
So no har eg to nye plater eg kan nyta og rocka og synga med til. Platehylla mi er gankse lita her i Bergen, men til gjengjeld er det omlag berre norsk musikk (eg telte her hin dagen, og fann ei irsk og to svenske, og elles berre norsk - og finsk-norsk). Og det er god norsk musikk, der desse passar godt inn mellom folkemusikk anna feel good-musikk.
First Night on Earth er liknande førre pop-plate frå Real Ones, All for the Neighbourhood, kanskje hakket meir indisk-inspirert. Fint for mørke vinterkveldar og lyse vårmorgonar, tenkjer eg. Og Lifting Ships er akkurat som forventa - eg hadde jo høyrt, gjennom ulike smakebitar og nedlastingar, nesten alle spora, so få overraskingar der. Men det gjer då ingen ting, det er akkurat slik fin britisk pop - frå Oslo - med fine harmoniar, fine instrumentering, glade melodiar og ikkje minst fine rytmar eg likar. Lett å synga med til, lett å lika. Eg gler meg til ein vår med desse platene på repeat (sjølv om sambuarane kan finna på å gjera opprør om eg får det heilt som eg vil).Forresten, viss de vil smaka litt på platene før de kjøper dei: Lifting Ships på Spotify her, og First Night on Earth her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar