søndag 12. september 2010

Janne i Musehagen

I vår tok eg bilete av Musehagen i vårsol, denne veka vart det Musehagen i haustsol. Med nytt fotoapparat og den siste (sikkre) somardagen ute, var det vanskeleg å roa seg inne på lesesalen fredag - faktisk besto mi tid på lesesalen av å ha inn sekken, ha inn nokre bibliotekbøker eg (antakeleg) ikkje treng, og å henta sekken min att. (Dersom mamma eller andre vaksne og fornuftige folk les dette kan eg trøysta med at eg tok det att med nokre timar lesesalstid laurdag). Eit resultat av vandringa i den blømande hagen, vart dette biletet av Janne, og sjølv om det må ein del øving til før eg er proff, er eg nøgd med det. For har ein Janne - som tek seg pause berre fordi eg er skulelei - og sol, då har ein eigentleg det ein treng for å få ein fin føremiddag.

1 kommentar:

  1. Nei nei, da ska helle vera: Ha ein Mari - so teke seg pause fordi eg ha lesesalsvegring - og sol, so ha ein da som trengst for ein fin føremiddag:)

    SvarSlett