laurdag 30. april 2011

SPINF

Eller Språk og informasjon, for dei som ikkje er på innsida.

Det er det eg har ein bachelor i, vert eg minna på med jamne mellomrom. I går vart eg minna på det att, når det noverande fagutvalet inviterte alle ni kull på alumnusfest i Ad Fontes, baren på HF. Både talar, undehaldning og mat sto på programmet, men vel so viktig var det at me fekk møtast og pratast, både på tvers av kull, på tvers av arbeidsoppgåver og ikkje minst me som studerte saman, som delte frustrasjonar og eksamenar og minner. Stor stas å sjå att fem av sju medstudentar i går!
Alle åtte SPINF-studentar frå kull 2008 med programstyremedlemmer og administrasjon på avslutningsmiddag på Lille Escalon våren 2008.
SPINF er eit typisk forsøk på å gjera noko nytt på universitetet. Med ei språkutdanning i botn og litt informasjonsfag og omsetjing på toppen, skulle me få andre impulsar enn dei reine språkstudentane. Arbeidsmarkanden fekk aldri skikkeleg opp augo for oss - det finst so mange kommunikasjonsutdanningar der ute - og universitet har bestemt at me er dyre i drift. Programmet vert lagt ned, men me som er utdanna er jo like flinke! Det er ikkje vanleg at ein universitetsstudent, utanom profesjonsstudia, har hatt praksis. Ikkje er det so vanleg med omsetjingsfag heller, eller utdanning i å skriva andre ting enn akademiske tekstar. Og so kan me jo det i tillegg! Me kan både forska, og formidla det. Eg kjenner eg vert litt oppgitt når eg høyrer om jobbsøking og avslag for medstudentane mine. Nokon må få opp augo og tilsetja han med nordisk i botn og mastergrad i pr og marknadsføring, han med japansk i botn og master i medievitskap, ho med spansk i botn og utdanning som teiknspråktolk. Ho med mastergrad i fransk, og oss med mastergrad i engelsk. Nei, me har ikkje fordjupa oss i kommunikasjonsarbeid, marknadsstrategi og pr (vel, ikkje alle av oss), men me har stor fagleg tyngde innanfor språk - og det er jo det ein kommuniserer med.

Eg vart inspirert i går. Inspirert til å tenkja på kva eg eigentleg kan, og kva eg vil. Framtida er lika open som før, men moglegheitane er der, i fleirtal. Eg gler meg til å ta fatt på dei. Og eg gler meg til neste gong SPINF kull 2008 samlast til nye latterkuler og lange samtalar.

Forresten, tidlegare studentar ved UiB vert oppmoda om å verta medlem av UiB Alumni. Ein idé for fleire?

1 kommentar: