fredag 17. september 2010

Midnatt

Midnatt ein torsdag. Då er det mangt slag ein vil dela med verda. Eg prøver å fatta meg i kortheit, det er ikkje mi sterke side. På den andre sida kallar sengi, og den er verkeleg ei svak side hjå meg. So derfor:
- På tysdag ringte det ein seljar på døri og spurte om foreldra mine var heime. Eg sa som sant er at "dei er ikkje her." "Eg får komma att ein an dag då," sa seljaren. Eg lot vera å sei at dei antakeleg ikkje er her då heller.
- Eg sovna på lesesalen i dag. Då eg bråvakna spurte Janne om eg hadde sove. "Nei," svara eg, før eg kom på at eg hadde blitt kjefta på i eit kvarter fordi eg hadde rota vekk nøkkelen til Gimle, lagshuset. Sidan det berre var Janne der, og ho ikkje kjeftar for ting eg ikkje har gjort, må eg trekka attende påstanden. Eg sov.
- Førre veke var eg svært fornøgd med at eg klarte å skriva "encyclopaedic" rett. I dag oppdaga eg to t-ar i "consciousness".
- Har kjøpt plata til Gjermund Larsen Trio, Aurum. Sprang ned ei jente i troppi på Platekompaniet for å få gjort det. Beklagar.
- Har vore på Bergen Mandolinband på Victoria i kveld. Førre gong eg var der, vann Frida fotball. I kveld vann Janne cd. Kva med mi vinnarlukke?
- Eg lir av utbreidd lesesalsvegring for tida. Treng ein kur. Anyone?
- Bente minte meg om at om berre tre veker er me i Jeriko att. Panikk! Og litt lyst å skriva lister over ting eg uansett kjem til å gløyma.
- Eg har funne eit par forsvunne magemusklar denne veka. Angrar litt på tysdagens treningsøkt enno - men med vondt skal vondt fordrivast, eller noko slikt.
- No kom eg nettopp på at ein ny ligrettovaffeldate ventar i morgon, dermed dempa lesesalsvegringa seg, lysta til å sjå ein ny dag i møte auka drastisk, og eg kryp til sengs med "Granitt" på hjernen. G'natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar