onsdag 13. oktober 2010

Kyrkjebesøk og hagegangmiddag

I går var den store turistdagen - men med Issa som guide vil det sei ei god blanding av alt. Me byrja med å reisa til Ramallah, for å besøka Arafat si grav. Det er eit fint monument, men det vert mykje retorikk på ein slik stad. For meg er det viktigast at eg no kan sei at eg har vore i Ramallah og (sovidt).

Frå Abu Dis til Jerusalem
Me for vidare til Abu Dis, for å sjå på muren. Dette var eit sterkt møte for mange trur eg, å sjå korleis muren deler Abu Dis i to, og skil Vestbreidden frå Jerusalem. Det hjalp og på forståinga då me sto i kø etter kø med bussen, medan me såg bilar susa forbi på bypass-veger kring oss. Og opp med passet måtte me og, på heimreisa. Eg håpar berre me fekk fram forskjellen mellom Israel og okkupert Palestina, for det er flytande overgangar her.
I Betlehem fekk eg endeleg falafel frå karen på hjørnet av Manger Square att! Det trur eg er det beste eg veit, eg er over snittet begeistra for akkurat den falafelen. Mamma var og einig i at den var god, so det er ikkje berre noko eg innbiller meg... So kom me oss, etter mykje om og men, inn i Fødselskyrkja, men det var inga stor oppleving - då stemmer eg heller for falafel. Sendt rundt som forvirra kveg, i kø for å oppleva det heilage, det betyr lite då. Men so har me no sett staden Jesus vart fødd, då, etter det dei seier... Me var forresten på Hyrdemarkene og, denne gong. Det har eg jo ikkje vore før, ikkje slik skikkeleg. Fyrste gong i Betlehem var me jo mykje på Sheperd's Field YMCA, og me åt på The Tent i Beit Sahour, men me var ikkje på markene. Det var me kanskje ikkje denne gong heller, og det vart knapt med tid - den avgåtte rådmannen er ein hard reiseleiar - men eg fekk tent eit lys i grotta og håpar på fred på Jesus sin fødestad.

Eg drog med mamma og Guro til souvenirhandlar John etter at me hadde kjempa oss ut or kyrkja att. Han tek nok stive prisar av oss, i høve mange andre, men det er ei fin oppleving å handla hjå han. Kor mange souvenirhandlarar kjenner du som klemmer deg når du kjem inn døri? Og her er det lite mas, berre service, latter og litt lite pruting. Me stakk innom ein an på veg mot bussen, og kjente forskjellen, då er det verdt dei ekstra shekelane å ikkje verta nedrent.

Frå Betlehem mot Jeriko
Etter hurtigsoving på hotellet, etter å ha forsert Palestina i solnedgang, venta hagegangen til Juma. Nedover den stod hagebord, kjøkenbord og utebord på rekke og rad, med og utan duk, med og utan bein, ordna med limband og kosteskaft. Sitjeplass og dekke til ca femti gjester var ordna. Heile familien, naboar og vener var i sving med servering av kaffi, te og middag, meir kaffi, frukt og søtsaker. Bak den vesle butikken han har i enden av hagen brekte det sårt frå ti sauer, den siste var nyslakta og låg i yoghurt inne i huset, før den vart aust på fat og servert. Mansaf er ein rett gitt til storfolk og prominente gjester - ein stor kompliment frå ein mann med eit stort hjarta. Smaken var skarp og ukjent, eg må innrømma at komplimenten kanskje ikkje smakte heilt som eg (trudde eg) hugste frå Abu Sultan i fjor, men med lefser til forrett og ikkje minst store mengder sitrusfrukter både frå Juma sin eigen hage og marknaden, var me gode og mette når det var på tide å reisa. Juma er sjølve inkarnasjonen av gjestfridom, og ein me kunne ha lært noko av, nokon og ein kvar. Alltid førekommande, alltid venleg, alltid omtenksom, aldri ventar han noko attende. Å gi er den beste gåva, verkar det som han lever etter - sjølv om det for oss er vanskeleg å alltid berre ta i mot.

No sit eg i resepsjonen på Hotel Intercontinental. Det var for få minuttar sidan stappfullt av russarar med øyrepluggar og store koffertar, guvernøren og ordføraren. No er dei på eit rom for ein offisiell mottaking, og dansejentene våre spelar for dei. Dansegutane står utanfor å trippa - kanskje/kanskje ikkje er det plass til å dansa dabkha for dei prominente gjestene. Om berre 40 minuttar går bussen frå Jeriko til Jerusalem, om 12 timar vidare derifrå til Tel Aviv. Ein gong seint på natta/tidleg i morgon tuflar me oss inn på flyet til Wien, og skal vistnok enda i Lærdal i morgon kveld - kjenner at dette er ei reise eg ikkje vil leggja ut på... Både fordi ho er lang, men mest fordi eg kunne tenkt meg å vera her mykje lenger. Her kjenner ein vennskap på kroppen, ein kjenner urettferd. Her ler ein og sit med klump i halsen om kvarandre. Veret er ikkje å forakta (særleg ikkje det me har hatt denne veka, det regna jo til og med!), maten kunne lett gjort meg trillande rund, og eg er eigentleg heilt i mot å smørja på brødskiva mi - frå no av skal alt duppast i pålegget! Men slik er vel ikkje kvardagen i Bergen...

Oppdatering: Bussen er bestilt til feil dag, so no sit me no her - enno lenger. Eg vil jo ikkje reisa frå Jeriko, men på den andre sida er det seigt å berre venta. Då er det moro at gode vener er saman med oss - og Issa organiserar servering. Det er ikkje kvar dag ein er på russisk restefest, i Palestina."Nei, det mangt slag"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar