søndag 17. april 2011

Palmelaurdag

Ingvild inviterte på Bezzerwizzer, taco og innviing av blenderen. Sjølvsagt stilte me, me stakkarar som ikkje får heim på påskeferie (enno). Me tok "det rosa spillet" - underhaldningsutgåva av Bezzerwizzer. Full konsentrasjon det meste av kvelden, sterke konkurranseinnstinkt og dårlege vinnarar og gode taparar - slik det skal vera (eller var det omvendt?).
Utpå kvelden kom drinkane og Alias på bordet. Godt det ikkje er so lytt hjå Ingvild, for konkurranseinnstinktet vart ikkje mindre. Eg rakk ikkje å ta fleire bilete - men me stakk av med seieren!

(elles må eg berre beklaga kvaliteten på bileta fyrst som sist, eg gløymer alltid kor dårleg kompaktkameraet mitt er. Nytt og betre står på ynskjelista)

3 kommentarer:

  1. Syns bileta var fine eg! Og det var no ein riktig fine og triveleg kveld :)

    SvarSlett
  2. Eg lige at eg blei sensurert! Kanskje liga greit;)

    SvarSlett
  3. Hehe, O.G er ikkje verdas beste fotograf, so bileta av meg og deg, Evy, er berre til internt bruk (men det er meir pga mine vampyraugo enn di flotte framtoning)

    SvarSlett