laurdag 5. mars 2011

Mastercurl

Ingrid Elisabeth føreslo mastercurl tidleg i haust. Jaja, sa folk. Det hadde no vore moro, det, sa folk. Og so byrja organisatorane å organisera, og plutseleg sto 18 svært vaklevorne masterstudentar på isen i Loddefjord og skulle setja steinar i rett bol - eller kva det no heiter. Og eg låg og eg datt, som det står i songen. Men kjære vene kor moro det var!
Klare til innsats!
Men fyrst må ein ha litt opplæring... Korleis går no denne kostinga føre seg?
Litt nervøs for kor fyrste steinen kjem til å enda opp
Og so skal Persijn i elden - har han stilen, jenter?
Her er det iallefall ei som manglar stilen (men om nokon lurte: det er meir behageleg å landa på baken enn på knea)
Men Inger-Hanne derimot - her snakkar me proff-stil!
Kampane er i gang - og steinane ligg i heilt same avstand. Kven tok poenget?
Dei grøne smiler godt - eller gjer sitt beste i so måte - men etter nøye måling er det det raude laget (her ved Ingrid) som har grunn til å dansa
Og då må Thomas ordna litt opp i poengtavla, for fyrste poeng gjekk til den raude steinen!
Marte er innbitt, her står det om seieren
- og eg lovte å gi dette biletet biletteksten: "Det var dritbra, Marte!" Sjå retninga på den steinen, då
Greitt å få (Evy), og gi (Ingrid Elisabeth), litt råd før ein skal sleppa steinen avgarde
Lena held auge med steinen sin. "Kost!"
Etter harde kampar (som for mi bane enda 4-4, eit perfekt resultat) var det "maftercørl" på Baran for dei som ikkje vart heilt utslitne, eller dei som trengte å døyva smerten. Planen er no nye øvingar i sportar me ikkje kan. Touchfotball? Ultimate? Golf? Time will show.

3 kommentarer:

  1. Rett og slett ein herleg kveld! :) Litt knall og fall, nokre sportsskadar, men alt i alt heilt fantastisk artig :D

    SvarSlett
  2. Å, slik har eg alltid hatt lyst til å prøve! Verkeleg. Kanskje eg må prøve å få det til, fordi det såg like gøy ut som eg hadde førestilt meg :)

    SvarSlett
  3. What Ole Gunnar said:)
    Kjempeflotte bilete, Mari!Kjekt at nokon foreviga masterlesesalens curling-debut Ü

    SvarSlett