatt 731 besøkande. Av desse var 628 frå Noreg. Elles på topplista over land ligg USA, Spania, Kenya, Belgia, Storbritannia, Nederland, Japan, Israel og Tyskland. Israel (hei Live), Kenya (hei Nina), Spania (hei Lene) - desse kan eg skjønna. Men Nederland? USA? Kven kjenner eg der? Elles kan eg lesa meg fram til at 27% av dei besøkande har skjønt at det er Firefox som er noko, men 27% sit òg fast i Microsoft-bobla og nyttar Explorer. Det er òg godt over halvparten som nyttar Windows, medan berre 33% er Mac-brukarar (men det er jo ikkje so gale berre det, lesarane mine er ikkje nokon kven som helst).

Det mest leste innlegget var Ikkje les på lesesalen. Det skulle ikkje forundra meg om det er ein del lesesalsfolk som står for den biten... Dei fleste lesarane mine kjem innom bloggen via Bloglovin, som er programmet som gjer at lenkjer til innlegga vert lagt direkte ut på fjesboki. Ikkje noko mystisk der altså. Det er òg ein del som kjem frå vener sine bloggar - det er kosleg! Og so er det dei som finn bloggen via Google, og det er jo alltid spanande. Dei vanlegaste søkeorda har, naturleg nok, den siste månaden vore variasjonar over "casa murilo show some restraint", men òg søkeord som "alexander von mehren", "februardikt", "kort møte", "lærdal" og, forundarleg nok, "kva heiter statsministeren i storbritannia" har ført folk til meg. Eg må innrømma at dei fyrste kan eg sei litt om, medan det siste har eg vel aldri nemnt med ei staving (men eg kan fortelja at han heiter David Cameron, om nokon lurte - og nokon lurer jo).

Ser de? Statistikk er moro! (særleg so lenge den handlar om meg og mitt)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar