laurdag 16. oktober 2010

Jerusalem

Her kjem siste (?) Palestina-innlegg i denne omgang, skrive litt på overtid:

Etter å ha venta på bussen, funne ut at bussen var bestilt ein dag seinare, bestilt bussen, og lasta i bussen, for me mot Jerusalem - i fyrste omgang. Seinare venta Lærdal, via Tel Aviv, Wien og Gardermoen. Det verka langt fram i tid - vel, det var langt fram i tid...

Gravkyrkja
Guiding i Jerusalem, det er ikkje gjort i ei handvending - særleg ikkje når det er 45 stk på slep etter to guidar som ikkje er heilt einige om kva som skal visast. Men me vandra no på Via Dolorosa, fekk sett Klagemuren og enda opp i Gravkyrkja, alt stappfullt, som det skal vera i Jerusalem. Heile tid klødde det i shoppefingrane hjå nokon og ein kvar, men det rakk me ikkje. Kvar einaste gong oppdagar ein det same - ein får for lite tid i Jerusalem. For også denne gong vart shopping nedprioritert, og folk kom heim med meir shekel enn dei hadde rekna med. Og også denne gong står Tempelhøgda med Klippemoskeen og Al Aqsa-moskeen uvitja. Ein gong skal eg dit og! Og også denne gong var Oljeberget og Getsemanehagen berre ein draum på andre sida av ein mur - me kom etter stengetid... Jaja, so har me noko å finna på neste gong me kjem og.
Jerusalem: Turistar, souvenirar, munkar og bakverk
The New Gate i kveldsskrud
Me sette oss til rettes på Jerusalem Panorama Hotel, eigd av familien til den eine (lett irriterande) guiden. Mat og kvile, det gjorde godt. Utsikt mot Gamlebyen i mørkret hadde me og. Og ved midnatt la me byen bak oss, og sette kursen mot Tel Aviv og Ben Gurion. 2,5 timar med køståing etter, var eg gjennom alle kontrollane, og berre vegen og tida låg mellom meg og Lærdal. Ei rar kjensle å forlata Palestina like lett som me kom inn, for for min del vart det lite ekstra sjekkar og spørsmål i høve det eg har vore borti før. Det er sant som dei seier, ingenting vert rutine i dette landet - ikkje ein gong når alt går enkelt og rutinemessig for seg.

32 timar etter at me forlot Hotel Intercontinental i Jeriko, plukka pappa oss opp på Ljøsne skule i Lærdal. Heime venta lasagne og brownie, og lyttande øyre som ikkje hadde alt for mykje i mot å høyra om eventyra våre. Og det var godt, for me har mange eventyr enno som ventar på å verta delte.

1 kommentar:

  1. Godt å ha deg tilbake i landet. Gleder meg til å høre mer om dine eventyr. Men først skal eg ut på mitt eget til Barcelona.

    SvarSlett