torsdag 14. oktober 2010

Avskjed

I det eg fylte 25 år svinga me vekk frå Getsemanehagen og muren kring Gamlebyen. Å, kor feil det kjentest, å køyra vekk frå Palestina i det eg byrja ein ny del av livet. Jerusalem er ikkje "mitt" Palestina, det er enno eksotisk og framand (og meir om det kjem seinare) - og store delar av byen er jo absolutt ikkje Palestina. Men det er likevel eit sterkt symbol, og å snu ryggen til dette landet i det det vart midnatt og eg entra andre halvdel av tjueåra, var rett og slett feil. Tårene rann på veg mot Tel Aviv. Ingenting er sikkert her, særleg ikkje framtida, men eg kjem attende. Inshallah.

Etterord: Halvvegs mot Tel Aviv la mamma handa på armen min. "Om 25 minuttar er det 25 år sidan eg vakna og kjente at eg hadde rier. Me var spente då." Takk, mamma, for at du enno deler spanande opplevingar med meg, og vart med/tok meg med på denne turen.

Etterord 2: "Arrivals" sto det på alle skilt inn mot flyplassen. Eg tenkte berre "Avskjedsvals"

3 kommentarer:

  1. Mari, om du ein dag skulle føla deg litt i villrede om ke du ska bli naor du bli stor og treinge ein plan B (elle plan C, alt itte ke mange plana du ha frao før) so kan du bli skribent og skriva reiseskildringa elle søka jobb som journalist! Du skrive so levande at eg føle nesten eg ha vore dar eg og:) Skjønna da e seigt å snu nasen heim, men eg gler meg i allefall te du e tebake! God tur heim, me snakkast i byn uti neste veka:)

    SvarSlett
  2. Jeg er 50 minutter forsinket. Damn. Så: Gratulerer så mye med overstått fødselsdag! Håper dagen var nydelig!

    SvarSlett
  3. Synest foreldra dine har gjort eit godt produksjonsarbeid og vidareforedlingsarbeid, - elles har eg tidlegare gjeve uttrykk for det same som Janne!

    SvarSlett