søndag 10. oktober 2010

Jubileumsbyen

Eg sit i lobbyen på hotellet, attmed NRK-journalisten vår. Me har nok litt av kvart å rapportera om heim begge to - men begge er i stuss om kor me skal byrja. Han diskuterar klypping med Guro - det var ikkje alt som var like vellukka. Og han leitar etter spaninga - eg tek det kronologisk:

I går tok Issa oss med på vasspiperøyking! Me er no ein del ikkje-røykarar, men det tek me ikkje so høgtidleg her nedi låndi. Mamma likte best lukta, eg er forsåvidt einig, men ein må jo prøva smaken litt og. No er det planar om Borhund HubbleBubble Bar - trur de det sler an?

I dag var me turistar på føremiddagen - litt i hurten og sturten, for Guro skulle på lydprøve før den store festen. Men me fekk no sett Hishams palass, høyrt historia og snakka litt om fred og filosofi og litteratur og slikt med han som sat i museet og limte saman potter frå 700-talet. Han var svært begeistra for mor mi, ho er ei sterk dame - og det har han jo rett i. Hishams palass er like imponerande som før, kanskje enno meir, sidan dei hadde kosta golvet slik at me fekk sett mosaikken i badet.

Det bar til byen for mamma og meg etterpå, me stakk innom svensken vår, sylvsmeden i sentrum. Fares veit kva norske damer likar, og hadde rydda fram både dei enkle smykka, Jeriko-smykka og dei med orientalsk bakgrunn. Og dei norske damene handla, både sølv og opalar. Medan smeden ordna nye lengder, stakk me på kafe og drakk "fresh lemon and mint" - mmmm...

Og so kom kvelden, og 10 000årsjubileet. Etter ettermiddagens lydprøve, var krisesteminga ikkje berre i emning lenger - synthen, som kosta 4000 år frakta - funka ikkje. Ny var på veg frå Ramallah, men me visste ikkje kor den var. Far til pianisten sprang rundt på Kids Club og leitte etter ledningar. Musikarane sto i gata og reiv seg i håret. På scena sto eit palestinsk rockeband, som steppa inn på kort varsel. So løfta felespelaren armane, og opp gata kjem Issa - med Ramallah-synthen. Kvelden redda. Og so song og spelte dei, berre halvanna time etter programmet. Ingenting det, på midtaustentid.

 Middagen, smårettar, mixed grill og langbord, var etterfulgt av ein tur til Security Academy, der den offisielle feiringa var. Mykje god musikk, både palestinsk og norsk (Trondheimssolistane), og me vart møtt av militørmusikk. Mamma skvatt godt då ei av uniformene rette fram handa og helste - det var den joggeskokledde dabkha-læraren vår... Og dei ordna stolar, vatn, utsikt. Jøsses, kor godt ivaretekne me vert!

Det er moro å vera i Jeriko når dei feirar 10 000 år. Det er rart å tenkja på at det har vore folk i denne oasen heile denne tida - kanskje litt vekslande kor mange og kor vellukka, men bustader har det funnest her sidan isen dekka Noreg. Rart å tenkja på. Og rart å tenkja på at vår korte sivilisasjon, vår korte historie, har gitt oss ein so stabil kvardag i høve tilhøve her. "The landscape - and the political situation - makes it not boring to live here..."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar