laurdag 16. august 2008

Paradis

Eg veit kor paradis er. Det ligg 975 meter over Aurlandsfjorden, og inneheld mellom anna ein livleg storfamilie, 68 geiter, ein bukk med so lang pannelugg at eg tvilar på han ser damene sine, eit par hestar som stikk av med ein gong dei får sjansen, og ein hund som helst vil jaga stein.

Andre kjenner kanskje paradis betre som Øystølen, fjellstølen til Skjerdal. Der flyg dagane avstad i eit renn av oppgåver og leik. Der startar morgonane med mjølking og vaksing av bøtter og folk i elvi. Der er det nyrørde blåbær og mjuk brimost til alle måltid, og utedoen har verdas flottaste utsikt. Der er det dammar til pinnebåtar, og dyr ein kan varma seg på i hustrige morgontimar. Det brenn alltid i grua under kjelen, og ein sovnar i skinet frå stearinlys. Der får mjuke hender vassblemmer, og gamle blad vert lesne om att. Der vert kroppen sliten, men hovudet får nye krefter. Me er fleire som må ein tur til paradis på jord før året kan byrja på nytt - og me er mange som er takksame for at nokon (Harald morbror og Anne Karin) orkar å halda liv i stølen og opna den for oss andre.

Paradis er fullt av tradisjonar. Slik gjorde bestemor det, slik gjer me det. Nokre nyskapingar er det, men at osten skal eltast slik me såg bestemor gjera det eller at sengeteppet med dei blå og raude lappane skal ligga i køyesenga, det er det ikkje tvil om. Heller ikkje at her har alle sjansen til å bidra - sjølv om bestemor fekk til "alt" sjølv var det alltid rom for oss. Og slik er det enno - åtteåringen står opp til mjølking halv sju, medan trettenåringen går etter vatn. Fjortenåringen plukkar blåbær, attenåringen kløvjar ved, tjuetoåringen friskar oppatt lærdommen om ysting av kvitost. Saman med dei vaksne sit dei og ser utover stølen i morgontimane ein laurdag i august, ventar på at dei siste geitene skal innfinna seg til mjølking, og nynnar:

I think to myself, what a wonderful world


(bilete: Johanne og geita Mariell. Osteaskar over kjelen. Chili (hest), Gråmor (geit), Raui (hest), selet, geiteflokken, Anne Karin, Harald, Jon, Stina, Maia (hund) og eg.)

3 kommentarer:

  1. For et nydelig innlegg.
    Er du tilbake i byn no?
    Om du fant en tannbørste på rommet eller badet ditt som ikkje er di, så er det kanskje mi...
    Vi sees snart.
    Klar for Titanic?

    SvarSlett
  2. Uff, Titanic...
    No er eg attende i byen ja, og ja, det ligg diverse tannkostar på badet. Du kan få lov å komma opp å bruka den ein dag :-)

    Elles takkar eg for gode attendemeldingar, som det heiter :-)

    SvarSlett