måndag 28. mars 2011

Eeeeh...

Dei som kan noko om blogging, seier ein skal utnytta det når ein opplever ein topp i besøkstalet. Joda, eg ser den, men mitt mål er ikkje å tena pengar. Mitt mål er ikkje å få merksemd. Mitt mål er ikkje å endra heile den store verda. Mitt mål er å underhalda - meg og andre. Mitt mål er å nå venene mine - og kanskje ein og anna annan forvirra sjel. Mitt mål er å endra ein pitteliten del av verda, min pittelille del. Derfor fortset eg i dag med eit av prosjekta mine, ein av måtane eg kjem på ting som gleder meg, og kanskje inspirerer nokon av dykk til å komma på kva som gleder dykk.
e for Emma
Eg er jo litt galen etter Jane Austen. Eg kan det meste om bøkene hennar. Hugsar godt sitat frå filmane. Er (meir enn) bittelitt forelska i alle heltane hennar - og eit par av kjeltringane. Favoritten skiftar mellom kvar gong eg les eller ser noko. Men 2009-versjonen av Emma, det er nok absolutt ein av favorittane. Når Emma og Knightley svingar seg på ballet, ser ein dei fyrste gnistane. Og når Mr. Knightley kjeftar på Emma med den opprevne og triste stemma, då skjønnar ein at noko spesielt har skjedd. Badly done, Emma, badly done indeed! Tenk at noko so fælt kan vera so romantisk. Sukk.

e for eufemisme
 Nei, eg likar ikkje eufemismar. Som folk flest vil eg at folk skal "sei det dei meinar," kva no det betyr. Ein skal ikkje pakka krig inn i væpna konflikt, oppseiing inn i frigjera arbeidskraft. Men eufemisme er eit av framandorda eg fyrst kunne slå om meg med etter at eg byrja på språkstudiane, og eufemismar er òg eit av døma på kor mektig språk er, og kor viktig det er å vera medviten denne makta.

e for Edward Saksehånd
Eg var ikkje svært gamal fyrste gong eg såg Edvard Saksehånd. Det var ei opprørande hending, eg tenkte mykje på Edvard i tida etterpå. Den var ikkje heilt ekte, den var som ein draum - eller eit mareritt. Og det stemmer jo det, har eg sett i ettertid. Eg likar å tru at dette er ein av dei filmane som har forma meg, ein av dei som har fortalt meg noko om korleis det er å vera menneske. Eg er ikkje Edvard, men kanskje kan eg vera ein av venene hans, ein av landsbybuarane som ikkje snur seg vekk frå han? Eg håpar eg kan klara det, viss eg må ta valet.

e for Ella Fitzgerald

Den dama. Den stemma. Den stemninga. Haustkveldar og sommarnetter. Lyse dagar og mørke timar. Glade turar og melankolske stunder i sofakroken.

Dette var nokre av mine e-ar, eg kjem til å komma på fleire i dagane framover, kjenner eg meg sjølv rett. Men viktigare: har du nokre fine e-ar?

7 kommentarer:

  1. Euphemism <3

    Og når man er inne på filmer om folk som ikke passer helt inn; E.T?

    og Elton John selvsagt :)

    SvarSlett
  2. Ella Fitzgerald <3 og fint innlegg du har i dag ;)

    SvarSlett
  3. Edith Piaf er ein fin E. Men Einar er den beste E'en.

    Eksamen er også ein E...sukk, der blei eg minna på å holde fokus, fokus FOKUS!!

    SvarSlett
  4. Neimen Magnhild då, fokus er jo ein F!
    (Elles er eg einig i at den beste e-en din er ganske so fin ;) )

    SvarSlett
  5. Jamen, F kommer etter E... så då går det vel?

    SvarSlett
  6. España er en fin E. ;)
    Og min absolutte musikk-favoritt for tiden er Ellie Goulding..

    SvarSlett
  7. ENGLAND .... selvfølgelig. siden det kommer fra meg :)

    SvarSlett