onsdag 30. mars 2011

Kor e' bålet

Kor e' tonen har ei uformell turgruppe. Dei veit sjeldan kor dei skal, men endar alltid opp med å ha det fortreffeleg. For meg har det aldri passa å vera med på tur, men no fann eg ut at det var på tide. Trass i vonde legger, masteroppgåve og latskap - eg skulle vera med!
Og det vart ein strålande tur. Eg, grunna vonde legger og ein smule latskap, byrja med å ta Fløybana, medan dei fleste andre gjekk opp. Ved barnehagen på Fløyen skein soli over Askøybrui, og klokka nærma seg allereie halv åtte. Nokre gonger er sommartid heilt ok.
 Soli skein inne i skogen òg, sjølv om det helst var snøen som dominerte der.
Me fann ein fin bålplass i ly av ein stein, og Øyvind tok ansvar for båltenning og -vedlikehald - under nøye observasjon og kommentering, sjølvsagt.
 Skal ein ha bål må ein ha pølsepinnar òg. Ingunn hadde ny kniv for høvet, og instruerte tyskarane i rett spikketeknikk.
Og so var det pølser, fiskekaker, brød og marshmallows over bålet!
 Sakte, men sikkert mørkna det over Bergensdalen. På dette tidspunktet song svarttrosten enno nedi skogkanten, og kviskra om vår der oppe i snøen òg. Eg såg nesten heimatt, før heile byen vart vekke for oss.
Eg mistenker at kuldegradene kom krypande i det soli gjekk. Det vart iallefall kaldare og kaldare, og ein mindre og mindre sirkel kring bålet. Røyken var heftig - men heldt no myggen godt unna. Og det vart berre ein svidd skosåle...
 Tre timar etter at me hadde gått opp var me på veg nedatt. Det var heilt mørkt i byen, men eg nytta høvet til å få litt instruksjon i nattfotografering, so biletet av Nordnes, Laksevåg og Askøybrua må vel seiast å vera eit samarbeidsprosjekt.

2 kommentarer:

  1. Åå! Dette hørtes utrolig koselig ut - til høsten vil jeg prøve å være med i koret jeg også - hvis det er plass! Det virker som det er en herlig gjeng, også synger dere jo så fiiint! :)

    SvarSlett
  2. Så kjekt dette så ut. Sånn tur vil eg også på.

    SvarSlett